Gå til hovedinnhold

Medienes samfunnsansvar.

(Dette innlegget var min innledning som paneldeltager i ein paneldebatt om medienes samfunnsansvar på Chateau Neuf (studentersamfunnet) 24.oktober 2007.

Sigurd Allern - professor i journalistikk ved Universitetet i Oslo
Eirik Mosveen - journalist i VG
Per Arne Kalbakk- lederen for Dagbladets samfunnsavdeling
Anne Viken - journalist i Klassekampen

Takker du nei til eit tips, er enkelte kjappe med å trekke fram samfunnsansvaret: No tar du ikkje samfunnsansvar, sa ein og slengte på røret då eg ikkje ville skrive om at det hadde landa ein leikepistol på panseret av bilen hans. Han fekk nemlig ikkje dekka utgiftene til ny lakk.

Du tar ikkje samfunnsansvar om du ikjke skriv om ipod-priser, sa ei an, og ein gong vart eg oppringt av ei dame som sa ho skulle drepe meg om eg ikkje tok samfunnsansvar og skreiv eit portrettintervju av ho i Dagbladet.

Du lever med andre ord ganske farlig, og du er heile tida dønn samfunnsansvarlig.

I Ver Varsom Plakatan står det om pressens samfunnsrolle: og då kan eg like godt begynner med å disse den radikale kulturavisa Dagbladet først som sist.

- Pressen ivaretar viktige oppgaver som informasjon, debatt og samfunnskritikk, står det i Ver Varsom-plakaten. Her tenkte eg komme med eit par eksempel på korleis dette blir ivaretatt.

DAGBLADETS FRAMSIDE 20. JULI: METTE MARITS FAVORITTDESIGNER VAR MED I NARKOBANDE.

DAGBLADETS FRAMSIDE 24.JULI: JEG ER LEI AV KJENDISER. SITAT ARI BEHN

DAGBLADETS FRAMSIDE 25.JULI: JEG ER SYNSK. SITAT MARTHA. Den dagen satte den ellers tynt bemanna klassekampen av en heil time til å skratte høgt.

VG i dag: SEXSYMBOL FÅR 80 000 FOR FEST MED NORSKE KJENDISER

VG I går: HER ER MADELEINES SISTE HILSEN med eit fat med håndavtrykket til Madeleine på eit fat. Tja ka ska en sei .

”Pressens innsats i enkeltsaker har i mange tilfeller vært en utløsende faktor for å hindre urett og rette opp feilaktige disposisjoner i samfunnet,” skriv norsk presseforbund på sida om presseetikk. Er Valla-saken et eksempel på oppretting av feilaktige disposisjoner eller på journalister i flokk som veiver rabiate med blod på tann etter at byttet har ramla utfor stupet? Tja.

ANSVAR

- Det er pressens oppgave å beskytte enkeltmennesker og grupper mot overgrep eller forsømmelser fra offentlige myndigheter og institusjoner, private foretak eller andre. Men av og til spør eg meg:

KVEN SKAL BESKYTTE ENKELTMENNESKER MOT PRESSEN?

PFU? Nå. Det funker dårlig. VG har spesialtilpassa seg PFUs etikk, som ikkje nødvendigvis er samme etikk som vi andre har. Kven ivaretar enkeltmenneska i McCann-familien i Madeleine saken?

FRAMSIDA ER TABLOIDENES SALGSPLAKAT. TABLOIDENE ER BØRSNOTERTE. OPPLAGET STUPER. KVA SKAL DEI GJERE? JO DEI LAGAR EIN SÅPESERIE SOM VI ALLE BLIR HEKTA AV. Då må nødvendigvis enkeltpersoner blåses utover. Tabloid innbefatter personfokus.

(DAGBLADET 18.september. - DREPT AV MOR med eit stort bilde av Madeleine. Skittent, svært skittent.

Ja vi har alle massiv tillit til svenske krimforfattere, men Er det her samfunnsansvar? Husk at mennesker i sjokk eller sorg er mer sårbare enn andre, står det i ver varsom plakaten. Sjølv om dette enkeltmennesket er Kate McCann, godt plassert i England. Ho er faktisk ei mor som har mista ein unge.

ANSVAR FOR LIDELSE

Presseetikken skal ikke beskytte det kritikkverdige, men de presseetiske normer skal hjelpe redaksjonen til ikke å påføre mennesker en unødig lidelse, skriver Norsk Presseforbund på under tittelen Hva er presseetikk?

Kunne ein ha klint Madeleine utover framsida med Drept av mor som tittel om Kate McCann var norsk?

Eg veit etter å ha lese dagbla og VG at kjæledyret til madeleine, blant venner, og lesere, Maddie McCann heiter Cuddle the cat, det er rosa og mamma har det med seg over alt. Mamma gråter til og med ned i kosedyret. Huset til mamma og pappa McCann er verdt sju millioner og det er koselig, brunt engelsk murhus. Dei henger litt ut på baren The Royal Oak.

Saken er dekka så detaljert som ein kriminalroman, som ein såpeserie i avisformat. Samfunnsansvar ser av og til ut te å ha blitt underholdningsansvar. Krimbok kapittelvis fordelt utover.

Og er det samfunnsansvar når dei to største avisene i landet dag etter dag ryddar framsida og mange sider inni avisa, og ansetter ein heil flokk med reportere både i Norge og Portugal til å skrive krimroman i kapittel? Samfunnsansvarlig ressursbruk. Eller børsvennlig?

- Det er pressens rett å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold. Det er pressens plikt å sette et kritisk søkelys på hvordan mediene selv fyller sin samfunnsrolle står det i Ver varsom plakaten:

19.oktober hadde VG desse sakene:

- Den store vanntesten med terningkast(samfunnsansvar for parastitttrua oslo-folk der Imsdal fekk toppnotering)

- Kysset avgjør om det blir et kjærlighetsforhold (samfunnsansvar for oss single)

- Glupske mus spiste 50 tonn gulrøtter (tja, tok rotta på 50 tonn gullrøtter. Usikker).

- Dagens obligatoriske bjørnesak!

- Samt dobbelside om bestefar som rappellerte ned Oslo Plaza. Who wouldnt know.

OG SIDEN AVISER TROSS ALT KAN KJØPES, MÅ VI SNAKKE LITT OM PENGA


Eierne krever eit utbytte på 15 prosent. Det er faktisk eit umenneskelig krav for ei mediebedrift skal ein tru medieveteran og dagbla-mann Gudleiv Forr. Du er for pokker nødt til å selge aviser. ER DET KJØPERNES SKYLD AT AVISENE ER SOM DEI ER?

MEDIA HAR MAKT!

Fleire justisministera gjekk her i vår ut og sa at det er veldig vanskelig å sette dagsorden som justisminister i Norge. Ein får knapt tid til anna enn å ta seg av sakene som ruller og går i media! Det trur eg på. Eit anna bevis på medias makt, er i følge meg miljøpolitikken:


Eit par dagar før ho gjekk av, sa dåverande miljøvernminister Helen Bjørnøy til NRK at hadde ein visst det ein veit i dag om klimaendringane og miljø, hadde miljøperspektivet vore meir gjennomgåande i regjeringsplattformen Soria Moria. Dette er tøys. Vi visste omtrent det same om klimaendringane i 2005 som det vi veit i dag, eller i 1987 for den del, men medienes søkelys har vorte sterkare siden Soria Moria vart skriven. Her har mediene tatt sitt samfunnsansvar og piska fram politikarane. No er Bjørnøy gått.


Media har stor makt men trange økonomiske rammer. Har dei egentlig spelerom til å drive samfunnsansvar spør eg meg ofte. Eller kunne dei prioritert ressursane annleis?

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...