Gå til hovedinnhold

Eg kjem frå Bygstad. Eg har bunad: Til kamp mot bunadseliten

Hei alle venner, kjente, kritikarar og andre. Firda har lagt ut eit svært fint bilete av meg på nettsida si, difor legg eg ut eit enda finare her. ja eg er ganske forfengeleg, og det er oftast ein god eigenskap. Les heile saka frå Firda.no her:Anne er flau over bunads-fylket på kongefesten.Oslo-skribent frå Bygstad ønskjer image-debatt – Det er på høg tid å skifte PR-strategi. Det er på tide å tenne eit bunadsbål og slakte eit par fjordingmyterAv: Vidar Gudvangen – Eg skjønar ikkje kvifor fylket absolutt skal marknadsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida. Dette skriv journalist og student Anne Viken frå Bygstad i eit lesarinnlegg i Firda måndag. Vart fylket framstilt på riktig måte under kongefeiringa?Sei di meining på forum.firda.noLes også:Får kuppe kongefestenHardingfele og bunaderViken som er busett i Oslo reagerer sterkt på det ho kallar ei einsidig marknadsføring av hardingfele, kved og bunader i Sogn og Fjordane sitt bidrag til feiringa av 70-årsjubilanten kong Harald. Under Oslo kommune sin æresfest for kongeparet fredag kveld sjarmerte brudefølgjet frå Sogn og Fjordane gjestene, med vakkert kved, felespel og vakre bunader. Eit verdig innslag av flinke aktørar, men Viken etterlyser noko meir. Ho vil ha nytenking - På tide å vakne– Det er på høg tid å vakne, de som marknadsfører Sogn og Fjordane. De har ingen rett til å tilsmusse fylket sitt rykte med bunadstant og fjas, skriv 27 åringen i sitt flammande innlegg. Viken som mellom anna skriv for Morgenbladet i hovudstaden, stiller spørsmålsteikn til kvifor ein framstiller fylket i eit 1800-talsbilete, samstundes som debatten rasar om korleis ein skal få ungdommen heim. – Kva med kultidolet Mariann i Surferosa? Moods of Norway, Nordic Innovatheque i Dale, forfattar Olaug Nilsen, Idol-Tone, for å nemne nokon. Støtte frå ungdomspolitikar– Det er på høg tid å marknadsføre Sogn og Fjordane på premissene til målgruppa. Har de jobbar å tilby oss, fortel oss om dei. (...) Skrik det ut før fylket kun består av ei handfull menneske viss einaste tidsfordriv er å sy bunader til kongelege bursdagar, skriv Viken. Ho får langt på veg støtte hos Kjell Øystein Neteland, leiar i Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. – Dersom eg hadde vore ein urban Oslo-ungdom som såg Sogn og Fjordanes bidrag under kongefeiringa, ville det nok bygd opp under fordommane mine om dette fylket, seier Neteland til Firda måndag. Fylkeskulturdirektøren avviser kritikken Ingebjørg Erikstad avviser kritikken som er komen i kjølvatnet av kongefesten i Oslo. - Eg oppfattar ikkje det å vise fram vår eigen kultur som negativt. Vi profilar oss med ulike kulturinnslag i ulike samanhengar, så summen av dette er eg trygg på, seier fylkeskulturdirektøren til NRK Sogn og Fjordane. http://www.firda.no/nyhende/kultur/article2609239.ece Posted by Picasa

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...