Gå til hovedinnhold

Bolle i ovnen: ny utgave av Fett i butikken


Igår var eg på sleppfesten til Fett på Sound of Mu. Der fekk vi bollar og kjentfolk og siste nummeret av Fett. Eg er alltid spent på kva Fett bringer, og med kaffe og pizza satte eg med ned for å lese. Fett denne gongen handlar om den gravide kroppen. Alle dameblad skriv om graviditet og amming og babyer og alskens stadig vekk, så kanskje ikkje eit uvanlig tema, men Fett angriper uansett oppgava på sin eigen måte, og det gjorde at eg vart sittande å lese der eg vanlegvis kastar frå meg dameblad, om eg i det heile tatt plukkar dei opp.
I leiarartikkelen "På tjukka", les vi at plutselig var alle i Fett på tjukka: "Da vi startet Fett i 2003/ 2004, var vi en gjeng unge og uetablerte feminister, med tvilsomme sivilstatuser og mange år foran oss til å gjøre alt mulig annet enn å stifte familie. (...) Siden har tiden, realitetene, skjebnen og tilfeldighetene innhentet oss." Og deretter kosa meg det litt sånn tja, ekle diktet Vena Cava. Klarer ikkje heilt forholde meg til trykk på blodårer og sånt som får deg til å besvime dersom du ligger på ryggen, men ok.

Så har vi ein artikkel frå Brasil, "Den syndige kvinnen" av Majken Paulsen, som klarar å skrive nytt og fengande om det oppgnagde temaet: kvinner og prevensjon i fattige strøk/ manglande tilgang på abort. Det er godt gjort å løfte tema og saken til over det evinnelege stakkars kvinner og dei har det jævlig - nivået som ein tidsvis blir nedrent av når vestens sjeler drar ut for å skrive om alle stakkarane som lever på andre delar av kloden med ein overveldande oss-dei distanse. Ho formidlar problemstilligane på ein engasjerande og personlig måte gjennom møtet med Marisa som venter sitt tredje barn med ein tredje barnefar. Godt skrive er det også. Fett sine tekstar har nådd høge journalistisk nivå i Siri Lindstads redaktørperiode.

Eg tek meg i å lure på kor mykje tid Lindstad brukar på å redigere tekstar, eller kjem dei inn som ekstremt god råvare ein berre kan pusse litt på? Eg har sjølv skrive fleire store saker og portrettintervju for Fett, og tenker at tekstane som no er på trykk er langt betre enn det eg sjølv presterte den gong då. Uansett, les og bli vis!

Den neste saka eg let meg begeistre av, var illustrert med bildeserien du ser over her. Ei kvinne i kvitt undertøy i ein tom leilighet. Fotograf er Vibeke Tandberg og saka heiter "Kastet inn i livet", og er eit intervju skrive av Siri Lindstad. Intervjuobjekta er styremedlemmer og redaksjonsmedlemmer i Fett, og tema er det å vere gravid, å vente på eit barn og alt rundt: "Det er som å vente på en julepresang. I alle fall når sjokket har lagt seg." Denne saka fram det damablader og mange ikkje klarer, det ærlige blikket og dei kvardagslege observasjonane. Om fortvilelse, glede, om alle som vil ta på magen og diskutere magemål.

Eg er litt usikker på korleis eg skal forklare min fasinasjon for denne saka, men eg gir det eit forsøk. Fire kvinner i trettiåra prater om eit tema alle har eit forhold til: graviditet eller det å skulle få barn. Det heile er skrive som ein samtale utan kommentarer og vurderinga, kun sitat følger sitat, og du kan sjå for deg kvinnene der dei sit, er uenige og enige. Mykje skuldast nok ein god penn og ein skribent som beherskar språket så godt at samtalen blir levande: bølgar fram og tilbake, og held på deg som lesar. Ei anna årsak til at eg let meg fasinere, kan sjølvsagt vere temaet og mi interesse for feminisme, men eg trur ikkje det ligg berre der. Samtalesjangeren finn ein stadig her og der, fortrinnsvis i tidsskrift, og den fungerer sjeldan så godt som her.

Årsaka er gjerne at det sklir ut, at den skarpe pennen manglar eller mi eiga manglande interesse for stoffet, men uansett kva årsaka er: "Kastet inn i livet" står for meg som eit forbilledlig godt løst sak bygd på samtale, utan at eg er ekspert på tema. Eg er berre ekspert på å la meg fasinere grundig når noko er virkelig bra, eller å la meg sjokkere når nivået soper under golvnivå, og her er det ingen tvil. Saken er grundig bra. Eit anna moment for fasinasjonen, kan vere at sjangeren her minner om den lette og ledige tonen som prega Sirene på 70-80 talet.

Dei heilt enkle konkrete observasjonane som vi alle kan forstå eller kjenne oss igjen i, og som angår noko felles mellommenneskeleg og konkret, eit tema som ikkje er smalt politisk eller filosofisk, hardtygd og godt fordøyd frå Blinderns irrgangar og trange kontor, men rett frå levra, enkelt frå det daglege livet vi alle lever. Og eg merker at eg liker det. Eg liker at folk berre snakkar, snakkar og snakkar uten ei høgare analyse, utan ein utanforståaned kommentator som pøser på med fakta og analyser om graviditet og amming og kvinners levelengde og fruktbarhet og mannens rolle og statestikk og ekspertuttalelser. Og den befrielsen, å sleppe å lese ei sak dynka i utenforstående faktahaier og forskningsfanatister, å sleppe at desse fire kvinnene er gjort til case i ein eller annan forskar sin presentasjon av sine siste funn, men at dei får snakke fritt og enkelt, gleder meg og river meg med. Eg ønsker meg fleire saker som dette. Eg ønsker meg fleire gode samtalar på trykk. Ei sak som minna om denne var saka om Wenche Foss i A-magasinet 23.januar i år: "Du, jeg synest du begynner å se sliten ut. Ta denne kjøttkaken. Jeg kan ikke kaste mat", sier Myhre til journalisten, og eg koser meg. Det er når mennesket synes i sakene, at sakene får sjel.
(illustrasjon: www.fett.no)

Vidare kunne eg også ha prisa ei rekke andre artiklar i Fett, men eg overlet til lesaren å sjekke ut. Her er mange godbitar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys