Gå til hovedinnhold

Styrk lokaldemokratiet

Tenketanken (som er nedsett for å legge ein plan for korleis betre omdømet til Sogn og Fjordane) har lagt fram ein rotete rapport. Gi oss heller gode lokalpolitikarar.

(kommentaren stod på trykk i Firdas lørdagsutgave 26.januar 2008 i den faste kommentarspalten Arena der eg er spaltist).

I lokaldemokratiet skiftast politikarane hyppig. Hyppig utskifting gir tap av erfaring, opparbeidd nettverk og politisk kompetanse, blant anna lobbykompetansen som trengs når Sogn og Fjordane skal få gjennomslag for krav om å få del i ressursane på kystnær sokkel.

Ved å betre vilkåra for dei som tek på seg lokalpolitiske verv, kunne ein få ein sterkare lokalpolitisk kontinutet. Mindre gjennomtrekk vil git eit meir rutinert og robust lokalpolitisk styre. Godt lokalt styre kan i sin tur styrke lokalsamfunna, og gjere distrikta til meir attraktive stader å bu. Og no snakkar vi om marknadsføring.

Uansett politisk styre. Stadig færre vil flytte frå bygda til byane, kort sagt fordi dei store flyttestraumane foregår innad eller mellom byar og bynære strøk. Dette er ein global samfunnstrend det neppe er mogeleg å snu, sjølv om trenden er tydelegare i Norden enn på det europeiske kontinentet der flyttestraumane til ein viss grad går i alle retningar. Der går straumane også ut av dei store byane, noko som blant anna rammar Berlin.

Berlin har i dag ein infrastruktur og ein bustadmasse tilpassa eit langt høgare folketal enn det byen har per i dag.

Tenketanken peikar i sin ferske rapport ukritisk på at Finnmark fylke nyt godt av å vere del av regjeringas nordområdesatsing. Nordområda har før vore så lite interessante for Norge at vi ikkje ein gong veit kva slags vertilhøve som finnast i Barentshavet. Dette skal ein no prøve å forstå i løpet av Polaråret. Med ny viten kan trafikken til og frå oljefelta bevege seg tryggare til havs.

Men meiningane rundt nordområdestrategien kan seiast å vere høgst delte sjølv om den regjeringsbestilte rapporten «2025 Ringer i vannet», indikerar at aktiv utvikling av nordområda kan føre til at Nord-Norge blir det mest attraktive området i Norge for teknologi og nyetablering. Men ei satsing i nord er i stor grad basert på funn og utvinning i petroleumssektoren, stikk i strid med tenketankens eigne tankar om Sogn og Fjordane som framtidig miljøfylke.

Regjeringa snakkar heller ikkje om at fiskeindustrien langs kysten stort sett er oppkjøpt av gigantkonsern og legg lite skattepengar att i distrika. Inntektene frå olje- og gassindustri blir heller ikkje verande. Så er regjeringas nordområdepolitikk distriktspolitikk? Neppe.

Men uansett. Dei som kan, spelar no på nordområdestrengene, mange svært blåaugd sjølv om der uavhengig av nordområdestrategi, skjer utvikling i nord.

I Kirkenes når husprisane svimlande høgder, gruvene på Bjørnevatn gjenåpnar under australsk eigarar, og lokale politikarar kastar blikket østover. Sør-Varanger ser si eiga utvikling i stor grad som eit samspel med Russland innanfor Barentsregionen.

I motsetning til Norge, meinar nemlig Russland at nordområda er overbefolka. Dei anser Barentshavet som ein utkant, og har avvikla sin ”nordpolitikk” som fanst i Sovjettida. No satsar russarane på å avfolke områda blant anna ved kutt i velferdsgodene som før tilfall russarar som flytta nordover. Folketalet i dei russiske nordområda stuper.

Og russarar i nord har ikkje dei heilt store forventningane til at dei vil kunne dra nytte av ei eventuell utbygging i nordområda. Her kan vi trekke parallellar til Sogn og Fjordane.

På norsk sokkel foregår tidenes største leite- og investeringsaktivitet i petroleumssektoren med åpning av fleire nye felt. På land sit Sogn og Fjordane å vippar på gjerdet, arrogant oversett av eit eigenrådig StatoilHydro som ikkje ein gong gidd søke konsesjon om å få levert straum frå Lutelandet til Gjøa-feltet. StatoilHydro vil hente straumen sin frå Mongstad. Oljeeventyret er snart over, utviklinga viser at vi er i ferd med å bli ein gassnasjon, deretter vil kanskje off shore gasskraft og havvindmøller overta ute i havet. Dette er ikkje lett å spå.

Men ein ting er lett å spå. Fylket treng dyktige politikarar med framtidsretta næringslivsteft. Dette vil i sin tur kunne gi avkastning i form av eit offansivt image, inntekter og velferd. Sogn og Fjordane treng fokus.

Men rapporten tenketanken har lagt fram, ber preg av nettopp manglande fokus og lite nytt. Med stor grad av uspissa faktaoppramsing heller enn nytenking, har dei produsert ein ufokusert rapport der dei har sausa saman alt det vi alt veit og alt som er sagt. Rapporten viser heilt klart at det trengs nye tankar i Sogn og Fjordane, og det på eit meir strukturelt nivå. Å mase om at og om att om at vi må integrere tilflyttarar og ellers vere snille, hjelper ingen. Det veit vi godt frå før.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...