Gå til hovedinnhold

Innlegg

Dagens kronikk i VG: Gufs frå fortida

Les kronikken hos VG+

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida.

Senterpartiets tilnærming til dyrevelferd er eit gufs frå fortida. Den kompetansebaserte banehalvdelen av landbrukspolitikken er open.  Les artikkelen hos VG+ Haldningane partiet frontar, er haldningar frå ei tid då dyrevelferd vart ansett å vere ein disiplin for dyrevernarar, ikkje ein fagdisiplin tungt underbygd med forskning. For Senterpartiet er landbruksdyr eit virkemiddel til å nå distriktspolitiske målsetningar om folk og fe over heile landet, og på distriktspolitikkens alter ofres hensyn til norske landbruksdyrs ve og vel, samt hensynet til kvalitet i produksjon. Dette ser vi i sak etter sak. Framfor å bygge på dagens kompetanse, bygger Senterpartiet politik og tiltak på gårsdagens myter og ideologi. Artikkelen er trykt i VG 12.februar 2013 Det viser seg i sak etter sak. Senterpartiet har delteke i å nedkjempe norske kyrs rett til utegang. Norske kyr i lausdriftsfjøs skulle etter forskrifta frå 1.januar 2013 hatt krav på åtte vekers utegang. No er...

Nesten som å lese Trygve Gulbranssen: boktips

Britt Karin Larsens fire bøker om folket på Finnskogen er det nærmaste eg har kome ein nolevande forfattar som er på høgde med Trygve Gulbranssens natur-, villdyr- og folkelivsskildringar. Dette er ein pageturner av ein historisk roman med sterke skildringar av leveforhold, natur, villdyr og eit komplekst sett av mellommenneskelege relasjonar. Profetene i Evighetsfjorden er ein slik roman ein må bli imponert over, både skildringane av Københamn seint 1700-tal, men også av livet på Grønland. Også denne romanen inneheld svært gode person- og relasjonsskildringar som er berande for historia, særleg i første delen, der hovedpersonen, presten, befinn seg i Køben. Skildringane av det kummerlege livet i kolonitidas Grønland går gjennom marg og bein, bokstavleg talt. Det er ei slik bok ein hugsar, men ein litt tyngre read enn Larsens triologi frå Finnskogen.   Eg liker vanlegvis ikkje fantasy, men denne taklar eg å lese. Eventyraktig fantasy med gode relasjons- og person...

Rekka av gullkjolekledde og kjedepynta ordførarar under delfinalane i Melodi Grand Prix er biletet av indianarane som trur glasperler er ekte.

Perler for indianarar Trykt i kortversjon i Bergens Tidende 30.januar 2012  Les også mitt essay om markedsføring av Sogn og Fjordane. Den store imagestrabasen, ein analyse av fylkets marknadsføringstiltak. I helga var det MGP delfinale i Florø. Ein skikkeleg lokal folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora kommune med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen som bevilgar pengar til arrangering av ein delfinale.  Pengane er i år henta frå eit såkalla bufferfond, sparekontoen for fylkeskommunen. Det er ikkje svimlande summar det er snakk om. Dette er begrunninga for løyvinga som er problematisk. Ei viktig forklaring på kvifor dei bevilgar pengar frå fylkeskommunen, er nemleg at delfinalen visstnok gir markeds...

Jublar for glasperler - ordførarane stasjar seg for MGP i Florø

I helga var det MGP delfinale i Florø. Såkalla folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. På same tid kuttar dei i kulturbudsjetta og har særs dårlege kulturtilbod til ungdom. Les også: min analyse av Sogn og Fjordanes marknadsføringstiltak Lat meg gjere eit par ting heilt klar: At private aktørar går inn og finansierier delfinalen, er derimot heilt topp. Eg har ingenting imot MGP, men eg har noko imot at fylkeskommunen bidreg med finansiering, samt begrunningane dei nyttar for å forsvare sitt økonomiske bidrag. Les også om korleis Sogn og Fjordane kan unngå taparstempelet, kronikk i Bergens Tidende, 2010. På første benk under delfinalen sat ei rekke ordførarar, deriblant fylkesordførar Åshild Kjelsnes, med ordførerkjeder og gl...

Diggbart!!

Nytt år, nytt opplag av ELise og mysteriet med dei døde hestane. Intervju i Bergens Tidende 15.januar 2012 om medie- og synlighetsstrategi. Les heile intervjuet her. Og knallgod omtale på Bibliotekarens blogg. Utdrag: Elise havnar sjølvsagt i livsfare og det går heldigvis (og naturlegvis!) bra til slutt, men det er på hengande håret. Det som eg likar aller aller best er at det ikkje er sentimentalt og klissete. Av og til  døyr dyra, faktisk. Det brutalt - og sånn er jo livet.  Historia er litt vill og utruleg, men settingen er på eit vis realistisk.  Me møter folk som tek godt vare på dyra sine og folk som ikkje bryr seg og som aldri skulle hatt lov til å ha dyr. Og me lærer mykje om dyresjukdomar! Boka er diggbar. Og viss du er ute etter ei spenningsbok og du i tillegg likar hestar - då trur eg at denne er perfekt! 300 sider med deilig ungdomsbok!

Sjølvhjelpsbøker kan vege opp for manglande forstand. Gode bøker gjer deg klok

Før jul tenkte eg at i 2011 skal eg bli eit betre menneske. Så kva skal ein stakkar gjere. I ein artikkel på Aftenpostens kultursider las eg at eg kan bli egoist, ja ein kunne enda til få lokka fram sin indre psykopat om ein les for mykje sjølvhjelpsbøker. Egoist er eg frå før, psykopat treng eg ikkje bli. Eg vurderte risikoen som ikkje verdt å ta, og på veg bort frå sjølvhjelpshyllene ramla eg over Edvard Hoem. Trykt i Klassekampen som signert-spalte, januar 2011 Hoem er ein mann med mykje hår og mykje stemme som skriv mangt og mangfaldig. Blant anna boka «Ave Eva». Så kva lærte eg av «Ave Eva»? Eg lærte at ikkje bør rømme frå kjærast og barn utan å sei frå, samt at odelsretten er ei last som kan øydeleggje liv. Neste bok ut var «The Glass Castle» av Jeannette Walls. Her las eg at foreldre ikkje bør bruke pengane sine på alkohol når dei har fire ungar som treng mat, samt at ein ikkje skal køyre lastebil i mange timar med eit spedbarn laust liggjande bakpå lasteplanet. Då kan sp...