Gå til hovedinnhold

Jenter, bygg nettverk! Gi faen i flisespikkeri og intrigemakeri.

Vasete kvinnedagsdebatt frå Førsund og Tonning i Firda. Les debatten her på Firdas bloggforum.

Både kulturentrepenør Randi Førsund og SV-ar Rita Tonning bidreg retorisk til å stemple både seg sjølv og andre kvinner med siste dagars "kvinnedagsutspel" i Firda. Kvar er kvinnekampkompetansen blant kvinnene i fylket? Den er i alle fall ikkje på trykk.

Ein kan spørre seg Randi Førsund og Rita Tonning har særlig greie på kva debatten rundt kvinner og kvinners stilling faktisk har dreia seg om siste åra. Argumentasjonen deira kan tyde på det motsette. Kvinnedagsdebatten i Firda har vore prega av vasete utspel og ubegrunna påstander om kvinner og debatt kvinner i mellom.

Randi Førsund synest jentetreffet til Sparebanken Sogn og Fjordane verkar litt som «Jenteklubben Grei». – Kva er det å vere vågal, som dei kallar det i brosjyren? spør Farsund.
Her er det ikkje Sparebanken som går seg ut på glatta, men Førsund. Dersom ein har fulgt litt med i media, vil ein vite at det har vore mykje fokus på nettopp manglande nettverksbygging blant kvinner. Eg blir provosert når eg les denne typen sleivete utspel, og Førsund oppnår lite anna enn å stemple kvinner som tenker seg inn på dei baner som til no har vore menns territorie, mellom nettverksbygging. Kvinner kan kort sagt ha godt av å nettverke litt.

Nettverk er svært viktig både i media, næringslivet og i politikken, og ikkje minst i kulturbransjen som er Førsunds eigen bransje. Kvinner har ofte problemer med å kome seg gjennom glastaket, nettverk kan hjelpe dei gjennom. Her i Oslo har mellom anna Juristforeningen gjort forsøk på å danne kvinnenettverk, nettopp for å hjelpe kvinner opp og fram i næringslivet.
Heller enn å gå i strupen på Sparebanken, vil eg gi honør for tiltak som bidreg til at ressurssterke kvinner kan kome saman og utveksle erfaringar. Er det ein arena det er viktig for kvinner å profilere seg på, så er det nettopp i det mannsdominerte og mannstopptunge næringslivet.

Vidare meiner Førsund jentetreffet i banken fortel at det er vågalt å starte butikk eller andre ufarlege «typiske kvinneting», seier ho til Firda.
No er vi nede på nivået som kan kallast for flisespikkeri. Klart det kan vere vågalt å starte butikk. Mange har prøvd, mange har feila. Nokon klarer seg, men svært mange går dukken. Å trekke fram ”typiske kvinneting” her, blir kort sagt stigmatiserande i møte med kvinner. Dette luktar av personlege motiv og ønske om å utelatande lage bråk. Utsagnet er ikkje utdjupa. Det er usaklig, og fjasete og kan sjå ut til at Førsund manglar gode argument. Kvifor går ho ikkje på strukturelle problemer, men på utforminga av ei brosjyre?
Førsund seier ein blir latterliggjort om det er snakk om større pengesummar. Eg skulle gjerne hatt belegg for påstanden. Vi veit alle at kvinner dominerar i næringslivet, men latterleggjer Innovasjon Norge kvinner som ønsker å etablere eiga bedrift og treng mykje pengar?
Eg vil tru Innovasjon Norge vurderar det enkelte tiltak før dei gir støtte, og litt av konseptet er jo nettopp å hjelpe kvinner opp og fram. Veit Førsund eigentleg kva Innovasjon Norge står for og driver med? Bygger dette utelatande på personlege erfaringar?
Det finnast ei rekke tøffe damer som har grunnlagt bedrifter og omset for millionar og milliardar, men vi treng fleire slike tøffe damer, difor er treff som Sparebankens jentetreff, viktige. Jenter må stå saman, samarbeide og gjerne nettverke heller enn å gå i strupen på kvarandre.
Forsøka på ”kvinnedagsutspel” som har vore i Firda siste veka, er lite anna enn banalt fordummande på kvinnekampens premisser. Eg er feminist, og eg kan ikkje stille meg bak ein slik ubegrunna argumentasjon.



Førsund seier vidare at ”Vi skal ha plass til alle kvinner anten det er Erna Solberg eller Karita Bekkemellem.” Ho trekk fram to beintøffe karrieredamer. Kva meiner Førsund? Utsagnet stemplar unekteleg både Solberg og Bekkemellem. Kva er den store forskjellen på dei to sidan vi visstnok må ha stort rom for å gi plass til begge? Kvar er Førsunds takhøgde? Dette er fordomsfull retorikk, intet mindre.
Representerar desse to for Førsund to ytterkantar som vi ”likevel må godta”? Kva meinar ho? Eg forstår ikkje uttalelsen. Utsagnet er kort sagt både sleivete og upresist, og har lite i ein kvinnedagsdebatt å gjere, med mindre retorikken skal forsvare at vi kan godta feministar både i sentrum, til høgre og til venstre. Meiner for eksempel Førsund at Bekkemellem er eit kjolenek, og Solberg ein barsking? Eg anar ikkje. Utsagnet heng i lufta.

Tidligare likestillingsminister Karita Bekkemellem sa til Bergens Tidende for eit par veker sidan at litt av årsaka til at ho måtte gå av som statsråd, var nok at ho hadde vore litt for lite flink til å pleie nettverk. Nettverk er svært viktig også for kvinner. Bygg nettverk!

Rita Tonning i Fellesorganisasjonen kjem i Firda med eit anna merkeleg utspel: – Eg trur ikkje at vi kvinner alltid er så flinke til å tole at andre kvinner kritiserer oss i det offentlege rom, seier Tonning til Firda.
Kvar tar ho dette frå? Dette er synsete, subjektiv og spekulativt. Kva meinar ho? Bygger ho retorikken sin på siste dagars vasete utspel frå Randi Førsund? Det er i så fall ikkje representativt for kva vi kvinner tåler i offentleg debatt. Det finnast ei lang rekke beintøffe feministar som er både rå i offentlig debatt, kan begrunne det dei meinar og som tåler ein real trøkk. Det gjer også andre damer. Kva slags damer er det Tonning snakkar om? Utsagnet heng i lufta.

Korleis trur du menn oppfattar krangelen kring kvinnedagen? spør Firda og Tonning svarar: – Eg trur dessverre det er slik at nokon menn synest at det er underhaldande, og tenkjer at det er typisk kvinner å brake saman på denne måten. Ho trur at oppførselen resulterer i hovudristing hjå mannfolka i fylket. Dette utsagnet fortel ein heil del. Tonning meinar at kvinner tåler kritikk dårlegare enn menn. Dette er stempling av kvinner som debattantar. Og kvar tar ho dette frå? Siste dagars tulledebatt i Firda?
Menn flyg i like stor grad som kvinner i strupen på kvarandre i media. Ristar kvinner på hovudet av det? Er det slik at då ”ristar kvinner på hovudet?” Hæ? Bør kvinner riste på hovudet av det? Kvifor inntar Tonning denne posisjonen og seier at ”menn ristar på hovudet”? Det hadde gått an å sei at folk ristar på hovudet.

Eg skal sei deg ein ting. Det er ikkje berre menn som ristar på hovudet av debatten som har gått i Firda. Det gjer kvinner også. Og eg ristar på hovudet av Tonning. Tonning tilhøyrer SV. SV er skulerte feministar. I alle fall vanligvis. Tonning deler i menn og kvinner, og bidrar til å sette eit skille mellom menn og kvinners syn på debatten. Kvifor? Utsagnet står igjen som overflatisk og vasete, som resten av kvinnedagsdebatten i Firda.

Fakta er dette: Kvinner er i langt mindre grad enn menn aktive i offentleg debatt, vi trenger kvinner som deltar. Det vi minst av alt treng, er defansive bakstreverske utsagn som stemplar kvinner som meir sarte enn menn. Vi er ikkje meir sarte enn menn, men vi er mindre synlege.
Utsagn som det Tonning kom med i Firda, bidreg kun til å halde kvinner utanfor debattarenaen. Eg er ikkje sart og pinglete, og eg tåler kritikk like godt som ein mann. Det finnast haugevis av damer som er like tøffe og tøffare enn meg, men vi er færre enn mennene. Kutt ut vaset, Tonning. Ja til kvinner ut på den offentlege debattarenaen! Ja til offensiv feminisme, nei til defensiv retorikk på våre vegne.

Eg gjentar, jenter bygg nettverk! Gi faen i flisespikkeri og intrigemakeri. Moderne feminister inntar næringsliv, politikk og kulturliv. Fokus er retta gjennom glastaket, vi skal opp og vi skal fram. Vi vil ha nettverk og debatt, men vi vil ha debatt som kan gi konstruktiv avkastning, ikkje fjasete utspel i avisa som kun bidreg til å skape splid og dårleg underhaldning.

Næringslivet sit på den reelle makta i vårt samfunn, kulturfolk på definisjonsmakt. Vi treng kvinner på alle arenaer, bli ny-dag eller ikkje. Honør til Sparebanken. De må gjerne bruke kvinnedagen til nettverksbygging, så kan dei som ikkje har lyst til dette, kort sagt finne på noko anna.

God kvinnedag.

Anne Viken, offensiv feminist.


innlegget på firdabloggen

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys...