7. nov. 2006

Justismordet Hetle-saka (Filologens desembernummer 2006)

AnneViken-blog Hetle-saka: Ei slagmark for rettsmedisin og bygdesladder

I haust er det hundre år sidan eit av Noregshistorias grovaste justismord fann stad på Viksdalen i Sunnfjord.

Av Anne Viken

Søndag 19.august 1906 vart Henrik Hetle funnen død på Hetlestølen i Viksdalen. Kort tid etter at Henrik Hetle vart meld sakna, spreidde mistanken seg som eld i tørt gras mot naboen Mikael Hetle og sønene Ole og Mateus.
Få visste då at dette skulle bli starten på saka redaktør Oscar Pedersen i Bergens Arbeiderblad i 1907 omtalte som ”et av de forferdeligste justismord som er begått så lenge norsk rettsvesen har eksistert”, skriv forfattar Gaute Losnegård i dokumentaren Død og pine. Justismordet Hetlesaka som nyleg vart lansert på Selja forlag i Førde.

Verken Storting eller høgsterettsadvokatar skulle klare å stanse snøballen av bygdesladder, bastante rettsmedisinarar og hypotesemakeri som her hadde starta å rulle. Mellommenneskelege forhald, dårlege ekteskap og nabokranglar vart rota saman i eit utruleg kaos, nye kranglar og tvistar dukka opp i kjølvatnet av Hetlesaka, vitnemål vart endra og rykta gjekk. I julehelga vart Mikael Hetle og sønene pågripne sjølv om ingen bevis var lagde for dagen.
Saka handla ikkje lenger om lov og rett, men om å få Hetle-karane dømde. Bygdefolket gjekk i bresjen og den dømande makt følgde på. Vitneutsagn mot Mikael, Mateus og Ole Hetle som i beste fall kan seiast å sprike i alle retningar. Då 78 vitne i 1907 tok turen til rettslokala i Bergen på staten si rekning, skildra Johannes Lavik, redaktør i Gula Tidend, stemninga i rettssalen som ”å sitje i giftig gass”.
Mistankar vart nytta som bevis og vitnemål som talte til tiltalte sin fordel forkasta. Då frifinninga endeleg var eit faktum, 7.april 1943, 36 år etter at dommen fall i Gulating lagmannsrett, fekk Lagmannsretten og statsadvokaten kritikk for å ha gjeve inntrykk av at det var dei domfelte sjølve som skulle bevise si uskuldig, framfor at det var påtalemakta si oppgåve å bevise Hetle-karane si uskuld, slik rettspraksis skal og bør vere.
På denne gledesdagen hadde Mikael Hetle alt vore død i 13 år, og berre sonen Ole fekk oppleve reinvaskinga. Fram til sin død mottok Mikael brev adressert til mordaren Mikael Hetle, til og med ein misjonens mann kom til gards for å få den aldrande Mikael til å tilstå drapet for ikkje å hamne i helvete.

Forfattar Gaute Losnegård seier at det fyrst og fremst er to side ved saka: Den eine er bygdefolket. Rykta gjekk og bygdedommen senka seg raskt over Mikael Hetle og sønene. Den andre sida er rettsmedisinarane som på sviktande grunnlag var viktige i prosessen for å få Mikael Hetle dømd. Prosessen var prega av kameraderi og folk som ikkje var villege til å innrømme eigne feil. Aina Schiøtz, professor i medisinsk historie ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen, kallar Hetle-saka ei rettsmedisinsk slagmark.
Liket vart obdusert av distriktslegane Berg og Harlem i eit utløe på Hetle-stølen. I følgje viksdøling Steinar Følling foregjekk obduksjonen slik: Abraham Øen, som ikkje var lege sjølv, saga på instruksjon frå legane opp liket med ei rusten sag. Etter obduksjonen gløymde ein att innmaten på stølen og måtte springe opp att for å hente den i eit surmelksspann. Dei to legane fann kun små skrammer på liket og det vart heller ikkje funne teikn til sjukdom. Likevel hevda rettsmedisinar Harbitz, som sjølv ikkje hadde sett liket, på grunnlag av denne obduksjonen at dødsårsaka på ingen måte kunne ha vore naturleg.
Losnegård seier det er ein ting at dei to doktorane obduserte liket i ei utløe. Det verste var eigentleg at dei øvste autoritetane i Noreg drog sterke konklusjonar ut frå denne svake obduksjonen. I etterkant vart det umogeleg for Harbitz å innrømme at han tok feil. Sjølv utga han tross alt lærebøker i rettsmedsin. Harbitz hadde aldri sett liket, men kunne ikkje snu, skriv Hans Seland. ”Det ville bli landsskandale for den allvitande rettsmedisinske kommisjonen i Oslo”.

Under justismordseminaret Heilt kriminelt, Sunnfjordske krimdagar i Førde, i slutten av september snakka følge Cato Schiøtz, leiar for Rettssikkerhetsutvalget i Den Norske Advokatforening, om studier utført i USA som viser at to av tre justismord kan førast tilbake til feil gjort av sakkyndige. Han nølte ikkje med å legge hovedskulda for dei styggaste justismorda i Noreg på den medisinske profesjonen og advarar mot skråsikre påstandar frå sakkunnige.
Schiøtz seier det er særleg tre ting som er utslagsgjevande når uskuldige vert dømde. Skråsikre vitner, urette tilståingar og sakkunnige som tek feil. I Hetle-saka var det ein kombinasjon av skråsikre vitner og sakkunnige med diskutable konklusjonar. Han meinar Hetle-saka og Liland-saka har det til felles at sakkunnige har vurdert feil, men vurderar betydningen av sakkunnige i Liland-saka som større ettersom desse var skråsikre.
Schiøtz seier at før Liland-saka var det spektakulært å få gjenopptatt ei sak, og at ein må tilbake til Hetle-saka for å finne parallellar i norsk rett. Det sit ufatteleg langt inne for påtalemyndighetene å gjenoppta ei sak uansett kor gode grunnar som ligg til grunn. Schiøtz ser ingen andre grunnar enn prestisje.
Professor i strafferett, Ståle Eskeland, deltok også på seminaret. Han seier justismord skjer oftare enn tidlegare antatt, og oftare enn vi likar å tru. Blant anna skjer feilidentifisering av skuldige, samt at retten legg for mykje vekt på feil vitner. Vitneforklaringar vert tillagt vekt sjølv om dei i kraft av seg sjølv ikkje kan vere riktige. Eksempelvis observasjonar på lang avstand gjort av vitner med dårleg syn. Ein nyttar også vitneforklaringar som bygger opp under å legge skulda på ”den som er utpeikt som gjerningsmann”. Vi feilobserverer. Vår evne til å oppfatte er svært selektiv, understreka Eskeland. Og dersom vi meinar tiltalte er skuldig, gjer det heller ingenting om ein vitnar falskt mot han.
Eksempelvis vart det i Birgitte Tanks-saken fokusert på å bevise at fetteren var skuldig heller enn å finne den skuldige. Det same skjedde i Torgersen-saken, seier Eskeland, og påpeikar at bevisa mot Torgersen ikkje er naturvitenskapleg haldbare, ergo ikkje sanningssøkande. Dersom Torgersen-saka ikkje vert gjenopptatt, er det i følge Eskeland ei katastrofe for det norske rettssamfunnet.
Ein av Danmarks fremste juristar sa at ein liten feil kan eskalerer til forsetteleg overgrep der hovedjobben etterkvart vert å dekke over feil begått av systemet og politietaten.

Hetle-saka var Noregs fyrste store justismord og folk over heile landet lot seg engasjere. Gaute Losnegård, meinar pressedekninga var på høgde med NOKAS og Orderud-sakene. Journalistar reiste på synfaring til Viksdalen og møtte opp i rettslokala i Bergen kvar dag, men fekk ikkje lov til å skrive om rettsforhandlingane før saka var ferdig behandla. Dette bidrog til å auke mystikken omkring kva som hadde skjedd.
Personfokuset var også stort. Då Mikale Hetle kom med dampskip til Christiania for å sone i 1907, kasta journalistane seg formeleg over han. Saka var også svært politisk engasjerande. Venstrepressa skreiv i store bokstavar for å få saka oppatteken, medan meir konservative aviser forsvara domsstolane. Frontane som stod som steile fjell imot kvarandre.
I 1914 sende kommunestyret i Gaular spørsmål om benåding av Ole og Mikael Hetle, og då dei to slapp ut, hadde dei site inne i sju år. Vinterent 1930 erklærte Mikael Hetle på sjukeleiet til lensmannen og presten i Gaular at han var uskuldig i mordet på Henrik Hetle. Losnegård meinar vitnemålet gjorde inntrykk på folk, og no stilte ei nær samstemt presse seg bak kravet om at saka måtte takast opp att. Forfattaren Hans Seland var pådrivar, og arbeidarpressa førte an i kampen med Bergens Arbeidarblad i spissen. Det var den vesle mannen i kamp mot systemet. Redaktør Pedersen i Bergens Arbeiderblad hadde sjølv vore tilstades under rettssaka i Bergen i 1907 og skreiv følgande: Vi står overfor et av de forferdeligste justismord som er begått så lenge norsk rettsvesen har eksistert. No måtte Mikael Hetle sitt ettermæle reinvaskast.
Høgsterett som skulle behandle saka i 1940, vart avsett og det vart innsett nazistar. Paradoksalt nok var det desse som hadde klarsyn til å sjå at her ikkje var noko grunnlag for dom. I ein bytehandel etter krigen, fråveik Ole Hetle kravet om erstatning mot at saka ikkje vart teken opp på ny. Trusselen om nye rundar i retten, må ha stått for Ole som eit reint helvete, meinar Losnegård.

Forfattar Edvard Hoem leverte for kort sidan utkast på teaterstykket om Hetle-saka, ”Mikael Hetles siste ord”, som har premiere på Sogn og Fjordane teater 14.desember neste år. Hans intensjon med stykket er å belyse kvifor mennesket er så opptatt av å finne ut kven som er skuldig, og prøver i sitt teaterstykke å peike på noko allmenngyldig.
Terje Lyngstad, teatersjef ved Sogn og Fjordane teater, fortel at folk har henvendt seg med gråt og tenners gnissel og sagt at denne saka må teateret ikkje røre. Til og med vener av familien til Lyngstad har fått høyre at ein ikkje bør røre denne saka på grunn av alle følelsane det kan sette i sving. Det finnast enno folk på Viksdalen som meinar dei veit ting dei ikkje vil sei før i sin siste time, og som enno trur Hetle-karane er skuldige.
Er viksdølingane redde for at vi skal grave i noko dei ikkje er stolte av? undrar Lyngstad.
Det var nemleg ein knekt Mikael Hetle på 61 år som vende tilbake til Viksdalen etter sju år i fengsel. Ole Hetle flytta til Bergen, og på tjuetalet var han langt nede både fysisk og psykisk. På Viksdalen vart ikkje Hetle-folket utsett for mobbing, men i Bergen var det mykje tøffare og familien måtte byte namn. Sjølv idag har dei opplevd å bli utpeikt som etterkomarar etter ein mordar, fortel oldebarnet til Mikael, Geir Hetle.
Hoem meinar det å peike ut ein skuldig er djupt menneskeleg og difor skummel.
-- Tanken på at det finnast ein mordar som går laus midt i blant oss er for mange uuthaldeleg. Vi må ha nokon dømt for at vi sjølv skal føle oss trygge.