Gå til hovedinnhold

Det mannlige griseblikket.

Aschehoug-forfatter Preben Z Møller kom etter nyttår med si skjønnlitterære debutbok Deflora.


Boka er ingen typisk norsk debutant, slik eg leser den, og norske debutanter er langt frå alltid interessante (ifølge meg). Denne boka presenterer eit politisk ukorrekt innhald, og blei av Klassekampen omtalt som eit personlig kampskrift og ein kronikkroman (bokmagasinet). Her tipper eg over til å tenke at her sit ein fornærma anmelder og taster, Klassekampen og Morgenbladet blir nemlig kraftig harselert over, særlig i starten av boka.


Og sjølv om beskrivingane frå pressemiljøet ikkje er truverdige, får han inn ein del slag under beltestaden for Litteraturhusets korrekte elite. Eg veit hovedpersonen Preben, ein mann på 52, skal vere ein insider i miljøet han omtaler, men dette fell gjennom all den tid miljøbeskrivingane frå dette pressemiljøet ikkje er realistiske. Dette gjer at hovedpersonen heller enn ein insider, framstår som ein som hardt strever for å vere inne men som i praksis er ute. Han har ein utanforståandes blikk på dette mediemiljøet.


På starten, når hovedpersonen Preben omtaler dei breiræva damene som serverer han kaffe, og dei antisexy damene i Klassekampen, heldt eg på å le meg skakk. Det var rett og slett veldig morsomt. Etterkvart vart eg litt irritert på hovedpersonen. Kva slags jævel er dette her, som sitter å ser på damene og ser på dei som lite anna enn kropp, stygg og uformelig kropp, som kjøtthauger med trekk over eller noko.


Ein kan på den eine sida sei at dette er blikket til ein vanlig norsk mann som er parkert på sidelinja av kjønnsmarkedet. Han har ikkje lenger sjans på damene, meiner han sjølv, og dette fører til ein aggresjon som han rettar mot damene: eg er lite attraktiv, men det er faen meg dåke og. De breiræva skrivedamer med kulturkropper som vanker på Litteraturhuset og andre kafear i Oslos bobleverden (kultureliten?) får gjennomgå. Iallefall dei med brei ræv.


Ein kan altså på den eine sida sei at dette er ein sint mann som er forbanna på kvinners makt til å definere sjølv kven dei vil ha, til å definere sjølv korleis dei vil sjå ut, og når dette ikkje matcher hans krav, er det dei som er noko galt med, ikkje han sjølv. Eg les det derimot også omvendt: han er ein deprimert og negativ gubbe som ikkje aksepterer verken seg sjølv eller omgivelsane. Han er ein mann som i kraft av sine negative og destruktive haldningar til verda rundt seg, er ein taper på det personlige markedet. Han negative utstrålingar og hans bedrevitande og arrogante blikk er, meir enn noko anna, det som gjer han til ein lite likandes outsider. Eg stemplar han som ein taper på det personlige plan, og også som ein outsider i media, sjølv om eg veit at det siste ikkje er intendert.


Det er “blikket” til denne mannen som er det interessante med denne boka. Ein annan styrke er beskrivingane av hans nasegrus forelsking i den unge jenta Pom i Thailands Pattaya. Her føler han seg attraktiv, og for første gong på lenge opplever han at folk vil ha han. Denne delen av boka kunne uansett med fordel ha vore kutta kraftig ned. Teksten gjentar seg, ein føler at det er lite nytt på kvar side og dei enkle samtalane gir ikkje alltid så mykje informasjon. Det heile stoppar opp over ganske mange titals sider der boka beskriv Prebens forhold til Pom. Beskrivelsane er sukkersøte og veldig bra, han ser på ho når ho et is, ho hoppar i senga, i det heile tatt er Pom ein tydelig og god karakter, akkurat som Preben, men det blir ein del sider for mykje. Ein har gløymt lesaren, og dette skjer dessverre i ein del bøker, blant anna siste boka til Vigdis Hjorth, Hjulskift, som med fordel kunne ha vore kutta ned med fleire titals sider.


Men det er ikkje kutting som er mitt fokus i Møllers bok. Det er blikket. Og dette blikket kan vere greit å få med seg. Det finst der ute. Det er aggresivt. Eg les denne mannen til å vere ein slik mann som heller ikkje har mykje respekt for kvinner. Og sjølv om dette nok mest av alt er eit problem for mannen som eig blikket, kan det nok også slå ut i nettopp handlingar som kjøp av sex, slik som i denne boka. Det er ein lite attraktiv mannsgris sitt blikk på kvinner, og det er ikkje særlig koselig. Det er ikkje rart desse mennene ikkje får seg eit ligg, og det er like greit at vi damene ligger unna dei.


Jepp.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...