Gå til hovedinnhold

Gi faen i å føkke opp verden

Det er mange måter å fortelle folk historia om sitt liv.

a) det du vil at ditt liv skal vere,
b) det du trur den du snakker til vil at ditt liv skal vere,
c) korleis det ideelt sett skulle ha vore
d) eller korleis ditt liv faktisk er.

eit anna spørsmål er kem som føkker opp verden eg lever i, og som gjer at historia eg forteller ikkje er den eg ideelt skulle ha fortalt, og det er det eg tenker ta ein titt på her.

skal vi virkelig måtte gå med nøkkelen klar til å stikke ut augene på ein potensiell voldtektsmann slik vi har lært? Kan han bruke nøkkelkjedet mitt til å kvele meg med?

sove

Ja, nei eg har ikkje fast jobb. Det er ikkje så lett i mediebransjen. Ja, det er sant at det er usikkert, ja utgifter og sånt. Kan ikkje kjøpe kåk når en går på kun nokre få månader lange arbeidskontrakter.

sove


Koffer eg liker beat? Det er driven, trøkket, skjønneruvel.

Her for eit par månader sa eg til tanta mi at eg lurte på når eg skal få meg fast jobb. Ja, det har eg lurt på lenge, sa tanta mi og såg megetsigende på meg. Når skal du få deg fast jobb, Anne? Ja nei eg aner ikkje, sa eg. Det er ikkje min feil at faste jobber er omtrent like vanlige som flygande kjøkkenbord.

Du med din utdannelse bør iallefall tjene ein halv mill glatt, sa fettern min. Han var på besøk og lurte på korleis i helvete eg kan drive å bu i den ramlesammen rønna der eg bur i. Der er jo så støvete at kåken ville eksplodert ved ein brann. Dessuten er trappa så skrekkelig usolid at kem som helst kan ramle gjennom på ein god dag. Kem faen er det som har så jævla mange hunder i bakgården, og kvifor har du tapetesert heile veggen på rommet ditt med sandstrand?? Anne, du må rydde rommet ditt! Her ser jo ikkje ut. Anne, du må få deg ei real inntekt, du må få deg ein jobb der du tjener fett nok til å kjøpe deg ein fet kåk. En an fetter spurte om det var trygt å sette stikkontakten i veggen, den var så full av støv.

Joa, her er shabby, men boligmarkedet i Oslo er jævlig sprengt og eg gidder ikkje bruke alle penga mine på kåk. Japp, seff skulle gjerne tjent fett men det er viktigare for meg kva eg gjer enn kva eg tjener.

Her bur eg:

kollektivet i Deichmansgate 9b

Her er skamkoselig. Bygården går mellom anna under kallenavnet lyckliga gatan, og vi er 6 kollektiv i stil alla norsk film. tenk deg te resten.

Vi er fire stk personer som deler kjøkken, bad og stue på ca seksti kvadretmeter til sammen. Det går ikkje an å låse døra inn til trappeoppgangen, og heller ikkje gatedøra. det koster 3000 kr i måneden å bu her pluss internett. Boligmarkedet i Oslo er inforjævlig. Her bur vi som sild i tønne med papirtynne vegger og hører naboen snu seg i senga.

Kan gå på tolmodigheten løs til tider, og er det virkelig sånn høgt utdanna folk skal måtte bu i verdens rikaste land spør eg meg av og til. En sliter og strever og har seks års høyere utdannelse, får ikkje fast jobb og ender opp i støvete bygårder som bankers vil eksplodere i en brann, bur på åtte kvadratmeter fordi boligmarkedet er heilt rævkjørt. Av og til ønsker eg meg ein kåk med hage og høgt gras, men det er litt sjarm med dette bohemlivet. Mentaliteten og innstillingen til kva som er verdt noko her i livet, sitter i veggene. Ingen av oss springer fra jobben til Ikea for å handle, eller bruker ettermiddagen på Oslo City, ingen kaster vekk tida si på å vaske og stryke skjorter. Passer meg utmerket. Vi deler til og med håndkler som vi har i ei stor korg på badet. Materialle goder er ikkje det som teller, eg har heller ikkje nok penger til at det kan/ bør telle.

kollektivet i Deichmansgate 9b

Av og til kikker eg rundt meg og ser folk stresse avstad med handleposer. Eg blir ganske flau. Konsumsamfunnet, det ekstreme forbruket. Eg unngår alle hovedgater siste månaden før jul, for det er ein ting eg aldri har skjønt: Kva er poenget med å jobbe overtid for å få det til å gå rundt økonomisk når det du skal brenne penga på er nytt kjøkken fordi det gamle er litt skakt, eller ny sofa på Ikea eller dritdyre middager på byen. eg skjønner det ikkje, men eg er vokst opp med heimeskutt hjort og kler fra loppemarked, og er muligens ikkje sosialisert inn i konsumsamfunnet i stor nok grad til å fatte kjøret. ein trenger jo strengt tatt ikkje vaske så himla ofte, men ein trenger bruke tid på ungene sine. ein trenger heller ikkje strøken kåk og ny sofa kvart femte år, eller 300 kvm stort hus, men ein trenger fritid.

av og til får eg lyst til å slå i bordet med dette: Bruk hodet (ikkje lommeboka) - vi har berre ein klode!

kollektivet i Deichmansgate 9b

Deichmansgate midt i Oslo-gryta:

gata der eg bur

I denne gata er det stadig vekk slagsmål. Folk sprinter etter kvarandre med jernstenger, eller på gode dager, brøler ukvemsord og banner drithøgt til kvarandre. Kvinner som menn. Alltid like spennande å gå aleine heim fra byen. Følger det nokon etter meg inn i bakgården no? Er han duden der safe? kan eg gå den gata her? skal eg holde nøkkelen framfor meg som ein kniv? tørr eg gå denne snarveien? Kvar helg les ein om nye valdtekter. Er det slik det skal vere?

skal vi virkelig måtte gå med nøkkelen klar til å stikke ut augene på ein potensiell voldtektsmann slik vi har lært? Kan han bruke nøkkelkjedet mitt til å kvele meg med?

Eg lurer ofte på kva ein kan gjere for å få slutt på alle valdtekter. Kven har skulda?

Verdier som tid er det lite av, en del mennesker må jo nødvendigvis havne på utsida i eit samfunn som konsumerer natur, tid og menneske som om det var forbruksvarer alt i hope. Kva faen er det som skjer tenker eg når folk dumper store mengder søppel i fjorden, sparker hunden sin og denger dama med jernstang. Eg vert skremt. Det verste er at det i store deler av samfunnet ser ut til å vere aksept for dette. Er det kulturen vår som føkker oss opp systematisk, eller har verden alltid vore full av faenskap. Bankers sikkert det siste.

Deichmansgate om dagen:

gata der eg bur

Desse jernstengene går an å trekke opp og denge kvarandre med på ein god dag:

gata der eg bur

Det er ganske travelt å bu i Oslo sentrum. Det er folk over alt, bilar, butikkar, lydar, syklistar. Av og til trekker eg ut i skauen for å trekke frisk luft, men eg tørr ikkje gå aleine i skauen om natta. På Sognsvann blir folk voldtatt og dengt, og dessuten er eg redd for spøkelser og elg. Elg kan tygge på deg, trakke på deg eller bite deg, og spøkelser kan stirre deg i senk. Det siste var ein spøk.

Frognersæteren, søndag ettermiddag. Tilsynelatande idyll.

Frognersæteren

Men denne idyllen er fiktiv. Ei gammal dame frå vestkanten skjelte meg ut etter noter fordi eg satt i sofaen og fordi eg leste Klassekampen. Ja eg vett kass type du er, du er frekk og fæl, kveste ho til meg og lo godt av at det gjekk an å bli så dum at en leste Klassekampen. Ho sa til sonen sin at ho der, ho leser Klassekampen. Ja du kjenner typen.

Eg vart ein smule satt ut eit øyeblikk. Her prøver eg å koble ut, og så kommer det ei rasande kjerring bort og tygger på meg.

på reportasje

Shahla har site sju år i kirkeasyl. Sju år. på bildet over er eg på vei til Mysen saman med fotograf for å snakke med Shahl. Kva er det som får ein stat til å late eit menneske sitte sju år innesperra i ei kirke?

Eg er radiotekniker på radiorakel som held til på loftet i Blitz-huset som mange politikere som eg er sikker på at aldri har vore der, vil rive. Blitz er eit hus fullt av bra folk.

De som liker å svi av penger på alt de føler de trenger, som konsumerer og kjøper og forbruker, det er min verden de føkker opp! gi faen, kutt ut å handle og shoppe. De er ein fare for dåke sjøl og heile kloden.

radiOrakel

Japp. Så om du spør ka eg driver med, kan eg sei deg at eg har ikkje fast jobb, ikkje egen kåk, stort studielån, er redd for å bli voldtatt på vei heim fra byen kvar einaste kveld og blir overfalt av gamle damer som ikkje liker jenter som ligger i sofaen med hettegenser og leser klassekampen. Men det er faktisk ganske morsot, mitt liv, sjøl om det kanskje ikkje høres sånn ut etter å ha lest dette innlegget. Mange skumle farer truer i horisonten.

radiOrakel

Eg trur folk ville blitt lykkeligare med eit mindre konsum. Som besserwisser lanserer eg altså det som andre har messa på før meg, år etter år: Bruk hodet- vi har berre ein klode! Bruk tida di ålreit, vi har kun eit liv. ( eg er seff ikkje eit kroneksempel til etterfølgelse på desse to punkta, men det må vere lov å ha visjoner på sikt;)

radiOrakel

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys