Gå til hovedinnhold

Innlegg

Dei som hatar kaffe latte/ Kaffe latte-hatet

Det er eit faktum at mange i utkantane hatar Oslo. Eventuelt fryktar Oslo. Eller noko. Kommentaren stod på trykk i Klassekampen som signert-artikkel 18.september 2010. Vite meir? Kvar finst Oslo-hatet? Svar: blant anna på origo.no sine nettdebattar og bloggar «For meg so virkar Anne godt forvirra. Ei stakkarsleg sjel som skal ta bøndene. (...) Nei Anne. Du sitter på kaffe og slurpar kaffe latte som resten av gjengen .» Steinar Hjartholm, bonde frå Sogn i debattråden «Anne Viken parkerer Tines reklamekampanje» på Kubonden sin blogg. Reaksjonen kom etter at eg skreiv eit par bloggpostar der eg påpeikte faktafeil i Tines pågåande reklamekampanje. Gjennom ei årrekke har eg skrive artiklar som tek opp markandsføringa av Sogn og Fjordane. Det tyngste argumentet mot meg har heile vegen vore at eg bur i Oslo. Det går igjen. Og eg kan ikkje klage på det. Eg må bite tennene saman. For korleis kan du forsvare deg, i ein debatt som handlar om noko heilt anna, mot påstanden «du bur i Oslo, ergo er ...

Tonje Glimmerdal

av Maria Parr er altså ei barnebok , men den er så kostelig genialt fantastisk skriven, og ordbruken så glitrande glimrande at det er aldeles erkebra på sitt aller erkebeste, og ærlig talt, les den sjølv om den er ei barnebok, for dette er fandenivoldsk fengslande, sjølv for vaksne. Kostelig morsomt Overraskande språkføring Glitrande ordvalg og vendingar Den språklege innpakninga er så genialt fandenivoldsk latterlig bra at det er fader meg umulig å beskrive. Les sjølv!

Moro

Nokre folk på nettforum skulle vore beskytta frå seg sjølv

Eg legg ut nokre private epostar eg får i forbindelse med Tine-debatten frå bonde Bergljot Buåsdal Hesvik. Sjå denne bloggposten for å sjå dei føregåande kommentarane. "viss eg har vore stygg i kjeften, så har eg tydelegvis “rørt noko ved deg”, men du har fått svar som du har gått fram sjølv, så enkelt er det! …flir…" "ein kvann som må vera gal…..huttetu….søk hjelp!" Berre til orientering. Slik opptrer altså denne bondekona når ho skal forsvare merkevara norsk landbruk. Det er dessverre ikkje mykje å respektere, men slik går det i demokratisk debatt: når alle som vil kan kome til orde. .

Vittige sitater frå nettdebatten om TINEs kampanje

Om talemåtar i debattforum på nettet. «Tullførkje kaller me sånne som Anne her i bygden. Har rota seg opp i et hjørne i kritikk og uppgulp og annet elende.» Oddgeir Grytdal, Nationens nettforum. Det er til tider svært underhaldande å delta i nettdebattar. Der finst ingen etikette, personangrep er ofte beste forsvar og til tider glir det ut i det utruligaste. Eg brøler tidvis av latter, tidvis ristar eg på hovudet. Det eg synst er underlig, er at ein trur at slike komiske kommentarer som dette bit på. Det er jo berre skrekkelig vittig! «eg registrerer at FRK. VIKEN (Anne Viken, journ.anm.) er ute med sine obsternasiske ord og vendingar – igjen…du er ei ungjente i høve meg, men fullt så gammal er eg no ikkje ennå, og tek dette med eit flir, men eg tykkjer det er synd på deg. No har du gått langt over den seriøse debattforumet dette kunne blitt, men hald fram du i din “frodige” stil ..eit råd til dykk andre, dette er ikkje verdigt for næringa eller bønder generelt, sandt og sei så vert de...

Kronikk i dagens BT om den store Tine-bløffen

På mjølkekartongar, ironisk nok under ein illustrasjon kalla «Kuforsamlingen på Eidsvoll», hevdar Tine at alle dei 242. 000 kyrne som mjølkar for Tine har rett til minst åtte veker sommarferie kvart år. Dette høyrest flott ut. Det er berre eitt problem: Påstanden om at alle Tines kyr har rett til åtte vekers sommarferie, er ikkje sann, og det er svært lett å tilbakevise. Eventuelt er det ein faktafeil som skuldast grov kunnskapsmangel hos den som har utforma reklamen. Les den her. .

Anne Viken bur i OSLO!!

Sidan eg begynte å skrive om norske utkantstrøk, eg kjem frå eit sjølv: BYGSTAD i Sogn og Fjordane, har den tyngste argumentasjonen MOT MIN ARGUMENTASJON vore dette Anne Viken bur i OSLO!!! Ja, for ein FORBRYTELSE det er å flytte til OSLO! Ingen av dei pappskallane som hevdar dette, har tenkt på det faktum at eg flytta til Oslo for å ta ein utdannelse, VETERINÆR, som ikkje går an å ta andre stadar i landet enn i OSLO. Ja, Anne Viken bur i Oslo for å ta forbryterske studier. Gud forby. Idiotien i argumentet slår seg sjølv i skallen. I kveld er det debatt på Litteraturhuset i Oslo (skrekk og gru, tenk det ligg i Oslo) klokka 19, samt på Dagsnytt atten. Debatten frå Litteraturhuset blir sendt på Afteposten-tv og på P2 .