Gå til hovedinnhold

Innlegg

Det er ein grunn til at folk ikkje vil bu på bygda. Bygd må reise seg mot by og forlange respekt!

Det er mykje vi må gape over i det offentlege rom. Vi må godta ei lang rekke vulgære aviskommentatorar som skriv og tenkjer i flokk, ei presse som plagar oss med sitt synkande nivå, og no også politikarar til høgre for midten som helst vil trøkke oss tilbake til ei privatisert steinalderutgava av velferdsstaten. Men verst av alt: Distrikts-Noreg må godta at Oslo og medieeliten i hovudstaden tilsynelatande ikkje ser ut til å forstå at mesteparten av folket i dette landet lever utanfor den berømte Ring 3. Blir skremt av å lese Firda Men problemet er også at folk i Distrikts-Noreg sjølve skaper eit taparbilete av seg sjølv. Eg les avisa Firda på eavis av den enkle årsaka at nettavisa firda.no i det siste har vore så full av pølsekøvold og lokale sportstriumfar at ein stakkar får lyst til å ringe inn ei klage til redaksjonen kvar einaste dag. Og det var då eg opna eavisa, som er ei elektronisk utgåve av papiravisa, at eg skjønte kvifor sakene eg her fann ikkje ligg fritt ...

Den økologiske bløffen - del to

Min kommentar i Klassekampen om økologisk landbruk har skapt bølger i dei økologiske sinn. Ikkje uventa. Dette er eit tema som engasjerer, og det bør det også gjere, men å trekke det så langt som å stille spørsmålsteikn ved om eg, som er kritisk til økolandbruk, er ødelagt av blogging slik Svein Anders Noer Lier spør seg på lesarbrev i Klassekampen som ein respons på mitt motsvar mot lesarinnlegg i etterkant av kommentaren , er å trekke det heilt ut av kontekst og saklighet, og slik sett er Noer Lier i tråd med økolandbruket generelt. Økologisk landbruk handlar i hovudsak om dette: ideologi, følelser, forbrukertrender og markedstrender. Det er liten tvil om, etter å ha lese motinnlegga mot min forskningsbaserte kommentar i kk, at dei som er uenige med meg, mest av alt føler, slik som Noer Lier, men eg kan ta meg tid til å svare han her på bloggen. Årsaka er at kunnskapen rundt kva som er økologisk i praksis og kva som er økologisk på papiret, er ganske så teori og regelbegrunna. Lat m...

Økologisk må bli økologisk

leserbrev trykt i Klassekampen 23.september 2009 som svar på to motinnlegg mot min kommentar Økologisk merkevarebløff i same avis 5.september. Eg er pro økolandbruk, men ikkje pro eit økolandbruk som framstiller seg som meir økologisk enn kva det er. Årsaka er at ein då lurer forbrukaren til å tru at han kjøper eit produkt som bidreg positivt til miljøet, medan dette ikkje nødvendigvis er realiteten. Ein er fornøgd og let vere å stille krav om reelle økologiske produkt. På denne måten blir økomat kontraproduktiv: ein trur at den har ein effekt som ikkje er der og forbrukaren blir ein passiv konsument av ei merkevare som er godt meint men som ikkje er særlig effektfull med tanke på målet. Krava til kva som kan kallast økologisk er kort sagt for slakke. "Ønsker vi å prioritere bærekraftighet framfor kortsiktighet, representerer økologisk matproduksjon et steg i riktig retning", skriv Christian Bianchi Strømme på lesarbrevplass i Klassekampen. Ja, dette er eg einig i. Probleme...

Fryktar at kanin kan hoppe på elva,

melder Firda. Ein liten lysebrun kanin har i fleire dagar halde Førde sentrum i spenning. Folk vågar ikkje lenger gå ut i frykt for kaninen. Dyrebeskyttelsen har lagt ut fleire handgranatar på strategiske stadar, men så langt har dei ikkje lukkast å få has på kaninbeistet, melder Firda.

Glitterfeminisme

Anne Viken anmelder boka Glitterfitter, og samtaler med programleder Sigrid Krohn Eide om sommerens feminismedebatt på radio rakel fm 99,3. Høyr anmeldelsen her.

kvinner og menn og kjærlighet

Tilby tilbakeflyttarar jobb før de set i gang krisetiltak, Sogn og Fjordane

1) Sogn og Fjordane tilbyr tilbakeflyttarar deltidsjobbar og brøkstillingar. Dette er ikkje godt nok, skriv Firda. Ergo kjem ikkje folk heim. 2) Ei anna sak omtaler heile 130 søkarar på ni fulltidsstillingar ved eit avlastningssenter som skal opnast i Eikefjorden. Konklusjon: Det er ikkje mangel på folk som ønsker seg arbeid. Å skaffe seg arbeid derimot, er ikkje gjort i ei handvending. Problemet er ikkje at folk ikkje vil ha jobb, men at der ikkje ER jobbar. MEN. Det ein tenker på er, heller enn å mekke jobbar, KRISETILTAK: Arbeidarpartiet meiner derfor at ein no må vurdere om unge som vil flytte til Sogn og Fjordane skal få omgjort studielån til stipend, og at landbruket skal få særordningar slik som i Nord-Norge. Det seier stortingskandidat for AP, Ingrid Heggø. Men seriøst. Begynn i riktig ende: skaff folk mulighet til å få seg ein jobb før de tilbyr dei nedbetaling av studielånet. Dei flest mennesker med høgare utdanning maktar å betale ned studielånet. Utfordringa er å skaffe se...