Gå til hovedinnhold

Korleis bli kjendis i ein fei: skriv barnebok! Not..

Det har no vore ein debatt i Aftenposten om barnebøker etter at Kagge forlag har spurt Kjell Magne Bondevik om å skrive ei barnebok om Aung San Suu Kyi. Forfattar Henrik Hovland meinte i same avis at dette kun var eit salgstriks frå Kagge forlag. Kagge på si side meinte at dette rett og slett var å be ein av landets mest kompetente personar på Aung San Suu Kyi om å skrive ei kvalitetsbok for barn. Same forlag gir no ut bok om Alexander Rybak og Abba, og kaller det teft.

Ja, ein godt kalle det teft, men ikkje teft for god litteratur. Det er teft for salgstal og lettjente penger, noko Kagge er kjent for. Enkelte forfattarar seier endog at dei angrar på at dei har gitt ut bøker på Kagge, grunna forlagets rykte, men det er ei anna historie. Einaste boka eg kjem på i farta som eg har lese frå Kagge, var Gunhild Dahlbergs bok "Norge i dag", og den var noko av det plattast formulerte eg nokon sinne har lese mellom to permar.

Ok, eg sit her med eit manus til ei barnebok. Det er ikkje antatt, men skal leverast i slutten av august til forlaget, og nei dette er ikkje Kagge, og eg har gått gode utsikter til at det blir bok av det. Mitt hovedprosjekt er uansett ein voksenroman.

Når ein så spør forlagsredaktøren om kva som skal til for å skrive ei god barnebok, noko ein som medieskada journalist jo spør om (det finst tips og triks for gode featursaker!!), samt kor lang ei barnebok skal vere i antal teikn utan mellomrom (greit å vite kor lang tekst du vil ha så den får plass i malen), samt når den skal leveres (ein er jo van med deadlines), og om redaktøren kan lese teksten din same dag som du leverer (så du kan fikse på den om der er noko gale før dei trykker, og sånn at du veit om dette er noko å bruke tid på) - det finst jo ein del maler for kva som er god journalistikk, handverksmessig og slikt, tips og triks som du kan lære deg av andre og det kan vere det finst slike triks på barneboklitteratur, samt at det ikkje er vits å bruke tid på eit manus som uansett ikkje blir trykt, får ein dette svaret:

- mellom 100 000 og 250 000 teikn (oj, vide rammer gitt!)
- fri fantasi!
- god handling!!
- kjør på
- og redaktøren leste same kveld, ringte meg og sa: kjør på. Dette liker vi. Så eg kjører på.

Andre stikkord vi har fått på temakveld om barneboklitteratur er desse, og ja, eg må sei det er ganske kommersielle tips, men forlaga er jo også interesserte i å selge? Kommersiell er ikkje nødvendigvis motsatt av god litteratur, og det er ikkje dei barnebøkene som sel mest som får Arks barnebokpris alltid. Foreldrene står jo for mykje av innkjøpa, medan det er barna sjølv som stemmer over kven som får Arks pris.

- ein god idè
- raskt inn i handling pga utolmodig lesarar som raskt legg frå seg boka
- gjerne grøsser
- klining, kjærlighet
- Varulv, vampyr, telt
- korte kapittel
- korte setningar
- 3.person forteller fordi eg-person blir litt "stille"
- out of water
- historia om "ein kjent person", feks "Historia om Arne Næss"

I det heile tatt er greia med barneboksjangeren ein sjanger med store muligheter for fri utfoldelse, så sant du klarer å halde på lesaren over dei første sidene og greier å skape nok handling og dette er ei utfordring.

Og ein annan ting som er digg med barneboksjangeren er det herlig upretensiøse. Du slepp forhalde deg til alle som synser i vilden sky om alt du gjer. Barnebøker blir lite omtalt i Norge. Og det er synd på ein måte, greit på ein anna. For min del koker det ned til at det er morsomt å konstruer historier, mekke karakterer og prøve å bygge spenning. Samtidig lever ein seg inn i karakterane, gjer research og ellers koser seg i si eiga leikegrind herlig på sida av det andedammen som utgjer Norges offentlige rom.

---

Sidan den gong har eg skrive to barnebøker, og den tredje er straks klar. Om du klikker på taggen Elise på denne posten, kan du lese om korleis det har gått.



Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...