Gå til hovedinnhold

! politikk, MAKT, debatt, NETTVERK!

Fakta om feminster og hårete fordommer

No tek eg utgangspunkt i feminstar og fordommer, og så ser vi litt på fleip og fakta.

Kva er feminisme i 2009?

Feminisme har i dag blitt ein eliteøvelse for dei få. Dei som er aktive og engasjerte feministar i dag, er ikkje bh-brennande og hårete. Dei er engasjerte damer med nettverk og posisjoner. Dei har knekt kodene, og kodene handler i stor grad om makt, nettverksbygging, politikk og debatt. Her finn du ikkje mange deltidsarbeidende sjukepleiere, men for det meste skribenter og journalister, politikere, akademikere og andre med høgare utdanning og posisjoner i kultureliten, akademia og politikken.

Avstanden er dermed stor til målgruppa for mange av sakene dei frontar.

Men gidder yngre damer bry seg?

Feminstane er i stor grad yngre damer. Mange er også eldre. Yngre damer i mange miljøer bryr seg faktisk om kvinnedagen, sjølv om feminisme er i ferd med å bli ein smal, intellektuell slæsj akademikergreie, og at miljøet heilt klart er dominert av langt over middels høgt utdanna kvinner med posisjoner og nettverk.

Kva er så årsaka til at feminst er blitt eit skjellsord for mange i Norge idag?

— Er det fordi feministane er ein elite, adskilt frå folk flest? Det er jo ingen tvil om at det er ein akademisk og kulturelitistisk liten klikk. Dette er synd, fordi dei tek opp saker som angår mange kvinner og dei sit på store ressurser, sjølv om det ofte kan virke som om feminisme som akademisk disiplin har blitt viktigare enn praktisk politikk.

— Er det fordi folk ikkje kjenner seg att i sakene dei frontar?

Det er nok fleire ting her. Mange har sterke fordommar mot feminstar, dei hugsar 70-talet og trur at 2009-feminstane er dei same. Det er dei ikkje. Tidene endrar seg, og med dei feminstane. Ein an ting er at mange oppfatter kvinnesaksforkjempere som sytete. Det er veldig synd, og eg vil sei eg er enig i at mange framstår som sytete, og det ødelegger heilt klart for saken. Men dei som syter, er ikkje nødvendigvis feminstar heller, og mange av dei som seier feministar syt, har ikkje peiling på sakene. Dette går begge veier.

Kva skal ein så gjere?

Det er ikkje full likestilling i Norge, men ein treng ikkje angripe dette med å syte og klage, Ein kan feks angripe det med å bygge seg nettverk, engasjere og posisjonere seg. Damer er også i stor grad ansvarlige for å bruke albogane sine og komme seg fram. Ingen kjem og spør deg om du vil ha, du må hive deg frampå og stille krav. Kan vere det er nettopp dette kvinnene/ feministane i denne eliten har gjort, og skjønt. Dei ber ikkje ved dørene, og dei inntar posisjoner. Heller enn å klage på feminstene, går det an å henge seg med og støtte sakene. Eventuelt kan feministene legge av seg akademiske termer og snakke eit språk folk kjenner seg att i.

Sammen er ein sterke, men det spørs om dagens feminister kommuniserer godt nok kva saker dei fronter. Her trur eg mykje av problemet ligg. Mykje av problemet ligg nok også i at folk ikkje veit kva feminisme går ut på. Dei trur det handlar om mannshat og syting. Dette stemmer ikkje. Feminisme handlar blant anna om samfunnsinnflytelse og rettigheter, nettverksbygging, makt og menn. Så klart, ein liker jo menn. Mykje av problematikken skuldast nok kunnskapsmangel om feminisme og kvinnesaker.

Saker som angår alle

Det er synd at feminisme i ein så stor grad ser ut til å ha blitt ein eliteøvelse for dei få, fordi mange av problemstillingene dei jobber med, er saker som gjeld svært mange kvinner. Kvinner tjener, lik det eller ei, i snitt tjener 86 prosent av ein mann i same posisjon, og det er ikkje full barnehagedekning.

Kvinnedagen

Kvinnedagen har fortsatt ein betydning for mange kvinner, sjølv om dei sjølv kjem seg opp og fram er det fortsatt mange som ikkje gjer det. Kvinnedag og feminisme er jo først og fremst ein kamp om lik fordeling og like rettigheter for alle parter.

Kvinnedagen kan brukast på mange måtar, som nettverkstreff i Sparebanken, 8. marstog eller ein tur på fjellet.

Til slutt trekker eg opp tre ting som eg trur er redskaper kvinner må nytte seg meir av. Vi ser jo, lik det eller ei, og dette er eit faktum ingen kan nekte for, at det er fleirtal av menn i styrer, i polikk, blant kilder i mediene, og på debattplass. Å påpeike fakta er ikkje å syte.

Tre powertools til makt:

NETTVERK; er gøy for både kvinner og menn. Kvinner og menn har godt av litt nettverksbygging, og gjennom nettverk får ein makt, og gjennom makt innflytelse.

POLITIKK: gjennom politikk kan ein sikre likestilling og balanse. Ein kan ikkje vente at alle damer skal ta kamper om faste jobber og likelønn sjølv. Det er ikkje alle som tørr, kan eller orker. Det må vi ha respekt for.

DEBATT: kvinner og menn i det offentlige rom. Men gi oss dei gode debattantane, ikkje dei tomme med show off fakter, og vi vil ikkje ha kvinner fordi dei er kvinner men fordi dei har noko å sei.

God kvinnedag alle damer og mann!

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...