Gå til hovedinnhold

Man fødes ikke som mann, man blir det.

skriv min gode kamerat Gali Kunstkritikk.no.

Her kjem mi vurdering av Katja Høst, «Det annet kjønn», Fotogalleriet, 5. – 29. mars 2009.

Politisk korrekt videokunst om kjønn og sånt som ikkje krev anna av deg enn ein middels sterk vilje til å drikke gratis vin.

Eg har kike på denne utstillinga, og det mest fasinerande var klippa som gjekk i bakgrunnen av samtalen mellom kvinnene. Klippa viste ei ganske bestemt og egenrådig dame som kjeda seg skakk ilag med type etter type. Den eine typen ville berre pusse på båten sin heile tida, og gadd aldri finne på noko artig. Den andre typen ville berre snakke om seg sjølv og rette på slipset sitt heile tida, og var ein forfengelig og kjedelig fjott. Ho dumpa begge to. Eg trur faktisk ho klarte å dumpe enda ein fyr, men det fekk eg ikkje heilt med meg. I samtale med ei venninne på slutten seier venninna: "Du må finne deg ein kar som ikkje er redd deg." Så rir dei bort, ho og venninna, og ut av skogen kjem to menn ridande på kvar sin hest, kva no enn dette måtte bety. Happy ending, og kva er happy ending?

På same tid høyrer vi ein samtale mellom nokre kvinner i bakgrunnen. Kvinnene befinn seg i 2009, og dei snakkar om kvinner og menn og roller og sånt. At eg ikkje hugsar eit ord av kva dei sa, seier vel litt om kor interessant og nyvinnande dette var. Høst er atter ein kunstner som klarer å lage lett underholdning ut av kvinner, menn og feminisme og sånt. Treng vi det, eller tjener det berre vår lyst til å drikke gratis pils og vin på vernissage? Det er nok mest det siste, og så er det litt gøy å kikke på noko som ein er enig i og som ein veit mykje om frå før, litt politisk korrekt videokunst utpå ettermiddagen krever heller ingen store tankesprang og ein kan lene seg tilbake og berre kikke på snuttane.

Dette er lett underholdning for dei innvidde. Norsk debatt kva feminisme og kjønnsroller angår, held seg stabilt stand by underholdningsnivå, både i kunsten og i mediene. Lett å fordøye, lett å gløyme.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...