Gå til hovedinnhold

Innlegg

Intervju om feminisme: kva er vi ueinige om ??

Spørsmåla i denne bloggposten vart stilt til meg sjølv og Anne Bitsch på bakgrunn av debatten mellom oss i Aftenposten sommaren 2009 Intervjuet er på trykk i Fett nr 1, 2010 , og der kan du også lese Bitsch sine svar. I denne bloggposten ligg kun mine. Les Bitsch sin kronikk "Når biologi blir skjebne" og mitt lesarbrev "Feminister som vedheng" , som var eit svar på denne kronikken. Desse to innlegga er bakgrunnen for at Fett stilte spørsmåla under. 1) Du har skrevet og uttalt deg om feministiske tema, som feminist, i mange forskjellige sammenhenger, men er også aktiv som skribent, debattant og fagperson om andre tema. En kan selvfølgelig legge til grunn en samfunnsanalyse som sier at kjønn og kjønnsmakt er en grunnleggende faktor for alle samfunnsmessige relasjoner, men rent praktisk: Hvilke spørsmål i dag mener du angår feminismen særskilt, og hvilke engasjerer du deg mest i? (Og selvfølgelig: Hvorfor det?) Eg er opptatt av er at feminismen må vere og framstå so...

Opphev odelsretten!!?

No i påska har vi fått eit slikt forskningsspørreskjema frå Bygdeforskning , det er skikkelig omfattande og skal svarast på i detalj. Eit av spørsmåla var: fører utviklinga i landbruket til at folk kvir seg for å overta garden? Svaret er sjølvsagt. Det er JAAAAAAA! Eit anna spørsmål var: bør odelsretten opphevast?? Svaret er JAAAAAAA. I den forbindelse postar eg her ein kronikk som er trykt i siste utgåve av Bygdeungdommen , som blir utgitt av Norsk Bygdeungdomslag , signert underteikna, og skriven på bestilling frå Bygdeungdommen, tema valgfritt. Opphev odelsretten For nokre få år sidan vart det i regi av Norges Bygdekvinnelag ringt rundt til eigarar av fråflytta gardar på Veitastrond i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Spørsmålet var om nokon av desse kunne tenke seg å selge garden. Årsaka til at ein ringde, er at mange var på utkikk etter ein gard, men gardar var vanskelige å få tak i. På same tid stod ei rekke gardar tomme. Luster ønskte seg også fleire tilflyttarar, og m...

No skal Clara Øberg starte annonsegransking

Denne annonsen skal no granskast, melder NRK . Det er Clara Øberg som ønsker granskning. Ja, kvifor ikkje bruke litt ressursar på å granske ei annonse. De har jo berre fått høyre at heile styret er eit terrorvelde, sjukehuset er drive på ein vanvittig måte og det er potensielt mulig at haugevis av ting og tang blir lagt ned - gud veit kva, eg orker ikkje følge med på alt. Og så skal de granske ei lita annonse? Kva med å sette inn energien der den heilt tydelig trengs? God påske.... zzzz .

Portrettintervju med Line Konstali i Klassekampen 27.mars

Trykk på bildene og dei blir store og leselige. Konstali er forfattar av boka "Ikke bare mamma",

Død feminisme

Klikk på artikkelen og den blir stor og leselig eller les teksten under her: Signert-artikkel frå Klassekampen 27.mars 2010. «De hardtslående alfahunnene synest først og fremst å invitere til politisk catfight, til latterliggjøring av de mange kvinnene som i dag oppfatter feminismen som en avleggs ideologi i vårt likestilte samfunn», skreiv Tor Dishington Johansen i omtalen av boka «Bråk» av Inngunn Yssen og Marie Simonsen i Bergens Tidende 15. mars. Men det er ikkje det Yssen og Simonsen trur at vi trur som er avleggs. Det som er avleggs er å fronte likestillingskampen med aggressiv retorikk, slik Simonsen og Yssen gjer. Den sinte retorikken er ikkje gangbar – om ein vil nå ut og ikkje berre skremme folk vekk, vel å merke. Men Yssen og Simonsen vil ikkje nå ut, med mindre det å vere i mediene er å nå ut. Men i det papiravisenes morgonutgåver klaskar i kjøkkenbordet, møter dei to sinte damene ein vegg. Vi er lei av negativiteten. Men dette bryr dei seg neppe om. Simonsen og Yssen frams...

Søker sommerjobb som dyrlege

Har fordypning hestemedisin og er ein rakker på å køyre bil. Vil helst ha kombipraksis stordyr/ hest. Sikkert ikkje mange arbeidsgivere som leser denne bloggen, men uansett. Det er eit faktum at jobb søkes. .