Gå til hovedinnhold

Journalister kan ikkje blogge

kan vi lese på journalisten.no. Årsaka er : – De fleste journalister har tilbrakt tiår med å bli kvitt personligheten sin, nå er de nødt til å finne den igjen. Det er ikke enkelt, mener Tinworth, som selv har blogget siden 2001.

Hm. Kanskje det stemmer. Mange journalistar eg kjenner seier at dei har blitt arbeidere, dvs dei jobber avstad med tekst, mekker saker som så vert pusha på nett eller på papir og så dumpa ut på markedet. Akkurat som om dei baka brød til ein konsument. Da er penger og det å få jobben gjort målet. Men jobben blir jo gjort bra da. Det skal dei ha, sjølv om dei kaller seg arbeidere..

Eg for min del føler at eg har ikkje heilt nådd dette punktet enno. Eg har ikkje begynt å kalle meg sjølv for arbeider. Eg leverer ikkje på samleband. Og har i første omgang personligheten min intakt sjølv om den vel forandrar seg, og kva kan ein sei er avsliping, forandring, og kva kan ein sei at er "fjerning av personlighet?"

Eg tviler vel seriøst på att eg er typen til å dumpe meg sjølv til fordel for fast jobb i ei eller anna fansy blekke. Eg jobber i landets desidert beste avis, og har både personlighet og integriteten i behald. Handler å dumpe personligheten sin om å kaste integriteten på båten? Nei, det håper eg ikkje. Det er det siste ein journalist skal gjere.

Handler det om å bli god på samarbeid? Det er ein gode eigenskap å samarbeide, men å slipe av seg det som er eins eigenart er vel aldri ein spesielt god deal. Eller er det nettopp denne påtvungne avslipinga som gjer at norske medier er dønn like og dønn kjedelige og manglar spreke anslag, og som fører til at journalistar går i flokk, til forskjell for ein del tusen bloggarar.. Tja.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...