Gå til hovedinnhold

Udyra kjem

Kvart år slår dei til på nye stadar, og ei aukande mengd streifdyr vil framover innta rovdyrfrie områder. Det er eit drama i fleire akter.

Anne Viken (tekst og foto) (saka har før stått på trykk i avisa Dag og Tid).


VIKSDALEN:Elva Gaula kastar seg rundt steile berg og hamrar, legg seg til ro i lune viker før den igjen stuper utfor strie fossefall der den brøytar seg fram gjennom Eldalsdalen i Viksdalen. I Sunnfjord har dei kjempa mot det sogene omtalar som «udyr» i århundrer, lenge sa statistikken at udyra var borte, men det er ikkje lenger fritt for «udyr» i skogane på Vestlandet. Streifdyr kjem inn frå dei aukande svenske og russisk-finske bestandane av bjørn, og med jevne mellomrom slår dei til, skaper store mediaoppslag og skremmer den lite rovdyrvande befolkninga tilsynelatande frå sans og samling.

1.juni 2008, 124 år etter at den siste bjørnen vart jaga frå Viksdalen i Sunnfjord, kjende ein igjen lukta av bjørnedrepen sau som rotna i sommarvarmen. Media strøymde til, og i si jakt på enkelt stoff som kan skrivast med store bokstavar, peisa lokalmedia ut den eine bjørnesaka etter den andre.

Bjørnens framferd blei frå første dag ein følgjetong i Firda og på NRK. Bamsen er eit medievennleg og tabloid dyr som ikkje prøver å skjule spor, og sakene vart feid ut like fort som bjørnen luska over myrane.


<2> Jakta på damer

<4>Bjørnen er ein vandrande hannbjørn, seier dei i media. I si jakt på ledige damer, trefte han på fleire sauer på Hetle i Råheimsdalen og slo til. For bjørnen er ingen vegetarianar slik mange let til å tru. Han er som oss andre og et det beste han kjem over. Bamsen treng protein, og om proteinkjelda kjøt er tilgjengeleg nøyer ikkje bamsen seg med maur.

Den eine søya kom heim med sundriven buk. Veterinæren lappa henne saman, og bygdefolket kjende uhyggja krype nedover ryggen då sau etter sau vart funnen daud i den stupbratte lia.

Viksdalen ligg ein snartur over Gaularfjellet frå Vetlefjorden i Sogn, ei innlandsbygd forbunde med kommunesenteret Sande via ein smal veg som slynger seg langs vatnet. Inst ved vatnet, ved inngangen til Eldalsdalen, ligg Osabua. Her serverer dei hamburgar som gir vatn i munnen, og fruktdrinken Viksdalen Hawaii.

-- Kjenner du til korleis det går med bjørnejakta? spør ein kar ein annan i skuggen utanfor bua.

Viksdalsvatnet ligg spelande blankt framfor meg, og eg kjem i hug soga om karen som kvelva bakstekaret over seg til vern mot flokken av gråbein som følgde etter hest og slede. Manns minne rekk mange generasjonar tilbake i tid, og enno kan pensjonistane her hugse kva beste- og oldeforeldre fortalde for sytti år sidan om bjørnejakt 150 år tilbake i tid. Det er ikkje rart sogene omtalar rovdyra som «udyr», og at folk enno fryktar bjørnen. Minna om bjørnen på stølen lever enno sjølv om bjørnen ikkje lenger ynglar i liene.

Det er uansett ikkje snakk om ein ”norske bestand av bjørn” slik mange bjørnevener likar å tru eller uttrykke det, men dei fleste av bjørnedebattens deltakarar veit like lite om bjørnens utbreiing og økologi som bjørnen veit om overskriftene den skaper. Det er vedteke at bjørnen ikkje skal ha yngelområde i Sogn og Fjordane, og ein treng ikkje vere rovdyrmotstandar sjølv om ein er tilhengar av ei kunnskapsbasert viltforvaltning.


<2>Fellingsløyve utsteda

<4> Utanfor biblioteket i Vikja sit gamlekarane. Fleire er gamle sauebøndene. I kafédøra står bonde og taxisjåfør Leif Hetle. Det var han som miste sauer til bjørnen, men no er han på jobb og forsvinn opp gjennom dalane med ei taxilast pensjonistar på veg heim frå vekas onsdagskafé. Når eg spør gamlekarane om bjørnen, fortel dei om maurtuene som vart jevna med jorda to år tilbake i tid, men har ikkje lyst til å ha namnet sitt i avisa. Det vert spekulert i kor mange bjørnar som har kome til området, og mange trur det er fleire enn ein.

-- Spring inn på biblioteket og hent sogene, seier ein av karane til bibliotekarvikar og sauebonde Atle Oppedal (27). Oppedal forsvinn inn døra bak sofaen, og kjem tilbake med bygdebok for Gaular og fleire hefter med rovdyrsoger. Karane blar, les og peikar.

Siste bjørnejaget i Gaular kommune fann stad hausten 1884. Bjørnen vart oppdaga i Haukedalen og vart derifrå jaga over til Eldalsdalen, men då jegeren Johan Mjellsholtane kom rett på bamsen, svikta motet og bamsen la i veg. Trass i fleire skot, kulene trefte oppover bergufsene så snøspruten stod høgt til vers, kom bjørnen seg over til Sogn der den vart skoten like før helgemesse same året. Slik gjekk det til siste gongen viksdølene jaga bamsen.

Blikk blir veksla før karane bryt opp. Nokre går for å tippe Lotto. Det ryktes at ein labb av den siste offisielt felte bjørnen i Sogn og Fjordane befinn seg på Byrkjelo. Men kven veit om det var den siste. Sogn og Fjordane er ikkje yngleområde for store rovdyr. Her er det husdyrhaldet som har førsteprioriter, og no er det utsteda fellingsløyve på bamsen som har drepe fem sauer i den ulendte utmarka på Hetle.

-- Det er vel berre eit av dei store rovdyra som ikkje har teke sau her siste åra, og det er ulv, seier Oppedal.

Han sit framfor pc-en på biblioteket og følgjer debatten om bjørn på NRK. Heime har han 90 sauebeist og 7,5 årskyr.

I 2006 drap bjørnen sau i Jostedalen og Fjærland, men ingen såg bjørnen på Viksdalen. Dei såg berre maurtuene som var jevna med jorda.

-- Klart eg tenker på at her er bjørn, men eit rovdyr skal gjere mykje skade her før det offisielt er eit stort rovdyr i området. Det er det som er mest frustrerande. Når ein bonde seier at han har sett ein bjørn, kjem eit følgje av byråkratar og seier at det kan ikkje vere tilfelle. Dei trur ikkje på deg. Ser ein spor, vert det bortforklart, seier Oppdal oppgitt.

I tillegg kjem vankunna i rovdyrdebatten, og fokuset på bøndene som dei store skurkane, som om det er bøndene som har bestemt at fylket ikkje er yngleområde.


<2> Et mest sau

<4> Vinden ruskar i trea bak gjerdet på Hetle der den samanlappa sauen står saman med ein flokk morlause lam, rett ved den attgrodde lia der bratte stiar snirklar seg mot Hetlestølen der hannbjørnen har slått over ende fleire sauer. For medan unge binner blir hos mor si i grensetraktene, kan ein ung hannbjørn lett vandre femti mil på ein sommar, men sjølv om her kjem vandrande hannar, ville det tatt svært lang tid å få binner til å etablere seg naturleg i Sogn og Fjordane. Bjørnefronten flyttar seg sakte innover i Noreg frå aust, og sidan fylket per dags dato ikkje er definert som yngleområde for bjørn, er det heller ikkje aktuelt å late bestandane etablere seg her.

-- I Noreg er sauen bjørnens viktigaste proteinkjelde. På andreplass kjem maur og elgkalvar. Men sjølv om uvakta sau er eit lett bytte, skal det ikkje vere bjørn i Sogn og Fjordane. Bøndene her skal eigentleg ikkje trenge å forsvare sauene sine mot bjørnen. Forvaltninga har bestemt at det skal berre vere bjørn i grensetraktene, og ikkje ynglande bestandar på Vestlandet, seier professor Jon E. Swenson, leiar for Det skandinaviske bjørneprosjektet.

Forskningsprosjektet Det skandinaviske bjørneprosjektet har konkludert med at den norske bjørnens diett i løpet av eit år består av 6-17 prosent bær og 65-87 prosent klauvdyr, då hovudsakleg sau. Ei samanlikning av bjørnebestandar i Europa konkluderte med at bestandane i nord konsumerer meir kjøt enn i syd. Ein har og funne ei klar, positiv kopling mellom andel kjøt i dietten og hoas kroppsstørrelse og antal ungar. Dette kan vere med å forklare den høge tilveksten i den skandinaviske bestanden.

-- Hannbjørnen kan vandre over store områder på leit etter binner. Nokre gonger kjem desse hannane tilbake til grensetraktene, men dette får vi ikkje forska så mykje på sidan bjørnane gjer så mykje skade under vandringane i Noreg at dei oftast vert felt, seier Swenson som påpeikar at å felle enkeltbjørnar ikkje har betydning for den totale bestanden av bjørn sidan dei ikkje inngår i avlen.

Han seier streifdyra vil bli vanlegare og vanlegare når bestandane aukar. Både den svenske og russisk-finske bestanden av bjørn har utløparar til Noreg, men om ein sette opp eit gjerde langs norskegrensa, ville bjørnane som lever på norsk jord, isolert sett ikkje utgjere nokon levedyktig bestand.


<2> Ikkje redd eller sint

<4> Tjukke skiver med spekekjøt ligg på tallerken. Leif Hetle har matpause heime på altanen mellom pensjonisttaxikøyring frå onsdagskafeen og skuleruta.

-- Firda har vore her, Bergens Tidende, NRK Vestlandsrevyen og radioen.

Det første kadaver fann dei i utmarka 2,5 kilometer frå garden.

-- Om det var stygt? Ja, det kan eg love deg. Det er feittet på sauen og juret bjørnen skal ha tak i, og så bit han rundt nasen på dyret. Vi flådde hovudet på daude sauer og då var beina i nasen knust. Eg har mist lam før, men dette er ti gonger verre, seier han.

Seks sauer er daude, ein er skadd. Til saman slepte Hetle 68 lam og 45 vaksen på fjellet.

-- Om vi kan bevise at det var freda rovdyr som drap sauene, får vi erstatning, men om dette fortset, er det berre ein ting å gjere: avvikle. No er vi berre to gardar her på Hetle, då eg vaks opp, var her seks, seier han.

-- Er du redd eller sint?

-- Det er ikkje vitsi, seier han før han fyk avstad i Viksdalen Taxi til Viksdalen skule og skuleborna.


<2> Selde bjørnekjøtet

<4>-- Det bryr meg ikkje i det heile tatt med bjørn. Om ein oppfører seg på rett måte, er ikkje bjørnen farleg.

Hege Tjønneland (29) sit på plastbenken utanfor Jokerbutikken saman med borna og drikk Pepsi. Ho fnyser av folk som blir skremt av bjørn, men etterkvart kjem det fram at ungane ikkje lenger får lov å gå til fiskevatnet aleine.

-- Eg kik ein ekstra gong før eg går ut døra. Brått står den der, bjørnen. Vi bur i praksis midt i skogen, seier ho.

Ei veke har gått. Jaktlaget har enno ikkje klart å felle bjørnen, og lokalavisa Firda rapporterer jevnleg om spor og nye kadaver der bamsen labbar fram. Bibliotekar Svanhild Oppedal (62) leitar raskt fram sogene blant hyllemeterar med lokalhistorie.

-- Bestefar min fortalde at den siste bjørnen vart skoten på fjellet mellom Oppedal og Høyanger, og at det hang eit stykke bjørnekjøt oppi bua. Det var ikkje akkurat bjørnekjøtet dei hadde lyst til å gå i bua for å skjere seg ei sneie av, og difor vart det hengjande så lenge at ein måtte kaste det.

Soga om den siste slagbjørnen, fortel at det vart felt tre bjørnar på Høyangerbeita oppå fjellet, to ungar og ei binne. Dei tre vart sende til Bergen der alt kjøtet gjekk til gode prisar. Ikkje fordi det var så godt, men fordi ein kunne skryte av «at i dag har vi hatt bjørnekjøt til middag». Kjøpmannen på Dreggen sende bod til Sunnfjord om at dei måtte skyte meir, for folk var interesserte i å kjøpe. Historia er ikkje datofesta, men er antakeleg frå 1880-åra.

Over hundre og tjue år seinare, 15.juni 2008, vart bjørnen som slo til på Hetle i Viksdalen skoten på Veslebreen i Sogndal kommune. Bjørnekjøtet frå 2008-bamsen vart lagt ut på auksjon til høgstbydande, og dei 84 kiloa bjørnekjøt selt for 45 000 kroner til ein lokal stand up komikar.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys