Gå til hovedinnhold

Det er ein grunn til at folk ikkje vil bu på bygda. Bygd må reise seg mot by og forlange respekt!

Det er mykje vi må gape over i det offentlege rom. Vi må godta ei lang rekke vulgære aviskommentatorar som skriv og tenkjer i flokk, ei presse som plagar oss med sitt synkande nivå, og no også politikarar til høgre for midten som helst vil trøkke oss tilbake til ei privatisert steinalderutgava av velferdsstaten.

Men verst av alt: Distrikts-Noreg må godta at Oslo og medieeliten i hovudstaden tilsynelatande ikkje ser ut til å forstå at mesteparten av folket i dette landet lever utanfor den berømte Ring 3.


Blir skremt av å lese Firda


Men problemet er også at folk i Distrikts-Noreg sjølve skaper eit taparbilete av seg sjølv. Eg les avisa Firda på eavis av den enkle årsaka at nettavisa firda.no i det siste har vore så full av pølsekøvold og lokale sportstriumfar at ein stakkar får lyst til å ringe inn ei klage til redaksjonen kvar einaste dag. Og det var då eg opna eavisa, som er ei elektronisk utgåve av papiravisa, at eg skjønte kvifor sakene eg her fann ikkje ligg fritt tilgjengelege på firda.no.


Eg blei plassert til ei verkelegheit eg helst ikkje vil vite noko om, verkelegheita på bygda slik Firda framstiller den. Undergang og drift mot stupet. Hjelp, tenkjer eg. Er det difor desse sakene ikkje ligg på nett, fordi dei ikkje skal skremme oss frå å flytte heim?


Ikkje flytt heim


«Ikkje flytt heim.» Meldinga er klinkande klar. Den kjem frå profilerte næringslivsfolk i Sogn og Fjordane som er har tala med. Men eg får ikkje sitera dei på det. ”Her går det nedover, sjølv om vi prøver å halde motet oppe”, seier dei og klør seg i skallen, dei også. Og vidare: «Kva skal du flytte hit etter? Her er ingenting å drive med for deg.» Men utad, i avisene, seier dei det motsette.


Men les du Aftenpostens LEVE-magasin får du ei anna skildring av Distrikts-Noreg. Dei kjem på eksklusiv fly inn – fly ut reportasjebesøk til Sogn for å fortelje deg gladhistoriene om alle dei urbane kjekkasane frå Grünerløkka som har flytta dit der dei sleper bakkeskia sine opp stupbratte juv og er sexy eplebønder med halvlangt hår og brun hud på toppen av eit fjell.


Men eg trur meir på Firda enn på LEVE-magasinet. Lat meg ta eit eksempel. I Firda kunne ein lesa om innbyggjarane i Skorvemarka i Askvoll som har vore utan mobildekning i eit år. I tillegg har dei ustabil fasttelefondekning som gjer at dei føler seg utrygge om dei blir sjuke. Eg kunna ha kome med ei lang rekke andre eksempel. Kva er dette slags distriktspolitikk?


Fjøsbloggar


Senterpartiet lova breiband til alle i heile landet til lik pris i løpet av 2007, men i 2008 sat eg, som sjølvstendig næringsdrivande journalist, i tre månader iført termodress på eit kontor i eit iskaldt fjøs. Huset mangla breiband medan fjøsen absurd nok hadde dekning.


Den vittige historia om fjøsbloggaren Anne Viken gjekk ut på riksdekkjande medium, og mine kollegaer i Oslo lo seg skakke. Nok ei munter historie frå bygda var servert. Eg beit tenna saman og godtok arbeidsforholda, spytta fluger av kaffien, skreiv reportasjar og tente meir på ein månad enn ein vanleg bonde på tre.


Det er ein grunn til at folk ikkje vil bu på bygda. Bygd må reise seg mot by og forlange respekt: vi godtek ikkje vanstyret lenger. Toleransen for nivået på norsk distriktspolitikk må snart ta slutt.


Kommentaren står på trykk i Dag og Tid 25.september 2009

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...