15. jul. 2009

Billedkunstnere er ein elite som veltar seg i penger frå statskassa, eventuelt er fast ansatte i staten ein gjeng med middelmådige snyltarar

"Jeg vil ikke vil være med på å finansiere topplønner til disse såkalte kunstnerne slik at de skal få leve sine slaraffenliv". Fauskes fylkestingspolitiker Leif Lindstrøm (Frp) sammenlikner kunstnernes opprop mot Frp med jødeforfølgelsen under krigen.

Erik Knudsen, også Frp, framstiller også billedkunstnere som ein elite som velter seg i penger frå statskassa. Dei tjener, ifølge Maisey, i snitt 86 400 kroner i året. Frp framstiller kulturutøvere som ein "snobbete elite som veiver med vinglas på Kunstnernes hus".

Lat oss ta ein liten virkelighetssjekk på Frps påstander om elite og pengevelting (all den tid Frp later til å hate slik høgkultur, og all den tid Frp sterkt avslører i sine uttalelser at dei ikkje kjenner denne typen menneske og dette sjiktets levesett og vaner, må det ganske mange presiseringer til, og eg er frista til, som så mange gonger før, å sei at Frp spyr ut lite anna enn dritpreik og fjas, men ålreit, no skal vi ta drittpreikarane på alvor).

Punkt en, som Knudsen og Lindstrøm heilt sikkert veit (dersom dei i det heile tatt har eit snev av snøring på kva dei snakkar om), i beste fall later som om dei ikkje har skjønt, er dette: Dei aller fleste kunstnere, i likhet med andre statlig ansatte, eller andre statsstipendiatfinansierte som eg vel å kalle dei her, velter seg ikkje i penger.

Det er mange myter, mange historier, mange ting folk trur om dei kreative. Blant anna er det mange som ikkje forstår at kreative folk faktisk jobbar. Ergo følger argumentene om at dei trenger ikkje stipender, eller penger i det heile tatt for det dei gjer? Dei driv jo kun med ein hobby? Dei kan skaffe seg inntekter som andre folk på eige vis.

Jaha. Kunsternmyten spinner eit nett av historier rundt dei kreative. Ei av dei er at dei ikkje jobber, men kunstnere som lykkes, eller forfattere eller kven det no er, jobber hardt. Men der, som over alt ellers, finst det sjølvsagt unntak.

Eg snakka med ein politikar i Kirkens ifjor. Ho sa at kultur blir ikkje verdsatt i eit samfunn som er vane med at ting må vege mange tonn for å ha ein verdi, eller vere av stål, for å vere verdt noko og for å vere eit skikkelig arbeid. Å løfte penn og pensel er ikkje arbeid i desse kretser. Slik er det særlig i Frp-kretser.

Personlig har eg også erfart dette: at folk ikkje skjønar at eg jobbar, eg skriver, og folk som over hodet ikkje skjønar kor mykje arbeid det er med å skrive manus og tekstar. Dei ser på det som ein slags hobby og spør når eg skal få meg ein jobb. Get real.

Det tar faktisk også ein del tid å overbevise seg sjølv om at ein jobber kort sagt fordi det å skrive er ikkje ein jobb, iallefall ikkje å skrive kreativt. Kanskje fordi det er så myteomspunne at mange ikkje tørr drive med det, all den tid du skal vere genial for å vere kreativ? Mytene slår kvarandre ihjel.

Lørdag traff eg ein kunstner, som eg ofte gjer, og denne gongen drakk vi ikkje vin men øl. Vi sat og drakk øl i mange timar, sidan han seff velter seg i penger (NOT, det må gå an å drikke øl sjølv om du ikkje er kjemperik, eller er det slik at øldrikking skal du ikkje drive med om du er kreativ pga da trur folk at du har meir penger enn du har og du mister statsstøtte? Debattnivået soper dassnivå.) og denne kustnern sa at han meiner (han er statsstipendfinsiert), at når ein har eit slikt stipend må ein nytte sjansen til å realisere sine eigne greier, at ein ikkje treng tenke marked. Han selger ikkje ein drit. Han er ein sånn sopp som Frp helst vil sparke ut dørene.

Han skriver også litt. Eg foreslo da at for å gjere ein tekst god (siden denne gubben ikkje virka å ha særlig suksess) er det ofte greit å få mange til å lese den før den går i trykken. Då sa han at ein ender fort opp med ein tekst som ikkje er eins eigen, (og ergo er tilpassa omgivelsene og ikkje genuin). Dette er eg uenig i. Målet må jo vere å lage interessante produkt. Kvifor ikkje gjere dette i samarbeid med andre?

Kunstnarnes haldning avslører ein ting: han vil realisere sine eigne greier, seg sjølv, sine prosjekt. Han er ikkje interessert i dialog, debatt, innflytelse frå andre på sine verk. Han er ikkje interessert i andres meiningar og innspel. Resultat: han står på sidelinja med sine "eigne prosjekt", og tjener ingen penger. Har slike sidelinjeplasserte, irrelevante, usynlige, eventuelt middelmådige kunstnarar livets rett? Nei, vil vel Frp sei.


Uansett: han gjer ein jobb. Han trenger penger. Han får penger frå staten. Staten anset også ei rekke fast ansatte som gjer ein middelmådig jobb, berre sjå på alle dei middelmådige lærarane som vassar omkring. Vi har alle hatt eit dusin dårlige lærarar, og om ein skal sjå slik på det utgjer dårlige lærarar ein langt større risiko og trussel mot oss alle og bruken av offentlige ressursar enn ein middelmådig kustnar, jamfør Frp-retorikk alla dass. Har denne kunstnern mindre rett på pengar frå same stat som dei middelmådig fast ansatte? Nei.

Er ein kustner ein gründer?

Eg er eit einmannsforetak. Er eg gründer eller er eg berre frilanser? Vi ønsker oss fleire gründere her i landet. Mange gründerer får masse penger av Innovasjon Norge for å starte opp alt frå strikkebedrifter til kafear og samdriftsgardar. Er det noko dårlegare å drive for seg sjølv som kunstnar eller skribent? Mange som skriv tenker vel så mykje, og langt meir nytt enn ei strikkebedrift.

Er det verre å vere finansiert av statsstipend og skrivestipend frå staten, enn å vere ei nullinntjenande lita bedrift finansert av Innovasjon Norge, som vitterlig også er staten?


No sporer det av, men det gjer det alltid når Frp deltek i ein debatt.

Uansett. Ein viktig grunn til å vere frilanser eller gründer eller kunstner eller kva det måtte vere, er friheten. Det er ubetalelig å sleppe at ein middelmådig sjef heng over ryggen din og bestemmer over dagen din. Det er ubetalelig å sleppe og gjere andres drittjobber og kunne velge jobbane dine sjølv.

Det er nok mange som er misunnelige på friheten. Det er nok enda fleire som aldri hadde takla ein slik måte å tjene penger på. Du må trass alt jobbe hardt. Du må vere god. Du slepper ikkje like billig som mange fast ansatte med superputer under armane som gjer ein middelmådig jobb men beheld jobben likevel. Du slepp ikkje unna med middelmådige dusteutspel og tullete argumentrekker slik som du gjer i Frp.


Lat kunstnerane behalde statsstipenda sine. Så kan alle dei middelmådige statlig ansatte og andre også få lov til å behalde sine statsstipend, eller "lønningar" som dei kallar det, og så kan dei som vel å gjere det på andre, om minst like krevande måtar, få gjere det same. Det er på tide å skille mellom myter og fakta når det kjem til kreative yrker.

Non bene prototo libertas venditur auro (det finnes ikkje nok gull til å betale friheten) Miguel de Cervantes Saavedra, Don Quijote

Dette innlegget er sitert på http://sonitus.org/ Sonitus.org gir deg kremen av norske bloggposter. Tjenesten drives på dugnad av en gjeng bloggere som ukentlig leser tusenvis av innlegg og anbefaler de beste. Følg Sonitus på twitter http://twitter.com/Sonitus/