
I dagens BT har Firda-sjef, Stang, eit innlegg der han seier at "Lokalavisene har aldri vore betre".
Han skriv at journalistane i lokalmedia vert beskulda for å vere lite urbane. Her må eg påpeike at det nok er Stangs eigne komplekser for å føle seg lite urban som slår gjennom. Ingen har, så langt eg har sett, nevnt dette nokon stad.
Uansett. Det ser ut til at dei fleste som har delteke i debatten, unntatt redaktørane i Sogn og Fjordane, har skjønt kva debatten dreiar seg om. Sjølvforsvar er ikkje alltid den mest reflekterte responsen. Ved sjølvforsvar forblir ein på sidelinja, men sidelinja er også ein posisjon å innta.