Gå til hovedinnhold

Rovdyr og fanteri

Norsk rovdyrdebatt er heilt på jordet. Debatten i stor grad overlatt til føleri og synsing.

Kronikk, Klassekampen juli 2009.

Annar Holm skriv på lesarbrevplass at det er desinformasjon å påstå at en av femten sauer dør på utmarksbeite på grunn av rovdyr. Han om det. Konspirasjonsteoretikere finst det mange av, og dersom debatten skal trekkes ned på dette anekdotenivået, bør vi ta den også frå den andre kanten: Sikre kilder hos fylkesmannen i eit fylke i Norge fortel at mange observerte rovdyr ikkje vert innrapportert av statens naturforvaltarar. Årsak: viltforvaltarar ønsker å halde antal rovdyr kunstig lågt. Slik kan dei fortsatt flagge låge bestandstal for store rovdyr.


Historie to: mange lokale folk som prøver å få rapportert inn observasjoner av store rovdyr blir ikkje trudd, dei blir oppfatta som løgnarar og møtt med svar som dette: «dette kan ikkje stemme».

I området der eg kjem frå er det gjort observasjonar av bjørn som folk ikkje vågar å rapportere i frykt for å bli stempla som løgnere. Når innrapporteringssystemet krev ein så hardnakka dokumentasjon på at rovdyr faktisk finst i området, er det også lett å felle dei utan at nokon veit om det ettersom det blir benekta at dei er der i første omgang. Paradoksene er mange, forvaltninga bakstebersk. Den ser ut til å mangle respekt for folk lokalt.


Og for hundrede gang repeteres det, av Anne Westen og Annar Holm, at dei fleste sauer som dør på utmarksbeite, dør av andre ting enn rovdyr. Dette stemmer. Det blir gjentatt kvart år, men dette faktum utelukker ikkje at det også er eit problem at sau blir tatt av rovdyr. Det er dessutan sett i gang tiltak, blant anna i regi av Mattilynet. Mange dyr blir også flytta frå beiter der eksempelvis den sauefarlige planten Rome veks. Her blir med andre ord gjort tiltak, men desse tier ein klokelig om når ein skal kritisere sauenæringa. Eventuelt er ein ikkje godt nok orienter til å vite om dette.

Vidare kallar Holm foredla sauer for degenererte. Det er ingen likhet mellom degenerert og foredla. Dette er Norsk Kvit sau han snakkar om, antar eg. Han nevner ingen rasenavn.


Men det er ganske mange som ønsker å spre dette degenererte ryktet om den norske sauen. Årsaka er denne: å vinne markedsandeler for produkt som villsau og utegangarsau. Er det så vanskelig å gjennomskode? Ein forklarer fordelane ved desse gamle sauerasane ved å påpeike bakdelane ved dei foredla rasane, som norsk kvit sau. Ein framhevar dei gamle rasane i kontrast til dei nye, foredla, og forbrukarane bit på. Påstanden om vanskapte norske sauer slepp gjennom i media i stor grad på grunn av at journalistar er omtrent blanke på kompetanse om biologien i norsk matproduksjon.


Overordnet avlsmål i norsk saueavl er å: ”utvikla ein sau som kan utnytta dei naturgjevne ressursane best mogleg" . For rasen norsk kvit sau arbeides det for å utvikle en produktiv sau som utnytter ressursene i utmarka.

For dei som har sett ein norsk sau på beite er det ganske enkelt å fastslå at den maktar å ta seg fram. For den som ikkje har sett dette, men som derimot har hørt avlarar av gamle norske sauerasar påstå at desse gamle rasane lettare kjem seg unna bjørn enn dei nye, foredla rasane, er dette noko ein ønsker å tru på. Ei vakker idyllisert fortelling om ursauen som spring frå bjørnen.


Så enkelt er det derimot ikkje, men så enkel er norsk rovdyrdebatt blitt. Den baserer seg i stor grad på synsing og kunnskapsmangel der kvar og ein kan uttale seg fritt utan krav om kompetanse. Kvifor har det blitt slik? Kanskjer fordi det er eit tema vi alle føler at angår oss, og fordi mange naturvernorganisasjonar peprer oss med bilete og informasjon om dei store symbolske rovdyra, kongane i naturen.

Vi gidd neppe bry oss like mykje om alle rødlisteartane som i desse dagar forsvinn i naturlandskapet som mange ønsker å legge øde til fordel for import av mat. Kunnskapen om samanhengar i naturen er fråverande i debatten. Paradoksa er mange, sjølvmotseiingane haglar inn.


Men skal vi la spekulasjoner og konspirasjonsteorier ligge og forholde oss til det vi veit. Det vi veit er at det ofte er vanskelig å dokumentere rovdyrdrap all den tid mange store rovdyr grev ned kadaveret. Bjørn kan grave ned sauene eller kaste dei uti eit vatn for å gøyme dei.

Talet på lam som dør før beiteslepp er fleire gonger større enn det samla rovdyrtapet, skriv Annar Holm at Ola Vaagan Slåtten har sagt til avisa Hallingdølen. Lat oss sette dette i perspektiv. For beitesesongen 2007 vart det utbetalt rovdyrerstatning for 39 600 sauer, voksne og lam inkludert. Antalet lam var altså langt lågare enn 39 600. Det blei same år sluppe 1,99 millionar sauer og lam på beite.


Altså. 39 600 rovdyrerstatta sau betyr 1,98 prosent av sauene som vart sende til fjells i 2007. Eg veit ikkje kor mange av desse som var lam, men lat oss sei halvparten, altså 1 prosent. Til samanlikning er barnedødeligheten i vestlige land 0,6 prosent. Er det då så ille at dei same tala gjeld for dyr?


Men dei som spelar ut kort til fordel for rovdyra er ikkje så opptatt av sanning. Dei spelar i stor grad på vankunna hos den som er mottakar av informasjonen. Dei fleste av oss har ikkje peiling på verken rovdyr eller landbruksstatestikk. Perspektiv ser ikkje ut til å vere tilstades. Debatt umuliggjøres all den tid det er ingen krav til reell innsikt i det ein snakkar om. Føleri og tendensiøse påstander dominerer, og medias kunnskapsmangel gjer dekningen ytterligare caseorientert, katastrofefokusert og sviktande. Folk får ikkje eit reelt kunnskapstilfang å bygge sine meiningar på.


Det er svært mange næringar som bør sette eit kritisk blikk på seg sjølv, men merkelig nok blir dødelighet før beiteslepp samanlikna med rovdyrtap på fjellet for sau, akkurat som om dette ikkje er tilfelle for alle artar av husdyr. Det seier ein heil del. Store delar av norske husdyr går på innmark med parasittproblemene og helseproblemene desse medfører. Innmarksbeiting er også ei mindre økologisk form for matproduksjon enn dei langt mindre parasittbelasta fjellbeita.

Samanlikningane er heilt på jorde. Det same er rovdyrdebatten.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...