Gå til hovedinnhold

Omdømet til Sogn og Fjordane inn i år 2008: Stagnasjon eller rom for nytenking

I dagens leiar i Firda kunne eg lese dette: "Vi vil hevde at Sogn og Fjordane er betre rusta for å møte framtida no enn for eit år tilbake, ikkje minst fordi 2007 har vore året då vi for alvor har teke til å drøfte fylket vårt i eit framtidsperspektiv og kva vi kan gjere for å betre omdømet frå å vere ein sidrumpa tradisjonsberar til å bli eit framtidsretta fylke med eit spennande utviklingspotensial. (...) Stikkord som bunadsdebatt og tenketank viser i alle fall at vi er begynt på vegen. Ein viktig del av denne utviklinga, er at mange murar er i ferd med å bli demonterte", skriv Firda på leiarplass.



I vår skreiv eg eit lesarbrev i Firda under tittelen "Imageproblemet Sogn og Fjordane". Dette innlegget skulle etterkvart skape det fleire omtalar som den heitaste debatten i Sogn og Fjordane etter andre verdskrig. Det var avisreportasjer, oppslag og ein lesarbrevstorm i avisa Firda. Ord som bunadsbål, bunadspyroman, bunadsbrenning, imagedebatt og andre ord kom på trykk;), og eg måtte i NRK-debatt etter NRK-debatt, og fekk uttalt meg til eit utal aviser. Eg kjem ikkje på alle i farta, men hovedpoenget er ikkje at eg uttalte meg, hovedpoenget er at saka kom på dagsorden. Det var på tide at Sogn og Fjordane begynte å debattere ei eiga sidrumpa framtoning og at andre enn sidrumpa gamle tradisjonsbundne menn og kvinner stod for dagsorden. Det var på tide å ta eiga framtoning opp til debatt. Responsen på mitt lesarbrev viste klart og tydeleg at dette er eit tema folk har sterke meiningar om. Det er bra. Dessverre var det mange sidrumpa gamle menn og kvinner som herja i spaltane, og det er ikkje desse som kjem til å bringe fylket vidare. Uansett. Enormt mange kasta seg på bunadsbålet og meinte eit nytt image måtte på plakaten.

For er det noko Sogn og FJordane framstår som, så er det, som Firda skriv, ja nettopp sidrumpa og traust og tregt. Her har det stansa opp, stagnert. Iallefall tilsynelatande. Og det er dette tilsynelatande som er det viktige poenget. Fylket er nemlig ikkje tilbakeståande sånn praktisk sett, kun mentalt sett hos dei som styrer og steller med kultur og promotering. Her i fylket meinar dei som sit på stakketoppane enno at bunader er det som tel her i verda sjølv om dei som bedriv den slags stakkeprat for lengst er i mindretal. Greit nok, bunaden er eit viktig symbol for norske tradisjonar, men ein kan ikkje spele utelatande på symbol som bunad og nasjonalromantikk når ein vil ha folk til å flytte til fylket i år 2007. Undersøkingar viser at nest etter arbeid, er ein stads omdøme avgjerande for om folk vel å flytte dit.

Omdømet til Sogn og Fjordane er per i dag mynta på turistar og eg vil våge å påstå at imaget vårt er skapt av turistnæringa, gjerne dei litt større aktørane som sit å kassar inn på eit av dei mest vellukka marknadsføringsprosjekta innanfor norsk turistindustri, nemlig Vestlandet med sine stereotypt høge fjell og djupe fjordar. Dette sel som hakka møkk til tyske bobilturistar, dei fleste over førti år.

Kva med oss unge som ikkje er turistar? Vi kjem ikkje flyttande i takt med felespel og bunadsgnål. Det må andre saker til. Mange har spurt meg om å komme med den magiske oppskrifta på kva som kan snu flyttestraumen som unektelig går ut av fylket. Eg kan ikkje svare, men eg kan trekke ein parallell til Island. Island er hipt og moderne mens også historietynga. Korleis fekk dei det til? Korleis fekk den historietunge, tilsynelatande gudsforlatte sagaøya midt uti det forblåste havet merkelappen trendy, hotspot,..? Eg trur det har noko med kulturen, innstillingen å gjere. Medan folk i Sogn og FJordane enno sit å ergrar seg over å bli styrt frå Oslo, og græmjar seg over den fordømrade makta på Østlandet, og dermed, sidan dei overkøyrde ofte held på sitt, tviheld på sitt, køyrer Island eigenrådig sitt eige løp. Island har dermed klart å få si eiga historie sexy, dei små hårete vikinghestane har blitt motedyr, og Reykjavik ein av Europas mest interessante storbyreisemål. Sogn og Fjordane derimot, innbiller seg fortsatt at bunader er noko eigenarta for fylket. Det som er eigenarta for Sogn og Fjordane, er at dei fortsatt innbiller seg at bunadstradisjonar er eigenarta, og at bunadstradisjonar sel. Stagnasjon er med andre ord fylkets merkevare. Det sel ikkje.



Kvahar Sogn og FJordane på ein marknad å bestille? Lite, skal vi sjå befolkningsstatestikken.

Og kva hjelp det å bli kåra til fylket med best levekår når takhøgda for meiningar er omtrent like høg som i ein boks for makrell i tomat?

Godt nytt år, god ny takhøgde og godt nytt image!

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...