Gå til hovedinnhold

Innlegg

Ut av Blindern-bobla, om rektorvalget ved UiO

Skal Universitetet i Oslo bli ein viktig samfunnsinstitusjon, må rektor heve stemma. ( Denne kommentaren står på trykk i Dag og Tid denne veka). Rektorvalkampen skadar Universitetet i Oslo (UiO) sitt omdøme, skreiv studentavisa Universitas sist veke. Dette viser ei undersøking som kosta 450 000 kroner og var utført av verdas største kommunikasjonsbyrå, Burston-Marstellers, på oppdrag frå universitetet sjølv. Burston-Marstellers hjelper oppdragsgivarar å få gjennomslag, står det på nettsida deira, gode råd har lov å vere dyre, og når den svertande rektorvalgkampen i disse tider atter ein gong skal rulle over Blindern, er det viktig å vakte sine steg. * Midten av denne kommentaren er klipt bort og ligg ikkje her på bloggen. Dette er kun ein reklamesnutt. Heile kommentaren kan lesast i avisa. * Hev stemma Runde ord og vendingar er fint å høyre på, men er ikkje godt materiale for konstruktiv debatt og gjenreising av UiO som ein viktig samfunnsinstitusjon. UiO har rundt 30 000 studentar ...

Trikken - eg elskar deg

Eg elskar å reise med trikk, men trikken elskar ikkje alltid meg. Av og til er trikken veldig sein, og eg rekk ikkje t-banen, og av og til er det straumbrot og snø, og eg ryk uklar med trikken kavande i snø og mørke på veg i ein eller anna retning der trikken ikkje har samarbeidstilbod for øyeblikket. Men idag venta trikken på meg. Den køyrde litt framover frå stoppet på Birkelunden, så stansa den og opna døra så eg kunne gå på. Takk, gentleman, sa eg til trikkeføraren. Dette var sjelden vare frå ein trikk. Vanlegvis køyrer dei berre avstad. Når du sit på t-banen eller trikken, er du under huda på Oslo. Det er då du virkelig i byen, i blodet, føler deg urban. Eg er ein svoren trikk og t-baneelskar, og hadde det ikkje vore for at ein av og til har litt dårleg tid, kunne dei gjerne vore forsinka heile tida for min del. Eg hatar stress og mas. Vår tid er smekk full av begge deler, og av og til vurderer eg å ta ei tidsmaskin. Då tek eg gjerne trikken. Trikken er full av folk og lukter og l...

Det står ein varulv uti gangen, mor lille hau hau!

I say: ja I say: ein varulv I say: utanfor døra I say: !!! I say: han kjem for å slipe tennene sine på trusene mine! I say: ka skal ein gjere! arve says: gud hjelpe...... I say: er han ein truseslipande truseslusar eller ein truseetande trusesnusar I say: spør du, spør eg! I say: spør vi alle ihop I say: nei ditta gårkje lenger I say: I say: cut the crap I say: HERRE! ver meg nådig. her i trusesliperhimmelen I say: øks. neeeei ikkje øksa I say: haha I say: ØØØØKS I say: hohoho!!!

To år sidan bunadsdebatten!

Imorgon, 26.februar 2009, er det to år sidan bunadsdebatten starta i Sogn og Fjordane. Kick off var dette innlegget , og eg kosar meg med det den dag i dag. Eg må sant å seie innrømme at denne debatten har skaffa meg ei rekke nye vener i fjordfylket, samt også ei rekke surpompar som ikkje tåler trynet mitt, men desse sure merkar eg lite til. Det eg derimot merkar noko til, er dei interessante bekjentskapa der ute, og alle dei interessante samtalane eg aldri i verda hadde fått med folk frå Sogn og Fjordane om det ikkje var for bunadsinnlegget. Og dette seier eg ikkje for å vise musklar eller for å ta hevn, men fordi det er sant. Responsen blant politikarar og andre tyder på at dette er noko som er viktig å ta tak i. Det har blitt meir og meir klart for meg at her er det utrulig mange kule folk, og det hadde eg ikkje visst/ desse hadde eg ikkje blitt kjend med, hadde eg ikkje skrive dette innlegget. Krake søker make, og det er mange som meiner som meg. Og dei er ikkje verken kjipe eller ...

Ut av bobla

Idag var det første møtet mellom dei to rektorkandidatane ved Universitetet i Oslo. Begge peika på viktigheten av å vere synlige, og av å vere ein viktig samfunnsaktør, men ingen av dei var spesielt konkrete på kva dei vil. Dei vil gjere bra ting, ha gode forhold for studentar og forskning, men kva betyr det i praksis? Då kom eg på denne saka som eg skreiv som journalist i Universitas, back in the days. Ut av bobla. Eg trur ikkje det er så dumt å tenke på kva rolle ein vil innta, og at ein som rektor deltek i samfunnsdebatten. Ikkje lat det vere sant som Rune Slagstad seier , at dei utydelige er på veg oppover stigen i akademia. Dei som ikkje bryr seg om anna enn karriere. (Og ja, eg veit at begge rektorkandidatane alt har gjort karriere, men no tek dei atter eit steg/ prøver å ta atter eit steg og det krev at dei maktar å sei andre ting enn ukonkrete ja og amen til kvalitet og utvikling).