Gå til hovedinnhold

Klima. Vi druknes og kokes

Lørdag la FNs klimapanel fram synteserapporten som er det endelige sammendraget av dei tre delrapportane klimapanelet har lagt fram i løpet av 2007. Den bygger på dei tre delrapportene som har kome ut siste året, og tar for seg forståelsen av klimaendringene, virkninger, sårbarhet, tilpasning og tiltak. Den skal vere rådgivande for policymakers og brukast til blant anna å forhandle fram nye klimaavtaler som forhåpentligvis skal redde verda.

Per dags dato peikar grafen som viser verdas totale utslepp loddrett oppover, og grafen må innan 2015 peike nedover om vi skal klare å unngå ein temperaturstigning på meir enn to grader, noko mange vitenskapsfolk anser som ytterst usannsynlig.

Og det blir heilt feil å skulde på og fortvile over asiatiske utslepp. Påtroppande direktør for CICERO, senter for klimaforskning, knut alfsen, meiner det ser ut til vesten har kome så langt som dei kan kome når det kjem til forbetring av teknologi. Før steig den økonomiske veksten meir enn utsleppsveksten, mens både økonomi og utslepp i dag veks i like raskt. Teknologien blir med andre ord ikkje lenger forbetra i like stort tempo som før.

Også på norsk sokkel aukar utsleppa per fat olje og gass som vert utvunne sjølv om dei per i dag nyttar best available technology. Årsaka er at det er meir energikrevande å hente opp olje frå ein gammal enn frå ein nyåpna sokkel. Denne utsleppsveksten vil fortsette i nokr få år framover før den begynner å gå nedover i takt med at utvinninga frå felta i nordsjøen begynner å synke ytterlegare. Det er dessutan billigare å betale CO2-avgift enn å investere i ytterlegare utsleppsreduserande teknologi på sokkelen, seier Per Terje Vold, adm direktør i Oljeindustriens Landsforening.

Om nokre år meiner påtroppande CICERO-direktør alftsen at vi måtte ha negative CO2-utslepp. Negativ CO2-utslepp kan vi få til ved å plante skog som sug CO2 ut av lufta for så å brenne ned denne skogen og pumpe CO2en frå forbrenninga, ned i bakken for lagring.

Temperaturstigningen dei neste hundre åra blir altså mest sannsynlig på over to grader, og alt ved to grader varmare klima vil mellom to og tre milliardar menneske bli utsatt for vannmangel. Det blir ei formidabel utfordring. Og kvar vil desse menneska dra? Sør-Europa og Nord-Afrika vil tørke ut og bli til ørken der ein ikkje lenger vil kunne dyrke mat. Vil dei komme til Norge? Og kven skal produsere mat til alle?

I disse dager bygger kommune etter kommune hus på dyrka mark, stikk i stid med klimaekspertane sine tilrådingar. Klimaforskarar tilrår å behalde dyrka mark som dyrka mark nettopp på grunn av dei formidable utfordringane vi i framtida vil stå ovanfor når det kjem til matproduksjon og tilgang til vatn, men i dag gror norsk landbruksland igjen. Dette er ikkje nødvendgvis ein klimasmart.

Den politiske kompetansen på klima er heller ikkje spesielt høg. Her for ei stund sidan sa den heldigvis forhenværande miljøvernminister Helen Bjørnøy på NRK at hadde ein visst det ein veit om klimaendringane i dag, då regjeringsplattformen var skribla ned back i de hine hårde dager i 2005, hadde klimaproblematikken i langt større grad gjennomsyra plattformen. Eg heldt på å sette frukosten i halsen, for kor desinformert er det faktisk lov å vere på miljøfroten når du faktisk er miljøvernminister. I rapporten Vår felles framtid som kom ut i 1987, for tjue år sidan, står mykje av det same som står i FNs klimapanels rykande ferske synteserapport. Vi har visst det vi veit i dag i fleire tiår, men som kjent ligg politikken alltid bak vitenskapen på miljøfronten, men kor langt bakpå kan ein tillate ein miljøvernminsiter å ligge?

Kyoto er sålangt av mange vitenskapsfolk omtalt som rein symbolpolikk, den har ingen reell effekt på utviklingen av klima på grunn av at tiltaka er for svake. CO2-konsentrasjonane er dessutan alt så høge at temperaturane vil fortsette å stige eller halde seg høge i atmosfæren i mange hundre år framover uavhengig av Kyoto. Å ta harde grep på klimafronten er nemlig ikkje noko som gjer deg til ein vinnar i politiske valg, og difor kjem vi om få tiår til å oppleve gjennomsnittleg opp mot seks grader høgare temperaturar på vår kjære moder jord. Dei verst tenkelige scenaria er nemlig meir sannsynlige enn dei mest forsiktige anslaga om havnivå og temperaturar. Det er med andre ord like sannsynlig at havet stige med over ein meter som at det kun stig med ein halv.

I tillegg til tala som FNs klimapanel har lagt fram om havnivåstigningen, kjem smeltinga frå Grønland og Antarktis som ikkje er tatt med i panelet sine anslag for havstigningen på grunn av denne smeltinga ikkje let seg talfeste. Men ein ting er sikkert: smeltar Grønlandsisen stig havet med sju meter. Smeltar antarktis stig havet med seksti. Det blir ikkje koselig. Den totale mengda is som befinn seg på jorda, har også minka langt raksare enn klimapanelet har klart å forutsei, kort sagt på grunn av at det ikkje finnast gode nok modellar til beregning av ismengder verken no eller i framtida. I barentshavet veit ein ikkje ein gong korleis veret er i dag. Barentshavsregionen er eit svart verhol. Korleis kan ein då spå ver og klima i framtida? Svaret er at det kan ein ikkje. Einaste ein veit sikkert, er at kraftige stormar vil følge etter iskanten når den trekker seg nordover, men kvar dei vil ende opp, veit vi ikkje. Ikkje ein gong FNs klimapanel.

Vi får berre krysse fingra for at det faktisk blir politisk handling ut av den siste FN-rapporten. Viss ikkje, er vi mildt sagt i deep shit. Kostnader er ikkje eit spørsmål for den rike delen av verda. Dette går på vilje. Og den både utviklingsland og iland må begynne å tru på at ei framtid basert på klimavennlig teknologi er mulig, og utviklingslanda må slutte å skjule seg i skuggen av klimasvinet USA, skal eg trekke eit lettelsens sukk. Ikkje før.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...