Gå til hovedinnhold

Intervju om feminisme: kva er vi ueinige om ??

Spørsmåla i denne bloggposten vart stilt til meg sjølv og Anne Bitsch på bakgrunn av debatten mellom oss i Aftenposten sommaren 2009 Intervjuet er på trykk i Fett nr 1, 2010, og der kan du også lese Bitsch sine svar. I denne bloggposten ligg kun mine.

Les Bitsch sin kronikk "Når biologi blir skjebne" og mitt lesarbrev "Feminister som vedheng", som var eit svar på denne kronikken. Desse to innlegga er bakgrunnen for at Fett stilte spørsmåla under.


1) Du har skrevet og uttalt deg om feministiske tema, som feminist, i mange forskjellige sammenhenger, men er også aktiv som skribent, debattant og fagperson om andre tema. En kan selvfølgelig legge til grunn en samfunnsanalyse som sier at kjønn og kjønnsmakt er en grunnleggende faktor for alle samfunnsmessige relasjoner, men rent praktisk: Hvilke spørsmål i dag mener du angår feminismen særskilt, og hvilke engasjerer du deg mest i? (Og selvfølgelig: Hvorfor det?)




Eg er opptatt av er at feminismen må vere og framstå som ein inkluderande arena. Det er ein illusjon å tru at alle feministar, kvinner og menn, kjem til å delta i offentleg debatt, men per idag framstår feminisme i stor grad som ein akademisk disiplin monopolisert av nokre få stemmer. Dette fører i sin tur til at dei same innfallsvinklane og problemstillingane gjentek seg, og ei rekke tema og problemstillingar kjem aldri i fokus, og ikkje minst ei rekke stemmer kjem aldri fram. Det bør vere rom for stråkvinner i den offentlige debatten. Det er ikkje alltid dei som har lese mest, eller ropar høgast, som tenker dei mest originale tankane.


For meg handlar feminisme i stor grad om toleranse, men feminisme framstår som svært rigid med trange rammer. Dette skuldast i stor grad stemmene som fører debatten, og som slik gjer at mange ikkje kjenner seg verken att i problemstillingane eller gidd engasjere seg. Mange føler også at feminismen blir for teoretisk og strukturfokusert. Det er langt frå ideal til virkelighet og denne avstanden er vel neppe til å unngå, men igjen er vi tilbake på dette med mindre teoriorientering. Ser ein eksempelvis på Sirene-blad frå 70-talet og samanliknar dei med Fett idag, ser ein at feminismen då var meir praktisk orientert og langt meir "folkelig" enn det vi får inntrykk av at feminisme er idag. Dette med å snakke så folk forstår deg er ein kunst verdt å lære seg. Det handlar også om, vel å merke om feministar skal ta opp kampen for andre enn seg sjølv samt framstå som relevante aktørar og ikkje rein underhaldning, å lytte litt. Dette har eg inntrykk av at mange ikkje gjer. Avstanden mellom media og menigmann er svært stor. Denne avstanden ser også ut til å eksistere mellom offentlige feministar og "andre kvinner". Dermed når ein ikkje ut.





2) Debatten i høst handlet om feminismens fornyelse, men også om feminismens funksjon i offentligheten. Hvilken selvforståelse bør feminismen som bevegelse etterstrebe for å spille en mest mulig konstruktiv politisk rolle?



Eg er litt usikker på kva eg skal svare her, men inkluderande er kanskje eit ord å ta med, i fare for å gjenta meg sjølv. Oppfattar ein at ein jobbar på vegne av nokon, må ein lytte til kva denne "nokon" har å stri med og snakke i problemformuleringar som er gjenkjennelige utanfor "kretsen". Å bruke eit språk eller ei framstilling som kun få forstår eller forheld seg, er ein ekskluderande framgangsmåte, også omtalt som hersketeknikk, og marginaliserar både antal deltakarar og målgruppe. Dette er neppe ein tiltenkt konsekvens, men den er tydelig per idag i media. Igjen er vi tilbake til kor mange ein ønsker å nå ut til. Kvinner generelt eller vil ein ha kred i eigen krets? Enkelte profilerte feministar framstå utvilsomt som det siste. Slik ødelegg dei for feminismen som vert oppfatta som både aggressiv, klubbprega og lite i tråd med virkeligheten. Ein sjølvforståelse motsatt av denne, kan vere ein stad å starte. Då vil gjerne fleire gidde å engasjere seg.



3) Det hefter en rekke posisjoner ved feminismen knyttet til spørsmål som tilsynelatende ikke gjelder kjønn, eller som gjelder kjønn, men hvor en ikke automatisk kan si hva som er den frigjørende «løsningen». Eksempler på dette kan være feminismens plassering på en tradisjonell venstre-høyre akse, hvor en kan anføre at feminismen tradisjonelt har vært knyttet til et sosialistisk ståsted, eller kvinners deltakelse i yrkeslivet, hvor noen særlig i de siste årene har pekt på at feminismen her går sosialdemokratiets ærend, ved å så å si tvinge alle ut i arbeid, selv om de ikke skulle ønske det. Du trenger ikke nødvendigvis forholde deg til disse to eksemplene, men er det enkelte slike « gamle posisjoner» du gjerne skulle sett utfordret, eller kanskje tvert om, er det noen du mener bør hegnes om, også av en ny feminisme?



Vanskelig spørsmål. Det kan framstå som at ein vil tvinge kvinner ut i arbeid, sjølv om dette ikkje er tilsikta. Valgfrihet er viktig, og dette er poengtert av feministar igjen og igjen. Kvinner må velge sjølv. Dette er viktig å bevare. Venstre-høgresideaksen kan med fordel brytast ned. Dette kunstige monopolet på begrepet "feminisme" virkar mot si hensikt.


Mange kvinner oppfatter ikkje seg sjølv som offer for strukturane, men som individ med frie valg. Ein kan med fordel gå bort frå offerrolla som ein stadig snakkar om, bevisst eller ubevisst, utan at ein går bort frå å jobbe mot eksempelvis problemet med ufrivillig deltid i helsesektoren eller lågare løn for kvinner enn menn, av den grunn. Ein må vise at ein forstår at du ikkje nødvendigvis er eit offer om du er heimeverande, deltidsarbeidande kvinne med konservative haldningar. Du kan vere eit menneske som i høg grad gjer eigne valg likevel. Sjølv om det for meg kan framstå som ufritt. Fridom kan også bli ei tvangstrøye som doggar brillene. Ein maktar kanskje ikkje kommunisere ut til desse damene all den tid dei oppfattar at feminismen kritiserer dei for deira eigne valg. Prega av kultur og miljø eller ikkje, like fullt opplever dei at dei har tatt frie valg i tråd med den identiteten dei har. Det er greit. (Dersom vi skal velge å vere så naive at vi trur at hundre prosent frie valg finst all den tid vi både er natur og kultur). Konservative verdiar er ikkje nødvendigvis eit problem for dei som lever i tråd med dei. I dette legg eg min oppfatning av at feminisme skal framstå som om dei taler alle kvinners sak, ikkje berre "nokre rettruande kvinners sak", og merk deg at eg skriv "framstå". Dette var kanskje litt diffust, men nokre refleksjonar. You can't win them all, men kan kanskje unngå at dei for alt i verden ikkje vil vedkjenne seg ordet "feminist". Då vil kanskje også jobben med å fremme likestilling bli enklare for alle partar. Kanskje.




4) Hvor og hvordan bør en god debatt mellom feminister finne sted om den skal være produktiv?


Den kan foregå på fleire arenaer. Offentlig i media, og i deloffentligheter som debattmøter og liknande. Eventuelt i tidsskrift som Fett. Korleis er eit godt spørsmål. Kanskje ved å invitere inn andre aktørar og spele på fleire av dei stemmene som eksisterar, ikkje alltid bruke dei same om og om igjen. Ta inn eksterne aktørar som ikkje nødvendigvis definerer seg som feministar men som jobbar tett på kvinner, eksempelvis frå helsesektoren, heimeverande husmødre frå distrikts-Norge eller kvinnelige fiskarar. Ein må få inn stemmer som bidreg til å jorde feminismen i praktiske kvardagslege problemstillingar. Eksempelvis kjem eg frå Sunnfjord. Der er mange tøffe damer som ikkje klarer relatere seg til feminisme. Den er ikkje noko dei kjenner seg att i, derimot har dei svært mange innspel til kva ein kan gjere som vil fremme likestilling, kvinners rolle og arbeidsliv/ familieliv. Ein må sjå utanfor sin eigen sirkel, noko som per idag vert gjort i liten grad, om nokon. Feminisme framstår som ei eiga gruppering for spesielt interesserte.


Min kommentar Død feminisme frå Klassekampen 27.mars 2010.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys