Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2008

Eventyr

Det var ein gong ein mann som heitte Pål. Han var sterk, mørk og fager og var kjend i heilt kyrkesoknet som ein gudfryktig og høgt akta mann. Kvar søndag kom han til kyrkjebakken, og det glimta i klokker og seletøy alt før ein høyrde vogna kome opp dalen. Pål var sterk som ein bjørn og elegant som ein hjort, og det ryktes i mange kykjegjeld at før Pål var tretten år, hadde han teke livet av ikkje mindre enn fire bamsar med berre nevane. Då onkelen hans fekk for dårleg pris for ein hest, drog Pål til kjøparen, drog han ut døra, slakta hesten, bandt mannen fast med hestetarmar til ei gran, hogg av grana ved rota og skubba den på sjøen. Den karen såg ein aldri meir, men på trass av dette påfunnet, dette skjedde trass alt i ung alder - hadde Pål eit umåteleg dametekke. Dei frykte ikkje hestetarmdøden, og strøymde til kyrkjebakken frå fjern og nær. Ein måtte ansette ekstra prest for å få avalde gudstjenester slik at alle som ville, fekk kome innomhus iallefall ein gong i veka slik seg hør o...

Høst i Oslo og lesestoff

Når det er høst, trenger ein meir enn ellers godt lesestoff. Eventuelt kan ein sei at det finst fleire grunnar enn ellers til å sitte inne å lese seg gjennom dunger av bøker og magasiner og anna ein lenge har tenkt ein skulle lese, eventuelt nye funn ein berre må kaste seg over, samt ein del akk så uforutsigbar samtidslitteratur. Ein veit aldri kva ein får, men akkurat no veit eg kva eg får når eg opnar ei bok. Eg driver å leser meg gjennom John Steinbecks forfattarskap, og prøver å skjøne korleis det er mogeleg å vere så jævlig flink. Eg får lyst til å dra til Salinas og Salinasdalen, der størsteparten av handlinga i East of Eden foregår. Eg får i det heile tatt lyst til å reise til USA, men akkurat det er ikkje så uvanleg til å vere meg. På nettet fant eg dette nye fotomagasinet "I heart magazine" , som eg straks fann ut at eg måtte sjekke ut. Som sagt så gjort og det kom i posten. Her er bilder av gateliv, mennesker og situasjonar. Kort sagt like godt lesestoff som ei god ...

sånn ser ein dyktig skribent ut

From Anne Viken-blogg Andrè Gali From Anne Viken-blogg Svein Egil Hatlevik og til slutt, Anne Viken - fritt vilt for skyts fordi vi er rutinerte nok til å ikkje ta oss nær av det? From Anne Viken-blogg

Sure Sørum i Sogn Avis

Dette blogginnlegget er redigert etter innspel om at eg må vere litt mindre tøff i kjeften mot urutinerte/ dårlige skribenter. Eg tar innspela til etterretning, men held fast på at eg meiner nivået på denne kommentaren i Sogn Avis (som eg kommenterer her i denne bloggposten) var for lågt til å vere i ei avis. Den stod lørdag 25.oktober i spalten Innhogg. Min kommentar her på bloggen begynte slik: Eg veit ikkje kven Janne Sørum er, men eg veit at Sørum feilsiterer meg i Sogn Avis, og dersom dette er meint å vere ein kommentar, skulle den kanskje ha vore redigert? Dette er da vitterlig kun oppramsande og lite nytenkande, med tidenes dauaste konklusjon: "Det er lett å kritisere men vanskeligare å faktisk få til ei endring" (paddeflatt - kva med litt tekstteknikk?) at eg tenker eg let det ligge. ----Denne starten i denne bloggen er muligens for røff, for tøff å få i trynet for ein som skriver kommentar i lørdagsavisa? Det kan ein kanskje sei, eg er usikker. Men når ein, sorry meg...

Fjordhest NM Førde 2008

alle foto anne viken Bileta er henta frå min reportasje om fjordhest i Dag og Tid www.dagogtid.no

Norges suraste fylke? Sogn og Fjordane?

Norges suraste fylke, er NRK si overskrift. Eg kjem frå Sogn og Fjordane og eg må sei eg kjenner meg ikkje att. Eg reiste rundt i fylket to veker i sommar og intervjua masse folk, gjekk på kafear og spurte etter vegen, traff politikarar og bibliotekarar, var i bokby og på fjellet, ferjer og fjordhestgardar, men folk var blide og hjelpsame, sjølv om dei veit at eg brenner bunader i mengder og lass kvar gong sjansen byr seg;) Eg besøkte tanta mi på Viksdalen, og der arrangerer dei onsdagskafe kvar onsdag. Det kom innom ein forfrosen syklist ein dag eg var der, og dei gav han kaffe og vaflar på biblioteket. Det var veldig hyggelig og mannen vart varm og tørr før han sykla vidare. Det kom også ei rekke veteranbilar forbi, og vi slo oss ned å prata med dei medan vi åt is i skuggen utanfor butikken. Eg var også på Osabua å prata om laust og fast med eigarane, samt folk som sat utanfor, og det heile var svært hyggeleg. Eg er ein stor fan av burgeren til Osabua, samt fruktdrinkane deira. Ette...

volds-chatting

me: kvar er du. ditt nek Ellen: hæ? jeg er her... din tufs me: TUFS?? slabb dunk smell donk donk donk oink vrææl klapre bang Ellen: å ja? å JA? ta DEN! og Den!!! me: dukker smekk bang (hul lyd- ellens hode treffer bakken) Ellen: hehe men jeg har på meg gummidrakt og spretter rett opp igjen og sparker anne i ballene. kading!!! me: anne har piggultrakølleb okserdonksmell- sko og smekker til ellen under beltereima med eit ultrakick Ellen: ellen drar frem sin supersonicgigab azooka og blåser hele litteraturhuset med anne inni til hellvette!!! haha me: kabong smekk supersmell Ellen: BANG!!! me: donk donk donk dokn Ellen: hihi nei, zerriøzt hva driver du med? me: hamre smell hamre donk bank (AAAUUUU!!!) hamre hamre sage sage anne bygger hus på Mars Ellen: haha me: satt i litteraturhus, ble sprengt til mars, bygget eget hus Ellen: flott! produktiv dag da med andre ord? me: dumdumtidum damdamtidam dududidudadidam dam Ellen: jeg må gå å vaske opp jeg me: anne gift...

Rapport frå Barentsregionen er på veg

så om det er nokon som vil ha den lange, usensurerte rapporten med metode og lange intervjuer frå start til slutt, samt samanstilling av materialet, kan de sende meg ein epost. Eposten min står på høgre side av denne bloggen her. Denne rapporten tenker eg er interessant historisk dokumentasjon, men ikkje minst også eit interessant dokument frå nord i vår samtid. Rapporten er ikkje fiks ferdig enno, men det begynner å nærme seg.

Mann i gata og kultureliten

Ho vassar i menn og øl og vankar på brune barar. Av og til blir ho forelska og reiser til Balkan eller Afrika, forlet mann, barn og universitet. Eg snakkar om hovudpersonen i Vigdis Hjorths siste roman "Tredje person entall", Hulda Kråkefjær. Hjorth skriv stadig om kvinner som stikk av frå ein kjedeleg mann og A4-livet med ungar og foreldremøte. Pardoksalt nok finn ein del kvinner seg nye menn, dei er avhengige av, eller elskar menn, men desse mennene er til forskjell frå ektemaken, aldri heimesittande fedre som er nøgde med TV-kos, barnemat og ytterst sporadisk sex. Og den trygge mannen med stasjonsvogn og stabilt juletre, er heller ingen attraktiv mann for Hulda Kråkefjær. Dei nye mennene i Kråkefjærs liv reiser ut som krigsreporterar, eller er professorar som flyg frå konferanse til konferanse, gjerne mest det siste. Då hovudpersonen i Hjorths bok "Hjulskift" (2006), vart kjærast med ein bilmekanikar, vart det med ein gong debatt om korleis det hadde seg at...

Sloggitruser og roman

Nei, nå må jeg gå, sier jeg. Må legge meg tidlig og se nyhetene, og skrive litt på min neste roman. Virkelig, sier du. Ja, sier jeg. Jeg skal bli forfatter. Skal ikke du? Jo, kanskje du skulle skrevet en roman, eller ett eller annet om å sloss med bjørner. Om å sloss med bjørner iført sloggi, sier jeg. Hva, sier du. Sloggitruser, sier jeg. Sloggitruser, sier jeg. Trer på meg jakka, og rusler ut døra.

Lederboka

.. som sagt litt usikker på om eg skal lese Mannen uten egenskaper, men denne har eg heilt sikkert tenkt å lese. Har lest ut Vigdis Hjorths siste (Tredje person entall), og den er svært bra fram til hovudpersonen skil seg, men etter det blir det litt for mange nye menn, brune barar og øl. Greit nok med barar, menn og øl, men det blei litt vel masse om att det same, og ein del avsnitt kunne med fordel ha vore kutta ut, men meir om det ein annan gong. Eg må i dette nu skrive ein kommentar om noko heilt anna før eg kan sette meg ned å gjennomanalysere Hjorth, dersom det skulle bli nødvendig å utføre ein slik analyse.

Mannen uten egenskaper - ny bok frå Manifest

Eg aner ikkje kva eg snakkar om sidan eg ikkje har lese den, men den er iallefall verdt å registrere at er på markedet. Om eg kjem til å lese den, veit eg ikkje. Har lese eit utdrag om skattenivå, og eg er ikkje så glad i skatt, men antar det handlar om langt fleire ting enn skatt, og sleppfestar er jo aldri å avsky.

Symmetri i Oslo