Gå til hovedinnhold

Innlegg

Alle mine venner er superhelter

er navnet på ei bok eg tilfeldigvis plukka med meg på Tekstallianse for ein billig penge. Forfattaren er Andrew Kafuman, og boka handling sirklar rundt Tom som på bryllupsdagen blei usynlig for kona si, Den som gjør alt perfekt. Alle karakterane i boka, unntatt Tom, er superheltar og ber navnet til superhelteigenskapen sin: dei har kokt ned alle sine trekk og evner til eit ord som karakteriserer personen, og som det ikkje ein gong er sikkert at dei liker sjølv. I boka finn vi personen Fjeset , som er den vakraste alle har sett, men som ingen kan beskrive. Når ho spør folk korleis ho ser ut, kan ingen svare. Dei kan berre sei at ho er vakker. Når ho skal teikne seg sjølv, maktar ho ikkje sette ein einaste strek på papiret. Ho leverer inn eit blankt ark som besvarelse på skulen, og får beste karakter og blir genierklært. Deretter syr ho seg ei hette og har gått med denne over hovudet sidan. I boka finst også personen Den motsatte. " Hver gang du tar den motsatte i hånden, flimrer...

Feminismens utfordringer: Det er på tide at unge feminister tar ett oppgjør med åttitallstraumene som preger Råtekst-generasjonen

Trykk på bildene og dei blir store og lesbare. Dette essayet av Preben Z Møller stod på trykk i Klassekampen 24.august 2009. Gjengitt med tillatelse.

Tekstallianse

Eg må berre sei at det var heilt genialt på Tekstallianse på litteraturhuset igår. Eg grabba med meg ei mengde med publikasjonar, kjente og for meg ukjente, og har lese ein del, men enda langt fra alt og det er ekstremt morsomt å sjå kva som beveger seg der ute, av stemmer og former og format og bilder og tekst. Bra jobba. Om kuer Deng ei ku, vinn kred, og denger du ikke hardt nok, er du ei pingle og det sier alt om deg. AV Les tidsskriftet Jeg!

Ønsker seg intellektuelle kommentatorer i dei store mediene

av og til lurer eg, sånn heilt spontant, eller heile tida, på: kvifor er det dei minst interessante menneska, eller mest simpelt vulgære, i landet som skriver debattstoff i dei store papiravisene? Er det eit teikn? Eit teikn på eit skip som synker så innihampen kjapt? Lat oss håpe det. Lat oss håpe det snart er over. RIP. Forslag til følgjetong: (mediastuntet til ein liten del av Aschehoug-folket på hagefesten til veka): Del en: Tone og Aksel Hennie står fram! (ergo må også vi stå fram) Del to: Forfatterdebutanter 2009 står fram! Del tre: Tone og Aksel Hennie står fram en gang til. Del fire: Forfatterdebutanter står fram som gjeddefiskere. Del fem: Merete Morken Andersen, nylig avtroppa sjef for Forfatterskolen, står frem som Aksel Hennie Del seks: Aksel Hennie står frem som gjeddefisker. Del sju: Tone står frem som gjedde Del åtte: Gjedda benekter å ha noe med Aksel Hennie å gjøre. Del ni: Gjedde drept av forfatterdebutanter 2009. Del ti: Merete Morken Ander...

Glitterfitter - øyeblikksbilder frå unge kvinner i mi samtid

Eg har begynt å lese boka Glitterfitter. Til no har eg lese dei seks første, pluss forordet. Min konklusjon er dessverre nedslåande all den tid eg var begeistra for redaktøranes refleksjonar rundt boka i VG. Eg får ikkje heilt tak på kva ein vil sei, men eg får tak på ei rekke assosiasjonsrekker som kan tolkast, og som fortel meg om kva som foregår inni hovudet på dei som skriv. Tekstane er spegl på kva unge kvinner i tjueåra tenker om det å vere kvinne, ergo gode tidsbilder, og kan slik sett ikkje avvisast - men ein har gjort seg sjølv ei bjørnetjeneste ved å la lange uredigerte uferdige tekstar kjede lesaren side opp og side ned. Det er også vanskelig å forstå kva ein vil sei all den tid det heile er lite konkret, og meir framstår som tankerekker: masse ord og utmaling og utbrodering. Spesielt slår Julie Rylands tekst meg som i overkant lang med tanke på kva ho har å melde. Teksten har mange interessante refleksjonar, og eg syns på mange måter den var god, men skribenten har behov fo...

Feminister i trusekamp: hårsår på trusekanten.

Trusedebatten går i disse dager heit i Dagbladet og VG. Glitterfitte-redaktørane skreiv i VG at dei har bytta ut sloggi-trusene med truser kjøpt hos Victoria's Secret. Dette får Fett-redaktør Charlotte Myrbråten til å gå ut i Dagbladet , der ho " mener det er for mye fokus på det glamorøse, og viser til redaktørene Sigrid Bonde Tusvik og Gunnhild Magnussens uttalelse om at de har byttet ut Sloggi-truser med undertøy fra Victoria?s Secret. - Det blir bare et fengende slagord, litt ukebladaktig, sier Myrbråten. - Selvsagt kan alle få gå med de trusene de vil. Dette er igjen myter om at feminister bare går med bomullsundertøy, og det er ikke sånn, sier Myrbråten, (...) Men ærlig talt da, damer. Er det truser feminisme skal handle om? Ein må ha litt sjølvironi også. Eg for min del ligger nærmare Victoria's Secret enn sloggi i mitt trusevalg, og det har eg da også tenkt å gjere. Å kalle utspelet til Glitterfitte-damene for ukebladaktig, er å trekke det vel langt. Det hadde vore...

Hjorthen vil erstatte Aurdal med Drusilla.

.. så vi slepp flauheter i Dagbladets spalter. Well, vi er inni hampen mange som er enige med deg, Hjorthen. Er det mulig å være enig med alle parter i en debatt? Og kamikaze ytrer kloke ord om flauhetene: "Det Anne Viken kritiserer er retorikken, som hun opplever som snever og aggressiv, og dette er et inntrykk jeg deler. Martine Aurdals svar til Anne Viken er et utmerket eksempel på dette."