Gå til hovedinnhold

Kvinner=sex, sex=underholdning

Om kvinner som agurker i media og medienes samfunnsansvar

Medier liker å skrive om kvinner, kvinner er synonymt med sex, og siden sex er underholdning, kan en sette likhetstegn mellom kvinner og underholdning, utspill rundt kjønnsroller og sånne ting:


Mange menn savner den gode gamle kjerringa, sa Frp-politikeren Per Bjørnar Rødde (38) i VG 13.juni. Rødde langa ut mot norske kvinner som drikker mer, slåss og sjekker på byen. I samme åndedrag slo han et slag for asiatiske kvinner som den norske kjernefamiliens redning fra karrierekvinnene og deres uforsvarlige barnepassmetoder. Den nye kjerringa fra Asia skal visstnok kunne bidra til å øke fødselstallene, gjøre barna tryggere og redde de stakkars små som sliter med adferdsvansker og overvekt på grunn av de etnisk norske karrierekvinnenes Grandiosa-anarki.

Verden var i ferd med å gå av hengslene, men dette var altså ikke nok. Nå var det Dagens Næringsliv (DN) sin tur: Moderne hjemmeværende fruer er gift med menn med millioninntekter, og har valgt vekk egen karriere for å styre familiens myke verdier, meldte DN i artikkelen om de nye hjemmefruene 14.juli. Det er ikke noe galt i å være hjemme. Barna har godt av at en av foreldrene er hjemme, tordnet den bergenske hjemmefruen Karen Rekk da Ap-toppene Karin Yrvin og Gunvor Eldegard slo tilbake mot hjemmefruene og sa at en hjemmeværende kvinnerolle ikke gagner samfunnet (DN 16.juli). Hjemmeværende kvinner får ikke arbeidserfaring og samler ikke pensjonspoeng, blir de skilt, går det ergo rett vest.

Teppefall.

Pause. Eg tenker over saken, tar Frp på alvor og utfører eit praktisk forsøk for å sjekke ut korleis dette fantastiske utspelet funker i praksis. Forsøket er utført på nynorsk.

*Påfugler og likestilling- en ordrett tolkning av Frp-logikk*

Reykjavik

Påfuglmenn (påfugler av hannkjønn) er nokre egoistiske slampar som berre driv å heng ut med andre damer medan kjerringa må ligge fire veker å ruge på ein haug med ubrukelige egg. Når egga omsider klekker, kjem det ut ei mølje av bråkete minipåfuglar som påkallar mora si oppmerksomhet døgnet rundt i gud veit kor mange månader. Medan mora må ligge og varme desse hårete beista i eit eller anna reir i skogen, sit påfuglmannen på ei grein i eit tre å dinglar med den ubrukelige kjempestjerten sin. Eventuelt ligg den flatt ut på eit eller anna bord i nærheten og glor ut i lufta medan kjerringa, påfuglhokjønnet, må høre på evinnelig piping og kvekking frå kresne påfuglminidyr som ikkje ein gong et det dei får tilbud om.

Her limer eg inn nokre fotos som beviser min påstand om ansvarsfordeling blant påfuglar.

Først dette bildet av tilsynelatande idyll. Påfulgkyllingar som står linja opp for fotografen. Tilsynelatande god oppdragelse, lite grandiosa og heimeverande forelder av hokjønn i beste Frp-stil.

Påfuglkyllinger

Dette biletet viser den fulle sanninga. Hoa må pent sitte heime og vakte over dei tre små bråkete krypa som pip intenst og vedvarande stort sett heile døgnet. Sjekk kor små dei er. Tenk deg sjøl kor lenge det går før dei er like store som morra si. I mellomtida har ho ansvaret pitt mo aleine. Kjedelig. Ingen kafebesøk, ingen festing, nada sex. Ho kan jo ikkje gå utandørs med ungane fordi dei kan bli spist av kråker. Men slik må det vere. Alternativet er Grandiosa og nervevrak. Det ville ha blitt så kjedelig.

Påfuglhoe som passer unga

Og i mellomtida, mens kjerringa sikrer unga mot nervesammenbrudd og overvekt, sit den late hannen i eit tre og ser dum ut heile natta, og ligg, som her, på bordet å latar seg heile dagen. Stemmer påfuglen Frp?

Lat påfuglhanne

No har eg gitt ei kort innføring i påfuglars familieliv. Det er, som de ser, litt slik som Frp-karen ville ha det. Kjerringa må halde seg godt fast i kjøkkenbenken og skreve med passande mellomrom, samt vakte seg vel for Grandiosa-anarki. Og som bildet mitt under beviser, blir unga normale sjøl om far er fråverande. Ergo må konklusjonen bli at ein ikkje treng far for å bli normal. Beviset følger:

Bildet viser normale unger. Om eit års tid kan ein sei om dei lider av overvekt, nervøse symptom og anna. Gjer dei det, viser dette forsøket at både mor og far må vere heime heilt til unga er vaksne for at unngå at unga får nerveproblemer og anna styggedom.

Dette innlegget er tufta på fordommer, vissvass og fjas.

Mange studier konkluderer med at det eksisterer en reell forskjell i lønn mellom kjønna som ikkje lar seg forklare når det kontrolleres for variabler som arbeidstid, utdanningslengde, ansiennitet og stillingsnivå. Per i dag tjener kvinner i snitt langt mindre enn menn, og kvinner gjer enno størsteparten av husarbeidet (på landsbasis, dette varierar sjølvsagt individuelt). Det vert ikkje meir likestilling av at mediene kjører ut saker tufta på gamle kjønnsroller, fordommer og kreisi påfunn frå rabiate Frp-folk i Trøndelag. På tide at mediene tar samfunnsansvar?

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys...