Gå til hovedinnhold

Klimafiendtlege medier

Billeg og dårleg sensasjonsjournalistikk er klimadebatten neppetjent med, skriv Anne Viken.
Debattinnlegg. Vårt Land 10.januar 2007.

Ikkje all medieomtale gagnar klimaet.Torsdag 4. januar har VårtLand oppslag på at det er langt dyrareå ta tog mellom Oslo og Bergenenn det er å ta fl y. Vidare kanvi lese at standardprisen på tog påstrekninga er 728 kroner ein veg,mot mellom 366 og 1.646 kronerein veg med fly. Altså viser reknestykketat det er langt dyrare å tatog enn fl y på den konkrete dagenjournalisten har sjekka ut.

Det er ei kjensgjerning at om einbestiller billetten same dag som einvil reise, får ein ofte ikkje spesieltgode prisar, men at ein på eit sliktgrunnlag slår opp på framsida avavisa at prisen på ein einvegsbillettOslo-Bergen er 728 kroner, vert direktefeil. Her ligg dårleg og klimafiendtleg journalistisk researchtil grunn.Vil du ta toget mellom Oslo ogBergen, er det nemleg ei enkel sakå få miniprisbillettar til 199 kronerein veg. Du går inn på www.nsb.no,fyller ut reisestrekning og vel vidarebillettype minipris (økonomi).Det er sjølvsagt ein fordel å veretidleg ute med bestillinga om ein vilsikre seg billege togbillettar, mendet same er tilfelle for fl y: Jo før dubestiller, jo lettare er det å skaffeeg billegare billettar. Saken kunneergo vore: Bestiller du i tide (nokredagar før), kan du reise både billegog miljøvenleg. Flyprisane påstrekninga Bergen-Oslo slår nemlegikkje ut NSB på pris, berre påreisetid. Saken kunne dermed ogsåha vore: Tog billegare enn fl y.

Er du i tillegg student, er togprisanepå andre alternativ enn miniprisogså svært overkomelege oglangt billegare enn fl y sjølv om dubestiller kort tid på førehand. Prisenfor student er 199 kroner om dureiser på billettype økonomi (minipris)og 546 kroner om du reiser påøkonomi (ordinær). Siste alternativer rett nok dyrare enn fl y, menframleis godt under 728 kroner.Altså: Tog er det billegaste alternativetfor studentar på strekningaOslo-Bergen.Ein annan ting Vårt Land oversågi si kalkyle, er prisen du må betalemed fl ytoget frå Oslo S til Gardermoen,og med fl ybussen frå Bergentil Flesland. Flytoget tar 20 minuttog kostar ein veg frå Oslo sentrumtil Gardermoen 160 kroner forvaksen, og 80 for student, ungdom,barn og vernepliktig. Flybussen fråBergen sentrum til Flesland tar 30minutt kostar 75 kroner for vaksneog 38 for barn.Eit anna meir miljøvenleg alternativenn fl y på reisestrekningaOslo-Bergen er Lavprisekspressender billettane kostar frå 49 kronerog oppover. Her fi nnst med andreord både rimelegare og meir miljøvenlegereisemåtar på denne strekningaenn fl y. Ein kan difor spørjeseg kva som var årsaka til at VårtLand valde å køyre opp akkurat distansenOslo-Bergen som døme ogikkje sjekka ut andre typar reisemåtarmellom andre tungt trafi kkertedestinasjonar i Noreg.Det er fl ott at Vårt Land ønskjerå slå eit slag for klimaet med å settefokus på dei høge utsleppa frå flkontra tog, men dei oppnår neppeønskt effekt ved å spreie dårlegresearch og lettvint journalistikkpå framsida av avisa. I dette tilfelletkan det føre til at reisande ikkjeein gong gidd å sjekke togprisanerein overtyding om at dette uansetter eit dyrare alternativ enn fl y.Billeg og dårleg sensasjonsjournalistikker klimadebatten neppe tjentmed sjølv om vi vel alle er einige i atureinande fl ybillettar av klimaårsakerburde vore svært mykje dyrareenn å reise med tog, uansett når dubestiller. Når dette derimot ikkje ersant, bør ein heller spare seg oppslagetsjølv om klimaskandalar selgodt i desse varme klimatider.Godt miljøvenleg nytt år.Anne Viken Posted by Picasa

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...