Gå til hovedinnhold

Norges suraste fylke? Sogn og Fjordane?

Norges suraste fylke, er NRK si overskrift.

Eg kjem frå Sogn og Fjordane og eg må sei eg kjenner meg ikkje att. Eg reiste rundt i fylket to veker i sommar og intervjua masse folk, gjekk på kafear og spurte etter vegen, traff politikarar og bibliotekarar, var i bokby og på fjellet, ferjer og fjordhestgardar, men folk var blide og hjelpsame, sjølv om dei veit at eg brenner bunader i mengder og lass kvar gong sjansen byr seg;)

Eg besøkte tanta mi på Viksdalen, og der arrangerer dei onsdagskafe kvar onsdag. Det kom innom ein forfrosen syklist ein dag eg var der, og dei gav han kaffe og vaflar på biblioteket. Det var veldig hyggelig og mannen vart varm og tørr før han sykla vidare. Det kom også ei rekke veteranbilar forbi, og vi slo oss ned å prata med dei medan vi åt is i skuggen utanfor butikken. Eg var også på Osabua å prata om laust og fast med eigarane, samt folk som sat utanfor, og det heile var svært hyggeleg. Eg er ein stor fan av burgeren til Osabua, samt fruktdrinkane deira.


Etterpå reiste eg fire veker i Nordområdene, og folk var hjelpsame og hyggelege, kjørte meg rundt på lange turar i Pasvikdalen, serverte te ombord i krabbetrålarar, passa på ryggsekken min, spanderte mat i lange baner, har sagt hei når dei har kome til oslo i etterkant og bede meg besøke slekta si. Folk er da hyggelege? Same opplevde eg i New York i vår, hyggelige folk over alt. Folk liker stort sett folk, og om dei kan hjelpe deg med noko, gjer dei stort sett det om du spør pent og er hyggeleg. Som man reder ligger man, er det eit ordtak som heiter.

Men når ein ser på kommentarane i feltet under saka på NRK, ser ein dei surmaga seigtreige Sogn og Fjordane-folka som ikkje forstår at dette er ei subjektiv reiseskildring. Dei tek det heile som eit angrep på fylket dei elsker, og hatar, over alt på jorda. Surmaga og humørlause er mange av dei og slår fast at dama er sprø, pms eller eit eller anna. Det er kort sagt flaut å lese dessse lite kreative innlegga. Heller ikkje kjem dei med konkrete forslag til folk ho bør besøke, berre ting som at "i Sogn er vi så blide atte". Humørlaust er det. Andre kommentatorar samtykker med forfattaren av boka og seier at fylket er eit drittfylke. Altså anten einig eller ueining, men uansett sur og utan sjølvironi.

Eg lurer på: kvifor blir ein i fylket om ein synest det stinkar der? Det er ingen som limer deg fast.

Kvifor gidd ein ta det så personleg?
Kvifor skriv ein ting som at dama er pms? Det er beint fram flaut å lese slik humørløyse på nett.

Om ein skal snakke litt om sjangeren reiseskildring, som denne boka (eg har ikkje lese den), fell inn under, kan ein sei at forfattarar av reiseskildringar er høgst subjektive. Dette er ingen reiseguide til det ganske land, men ei subjektiv oppleving av å sykle i Noreg. Eg las nett Turen med Charlie (Travels with Charlie) av John Steinbeck, og Steinbeck er ikkje alltid like begeistra og positiv over alle stader han besøker i USA, men det er jo slik det er å reise. Ein liker ikkje alle stadar, og om ein møter sure folk på ein stad, forbind ein denne staden med sure folk, eller dårlig mat eller kva det måtte vere. Eg likte ikkje Las Vegas då eg var der på roadtrip i 2002, og det er da lov. Eg hata faktisk Las Vegas, drittby uten sidestykke, men det er da lov å sei det høgt. I Sogn og Fjordane likar eg best Viksdalen, medan eg synest Bygstad er for fullt av skau, og det er sikkert folk som greier å hisse seg opp over dette også, men folk hisser seg opp over alt mulig, og skal ein halde kjeft om alt ein meiner, blir det jo voldsomt kjedelig.

Så ta det litt rolig, og slutt å ta ting så personlig. Litt sjølvironi og is i magen må ein unne seg, sjølv om ein kjem frå Sogn og Fjordane. Kommentarane i felta på NRK vitnar om mangel på både sjølvironi og humor, samt mangel på kjennskap til sjangeren "reiselitteratur". Sogn og FJordane er eit ålreit fylke, og det største minuset er ikkje at folk er så sure, men at folk er så fordømt humorlause på vegne av seg sjølv, og det er også ganske konservative tilstander.

I Bygstad der eg kjem frå, skjer det så lite at dei har sett opp tre revyar med meg i. Og dei som skriv desse revyane er ikkje s** knivane i skuffa, men det er jo forsåvidt deira sak. Mangel på sjølvironi er jo også ein mangel å leve med. Det var til og med ein knøl i sommar som sa til meg at han jobba meir enn meg for han var bonde og eg skreiv. Det fortel ein heil del om mangel på perspektiv både på seg sjølv og sin eigen setting.

Er det heimesittarane i fylket som sit å skriv i kommentarfelta på NRK? Det kan iallefall sjå slik ut, perspektivlaust er det iallefall. Boka er sikkert gøy den, men neppe genial. Eg ser at den er ute på markedet, og tenker omtrent slik: nok ein journalist har farta litt og skriver eit eller anna for moroskuld i atter ei reiseskildring som snart er glømt.

Det er ikkje noko eg brukar pengar på. Så folkens i Sogn og Fjordane, ta det piano. Om to månader er denne boka gløymt, men det som vil bli hugsa, er dei sure reaksjonane frå Sogn og Fjordane.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...