Gå til hovedinnhold

Den livsfarlige legevakta prøver å drepe meg, igjen

Her om dagen blei eg ganske dårlig og drog avstad til legevakta. Av hensyn til lesarane av denne skjøre bloggen, skal eg ikkje legge ut om kva som var årsaka til at eg vart så innihælvete dårlig, men lat oss sei at eg åt noko eg ikkje tålte. Vi sjekka inn, meldte oss og forklarte problemet. Det gjekk ca fem timar og eg slapp ikkje inn. Til slutt drog eg heim igjen og eg har fortsatt blåmerker og vondt i låret etter å ha sove på benken på legevakta i fem timar. FEM TIMAR!

Eg har opplevd dette før også. At ein må vente fire fem timar på legevakta, og til og med blir beden om å gå heim og kome att neste dag. Eksempelvis med fryktelig øreverk. Kva slags helsetilbud er det vi har her i Oslo? Rett og slett elendig. Vi kjenner vel alle ein eller anna som har dødd etter å ha blitt avvist på legevakta. Bør det ikkje ringe eit par bjeller for dei som liksom passar på helsa vår? Dersom eg no hadde strøke med mens eg sov på benken på legevakta, hadde det vore ganske absurd. Det gjorde eg heldigvis ikkje, men hør her.

Ein gong smalt eg på sykkel. Det var ein varm dag i juni for to år sidan. Eg gjekk over styret og landa bokstavlig talt på knokane og tennene. Tennene blei filt ned på asfalten i god fart, og eg fekk sykkelen i skallen. Ikkje uventa gjekk eg i sjokk, satt på gata med tennene i fanget og blodet som spruta. I munnen kjente eg hol, spissar og tannrusk på tunga. Folk kom springande og kjørte meg til legevakta. Der tok dei røntgen, pussa alle såra mine med tannkost og sa at eg måtte kome meg til tannlegen. Det var seint på dagen etter arbeidstid, og eg stod på gata med ein lapp full av telefonnummer til tannlegar i Oslo. Sola steikte, kjolen min var innklint med blod og fjeset såg ut som ei kjøtkake. Eg hadde ikkje fått noko å ete, og var tørst og elendig. Heldigvis hadde eg med meg ein kompis. Han begynte å ringe rundt. Vi stod ute på gata på Grønland og ringte til alle tannlegane i tur og orden. Dei var stengt, hadde ikkje tid til å ta inn ein akuttpasient etc. Til slutt fekk vi napp og drog i taxi til ein tannlege på Majorstua. Det heile endte bra. Tannlegen var ein flink fyr, forsikringsselskapet mitt dekka alle utgifter og eg har per idag ein heil del strøkne porselenstenner, men fortsatt spør eg meg kva slags helsevesen og kva slags ansvar dette helsevesenet har som kan sende ein skamslått pasient ut på gata for å skaffe seg ein tannlege sjølv. Og som ikkje slepp deg inn etter fem timar på ein knallhard benk i eit iskaldt rom når du viser symptomer som ei kva nettlege-side seier at må sjåast på av lege omgåande ettersom det kan vere svært alvorlig.

Har ikkje legar eit rettsmedisinsk regelverk å forhalde seg til? Har dei ingen krav til å sikre vår helse? På meg virker det som om vi mennesker har eit langt svakare rettsvern enn dyr. Ein dyrlege som ikkje henviser, tar pasienten inn umiddelbart eller undervurderer ein situasjon bør ha ei rimelig heavy ansvarsforsikring. Legar derimot, treng ikkje vise ansvar. Eg får minde og mindre respekt for helsevesenet. Det er deira eiga skuld.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...