Gå til hovedinnhold

Innlegg

Bur for verpehøner framleis lov i Norge

I januar skreiv norske medier ei rekke saker om at no var bur blitt forbode for verpehøner i Norge. Dette var ein faktafeil. Norske verpehøner står framleis i bur, men i ein an type bur enn før. Sjekk bilete av bura her. Merk deg bilettekstane til burbileta: "hønene kosar seg", står det under dette biletet. Alle bileta er henta frå linken over. Og denne bodskapen, hønene kosar seg, greidde fjørfebransjen og Fjørfelaget lure mediene med på. Dermed fekk vi saker på trykk av denne typen: bur forbode for verpehøner i Norge. Men norske verpehøner står i bur den dag i dag. Eller kva vil du omtale installasjonen på biletet over som? Biletet under: det første her viser då altså reiret for høner i bur. Skikkelig flott reir, eller kva?  Biletet under viser då altså strøbadet hønene i dei nye bura får tilbod om. Denne måten å halde høner på er flott, ifølge fjørfelaget. Kva seier det oss om fjørfelagets syn på dyrevelferd? Spørsmålet er tabu å stille, men det er ganske ty...

Google translate meiner at kvinner bør vaske huset, kler og ta oppvasken sjølv om ein skriv inn at det er ein mann som gjer det.

Klikk på bileta og dei blir store og leselege. Så ser du korleis google translate overset!!

Min verste datingopplevelse

Siden folk skriv om jogging og sånt på sosiale medier, skriv eg om min verste datingopplevelse. Satt på kjøkkenet med denne karen og tok en pils da eksen kom inn, slo han ned tre gonger, knuste ei rekke glasboksar som stod på disken på kjøkkenet, slo inn to vindu + ei dør og kjørte over gressklippern med bilen før ho stakk. Hell hath no fury like a woman scorned. Dating er gøy.

Liker du gode aviser og god musikk?

Det er sjeldan eg driv reklame, men idag er eit unntak. Om du ønsker å skaffe deg ei god avis som serverer kvalitetslesestoff, gode saker og stoff du ikkje finn andre stader, send DT3V til 2007 så får du tre veker gratis avisa Dag og Tid . Dag og Tid er ei kvalitetsavis som kjem ein gong i veka på nynorsk. Og så litt god musikk. God helg!

Slaktekylling skal få "betra velferd" gjennom å stå stadig trangare, seier Fjørfelaget

- Vi skal forbedre dyrevelferden i fjørfenæringen, seier leiar i Fjørfelaget, David Koht Nordbye, og argumenterer i same andedrag for å auke antalet kilo levandevekt kylling per kvadratmeter frå dagens 34 til 39. Kyllingen skal med andre ord få betra velferd gjennom å stå stadig trongare. Les kommentaren her. Det er ingen andre enn fjørfenæringen som ser logikk i ein slik argumentasjon: mindre plass per dyr gir auka velferd, og få andre enn næringen sjølv som vil påstå at kyllingar har god dyrevelferd. Det er ikkje vanskeleg å sjå at fjørfenæringens mål på dyrevelferd i grunnen handlar om økonomi. Det er tomme ord og dobbelmoral når Koth argumenterer for betre velferd i produksjonen av stadig meir påskekyllingar til folket. Lat oss slå det fast med ein gong. Dyrevelferd er eit ord utan innhald i fjørfenæringen. No skal det tømmast ytterlegare. Og argumentet, ja det er dyrevelferd. Ein bør vere klar over at forskrifter for hald av fjørfe ikkje er utarbeidde av hensyn til dyrevel...

Kosher - sjå korleis det praktiseres i USA

Etter at halsen er avskoren på eit levande dyr, medan det står fastspent, blir det dumpa ut på eit golv der det vert liggande og kaste seg hit og dit med avskoren hals. Dette gjentek seg med dyr etter dyr. Dei ligg og kastar seg i fleire minutt før dei ikkje orkar meir og mister bevisstheten av blodtapet. Er dette religion? Å la eit dyr ligge med avskoren hals og kaste seg rundt og rundt i sitt eige blod på betongen i eit industrielt slakteri? Sjå videoen. Kosher. Sjå også denne. Halal. Obs. Svært stygge scener.

HALAL- gamal metode i ny kontekst

Les mitt innlegg i dagens Morgenbladet på web Eller last ned artikkelen i PDF. Det er gått ut ei rekke fatwa som seier at bedøving før avliving er godkjent halal. Her kan du lese tolkningar av koranen , korleis profeten vil at dyr skal bli behandla. Det tviles på om profeten ville godkjent industrislakt eller meint at det var haram: HALAL: Our Holy Prophet(s)'s overwhelming concern for animal rights and their general welfare would certainly have condemned (La'ana) those who practice such methods (factory farming), in the same way as he condemned similar other cruelties in his days. He would have declared that there is no grace or blessing (Brakah) - neither in the consumption of such food nor in the profits from such trades... If animals have been subjected to cruelties in their breeding, transport, slaughter, or in their general welfare, meat from them is considered impure and unlawful to eat (Haram). The flesh of animals killed by cruel methods (Al-Muthiah) is car...