Gå til hovedinnhold

Debatt som samfunnsutvikling

Trykt i lørdagsutgåva Firda 1.des 2008.

I mi siste Arena-spalte tenkte eg snakke litt om korleis og kvifor skape debatt, samt korleis skrive bra, fullstendig klar over at eg ruslar inn i atter eit minefelt uten fasitsvar.

Meg sjølv: Eg brukar det skriflige mediet for å fremme saker på same måte som politikarar brukar politiske parti, og årsaka til at eg skriv, er ei urokkeleg tru på debatt som redskap for samfunnsutvikling og kompetanseheving.

Generelt: Skal du skape debatt, treng du a) å ha eit sterkt engasjement og ei klar hensik, og b) ein penn som klarer å trigge temperaturen. Den gode pennen og debatten er med andre ord redskapar på vegen mot målet som er endring eller påvirkning av samfunnet på eit eller anna nivå.

Skribentar og redaktører som ønsker å sprenge debattmuren, treng både ein spissformulert bodskap og ein god penn. I tillegg er det ein fordel om ein veit kvar triggerpunkta er, vågar å trykke til og finn eit passeleg tidspunkt. Dette er rein taktikk med tanke på merksemd og konsekvensar av debatten, og sidan vi i aller høgaste grad treng debatt som gir konsekvensar, er alle desse faktorane viktige.

Legg ein slagplan

Om du har ei sak du vil ut med, kan du tenke på deg sjølv som eit rovdyr som sirklar inn byttet for så å slå til etter nøye beregningar. Det vere seg stad, tid og eit passeleg lag av allierte som du veit vil kome på bana når motangrepet kjem, for det kjem alltid. Dei allierte treng ikkje vere synlege, så lenge dei har innflytelse, men av og til vil allierte bli overkjørt av røkla. Det skjedde i bunadsdebatten, og det heile vart eit kjempesirkus som avdekka bunadselitens manglande blikk på eiga rolle, men imagedebatten vart på tross av dette, eit forrykande show om vi ser bort frå kriterier som kvalitet.

Prolog: Eg hadde tenkt på problematikken rundt bunadseliten i årevis, og kongens bursdag var ein ypperlig sjanse til å få ein nyhendeaktualitet rundt kostymeimaget til Sogn og Fjordane. Då bunadsgruppa gjekk på scena, sette eg meg framfor tastane, søndag visste eg at den vart sak og mandag morgon var eg vaken då NRK ringte. Vi hadde ingen avtale, men vi veit alle at det var krutt i innlegget og at det smalt godt i bunadsdebatten. Prosjektet var vellukka.

Eksterne kritikarar

Men ikkje alt ein gjer endar opp som vellukka stunts. På min blogg slakta eg for få veker sidan eit langt under lågmåls Innhogg-bidrag i Sogn Avis. Eg mottok kjapt mail frå ein journalist i NRK Sogn og Fjordane som meinte at eg hadde gått over streken. Eg kan vere einig med han, men om du sjekkar ut Innhogg-spalta i lørdagsutgåva av Sogn Avis, ser du raskt, om du har kvalitetsbrillene på, at denne spalta er ein plattform der låg kvalitet ser ut til å vere eit mål i seg sjølv. Når det er slik stilt med krava til prestasjonane på trykk, får ikkje dei skrivande menneska som potensielt kunne ha blitt gode, og som dermed kunne ha skapt debatt og utvikling, kvessa klørne.

Difor meiner eg kritikken mot ambisjonsnivået i Innhogg-spalta var på sin plass. Årsaka er denne: Kommentarar som blir produsert uten språk, taktikk og mål, fungerer ofte berre som dårlig lesestoff. Kva har ein då spalter til? Kosestoffet må jo om mulig vere enda betre for å fungere.

Dialogen med NRK-journalisten var konstruktiv og eg tenkte meg om, men utan tilbakemeldingar på kva ein gjer og skriv, veit ein ikkje om det ein gjer er bra, og vil ein vite sanninga om eige nivå, nyttar det ikkje å gå til kompisane sine for skryt. Ein må ofte ut av sin eigen krets for å finne nokon som kan gi kvalifiserte vurderingar.

Anerkjennelse

Her kan ein trekke ein parallell mellom mitt eksempel frå bunadsdebatten og ein middelmådig skribent. Verken bunadseliten eller ein middelmådig skribent vil vite av kritikk med det resultat at ingen av dei forbetrar sin posisjon eller forandrar seg. Dette er eit typisk trekk ved miljø som framelskar ein ideologi eller stolpetru på heilt andre ting enn kompetanse, og når kompetansen din ikkje lenger er eit kriterie, flyt ein på anerkjennelse frå sine nærmaste. Ein treng ikkje lenger prestere og nivået blir deretter.

Poenget mitt er enkelt. Utan konkurranse og krav til kvalitet på innlegg og utan kritisk blikk på rådande samfunnsoppfatningar, blir det ikkje stilt krav til dei som skriv eller driv samfunnet, og då får ein heller inga kompetent utvikling. Difor er det frå media si side viktig at redaktørane følger opp engasjerte menneske som vil skrive debatt og tenke taktikk, kort sagt som ein del av medias samfunnansvar. Nye stemmer kan kome til å utøve stor positiv innflytelse dersom dei lærer å bli virkelig gode, ikkje berre gode nok til å skrive for kompisane sine.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys