20. sep. 2010

Dei som hatar kaffe latte/ Kaffe latte-hatet

Det er eit faktum at mange i utkantane hatar Oslo. Eventuelt fryktar Oslo. Eller noko.

Kommentaren stod på trykk i Klassekampen som signert-artikkel 18.september 2010.

Vite meir? Kvar finst Oslo-hatet? Svar: blant anna på origo.no sine nettdebattar og bloggar

«For meg so virkar Anne godt forvirra. Ei stakkarsleg sjel som skal ta bøndene. (...) Nei Anne. Du sitter på kaffe og slurpar kaffe latte som resten av gjengen.» Steinar Hjartholm, bonde frå Sogn i debattråden «Anne Viken parkerer Tines reklamekampanje» på Kubonden sin blogg. Reaksjonen kom etter at eg skreiv eit par bloggpostar der eg påpeikte faktafeil i Tines pågåande reklamekampanje.

Gjennom ei årrekke har eg skrive artiklar som tek opp markandsføringa av Sogn og Fjordane. Det tyngste argumentet mot meg har heile vegen vore at eg bur i Oslo. Det går igjen. Og eg kan ikkje klage på det. Eg må bite tennene saman. For korleis kan du forsvare deg, i ein debatt som handlar om noko heilt anna, mot påstanden «du bur i Oslo, ergo er du maktgalen og føler deg betre enn alle andre?» Og denne retorikken vert ikkje berre retta mot meg, men eg bruker eigne erfaringar som eksempel.

Så kva fortel dette oss?

Dette er det mange som har reagert på min Tine-kritikk, ikkje minst på Nationen sitt nettforum. Også her blir mine argument underslått ved at eg held til i Oslo, at eg drikk kaffe latte. Ja eg som sjølv kjem frå bygda må ha personlege problemer som kan finne på å kritisere Tine. Ein svikar. Det handlar ikkje om fakta eller meiningar, men om personlege eigenskapar og bustad. Om identitet.

Forakten for kaffe latte er noko som stadig kjem fram i debatten om bygda og byen. Det verkar som om mange simpelten hatar kaffe latte. Eller, det er ikkje kaffe latte dei hatar, men den urbane livsstilen den symboliserer. Her er kaffe latte-beskuldninga retta mot ein annan motdebattant enn meg:

«Jeg tror du kan holde deg vekk fra samtalen her Skogsrud du er en pest og en plage. Hva en avdanket filmprodusent fra Oslo har og bidra med blant bønder er de ingen som forstår.» Gunnar Hagen i debattråden «Tines løgnaktige produktreklame», og vidare: «Hallo Skogsrud, Nesegrusen kan du ha for deg sjøl og de samme med storbytaktene dine å er de slik at du mener at du har akademiske kvaliter som ikke finnes på landsbygda så tar du feil. Siden du sitter i Oslo så får du søke opp dine likesinnede dær istedet for og kverrulere på detteforumet her. Men de er lett å se at du bløffer om dine verditanker for utifra de du skriver så er de og finne i storbyen.»

Lat oss kikke på Liv Signe Navarsete (Sp) sin kronikken «Lagspel, ikkje krangel» i Aftenposten 14.september: «På nyåret reiste eg ein debatt om motmakt og regional utvikling. Ikkje for å nøre opp under hat eller hauste enkel støtte. Det var eit forsøk på å løfte debatten om kva slags samfunn Noreg skal vere om nokre tiår, og kva som er sentrale utviklingstrekk no. Då må me ta stilling til maktopphoping og haldningar i maktmiljø i Oslo.»

Det er altså sentrum som skal ta eit handlingsoppgjer, men skal ein få til dette «lagspelet» som Navarsete snakkar om, er ein avhengig av å innsjå at ein også treng haldningsendringar lokalt. Ein treng gjensidig respekt og vilje til lagspel. Ein respekt og ein vilje som per dags dato i stor grad ikkje eksisterar, iallefall ikkje om du konfronterar grasrota lokalt utanom ministerbesøk. Det er langt fleire enn meg, ein utflytta sunnfjording, som er møkk lei av å bli stempla fordi ein bur i Oslo. I Norge er det fortsatt eit mantra som seier at alle skal kunne bu der dei vil. Dette må også inkludere Oslo.

Eg er så drit lei av argumentet «Anne Viken bur i Oslo». Like fullt meiner mange at dette er eit legitimt argument. Når ein ikkje har anna å kome med, er «Oslo» eit argument å trekke fram. Då har ein rabalderet gåande i vekesvis.

Den politisk korrekte lovprisinga av utkantane er nesten religiøs. Det er ei heilag ku, men å hakke på folk fordi dei bur i Oslo, er heilt ok. Dei mektige må tåle bank, og med i kverna går vi alle mann og kvinner. Oslotåka senkar seg, og den ligg tungt.

Det er også lite truleg at Navarsete ikkje kjenner til skepsisen som tidvis, og ja, det vil eg påstå, tippar over i eit hat mot Oslo, men politikk handlar som kjent ikkje alltid om å få fram fakta, men om å konstruere ei verdsoppfatning.

For min del blir det vanskelig å kome unna stempelet som maktgal utflytting. Eg ber Oslos gamle namn, Viken, men dette argumentet er det, underlig nok, ingen som har kome på.

Anne V, journalist frå Sogn og Fjordane, busett i Oslo og med svært liten respekt for den typen retorikk som eg har vist til i denne kommentaren.

.