Gå til hovedinnhold

Anne Bitsch har lagt ut ei rekke usannheter på si nettside om meg og P Z Møller. Eg har fleire gonger bede Bitsch fjerne påstandane frå nettsida,

men ho vil ikkje. Eg legg difor ut denne bloggposten for å korrigere påstandane, og eg beklager at du som leser blir plaga med dette, men eg anser det som nødvendig.

For ordens skuld, eg kjenner Møller. Eg kjenner også ei lang rekke feministar. Mitt kjennskap til Møller har ført til at Bitsch på si nettside konkluderer med at M og eg samarbeider for å sverte henne. Dette er ei løgn, og eg ser meg nødt til å imøtegå den her på bloggen all den tid Bitsch nekter å fjerne påstanden frå si nettside.

Dette skriver eg til Bitsch på mail (skråskrift er direkte sitater frå Bitsch si nettside):

Dette er feil: "Jeg har foreslått for både Møller og Viken å treffes for å finne ut hvor uenige vi i grunnen er, og skvære opp eventuelle misforståelser. Det har de så langt ikke takket ja til."


Fakta: Kva Møller og Bitsch har snakka om, veit eg ikkje. Men eg veit at eg er ikkje beden på kaffe.


Dette er feil: "Penere blir det ikke når Viken og Møller i fellesskap sprer direkte usannheter om sine debattmotstandere. De har ved flere anledninger forsøkt å diskreditere meg ved å hevde at jeg har blitt domfelt i en PFU-sak som pågikk i 2006. "


Fakta: Eg og Møller har aldri samarbeida om å spre usannheter om AB. Dette er med andre ord løgn. PFU blei nevnt på min blogg, og det er no fjerna av meg. Den poster på denne bloggen som måtte vere svertande for Anne Bitsch, der PFU-dommen mot Ny Tid er nevnt, er fjerne i etterkant av kritikk frå kommentarfeltet. Den var i første omgang heller ikkje posta i samarbeid med Møller, men likevel framheld Bitsch på si heimeside at eg og M samarbeider om ei svertekampanje der vi bruker PFU-dommen som våpen. Dette samarbeidet eksisterer ikkje, men er konstruert av AB.


Vidare skriv eg til Bitsch:


Dette er feil: "Hva Viken og Møller tjener på å oppkonstruere slike løgner skal jeg ikke spekulere i, men det fremstår som uprofesjonelt og unødvendig."

Fakta: Vi har aldri drive med oppkonstruering av løgner, verken kvar for oss eller ilag, og vi kjem heller ikkje til å begynne med det. Kvifor skulle vi? Eg synest det er urimelig at Bitsch på denne måten sprer usannheter om meg og Møller. Hadde ho gjort det dersom ho ikkje visste at eg kjenner Møller?


Anne Bitsch svarer meg på epost at ho ikkje kjem til å slette innlegget eller deler av innlegget.

Konklusjon: eg forstår rett og slett ikkje kva som skal til for å føre ein dialog med Anne Bitsch. Difor legg eg ut denne bloggposten.


Anne Bitsch vil med andre ord ikkje fjerne usannhetene om meg og Møller, sjølv om eg ber ho gjere det, og sjølv om eg påpeiker at vi aldri har hatt eit slikt samarbeid. Bitsch har også registrert eg har redigert bort PFU-påstanden frå bloggen min. Denne redigeringen anklager ho meg for:

Igjen tar eg kontakt med Bitsch på mail for å be henne påpeike kva meir på min blogg som ho vil at eg skal fjerne: (eg har då allerede redigert vekk innlegget om PFU, som eg oppfattar at er Bitsch sitt ankepunkt).


Eg skriver til Bitsch:
Eg spurte deg om du kunne påpeike kvar på bloggen desse usannhetene står? Som du også er klar over har eg sagt på underskog at eg beklaga henvisning til pfu-saken. Du har ikkje henvist til eit einaste punkt.


Men heller enn å redigere bort løgnene om meg og Møller frå si eiga nettsida, utvidar ho innlegget på nettsida si med å skrive dette:


«
Edit 13.08.09: Faksimilene over er hentet fra Anne Vikens blogg. Deler av bloggens innhold har i strid med god nettikette blitt redigert og andre steder fjernet helt, og derfor bare tilgjengelig via google i dag.»


Ok. Først anklager Bitsch meg for å ha skrive om PFU, som er ei legitim anklage som eg tar sjølvkritikk på, og i andre omgang anklager ho meg for å ha fjerna bloggposten der eg skreiv om PFU. I tredje omgang held ho fast på sin rett til å la usannheter om meg og Møller ligge ute på nettet, fordi eg har skrive ein bloggpost som eg i etterkant har både beklaga og fjerna. Det heile blir lettare parodisk.


Eg veit ikkje kva meir eg kan gjere for å imøtekomme Bitsch. Eg har redigert min blogg etter beste evne for å fjerne desse PFU-anklagene, men eg har ikkje rørt kommentarfelt. Når eg så har redigert bloggen, blir eg anklaga for å ha redigert den fordi det å redigere, er dårlig nettetikette. Så kva vil Bitsch? Vil Bitsch spre løgner om sine motdebattanter?


Eg skriver i mail til Bitsch at eg vil ikkje møtes for dialog før usannhetene er fjerna frå nettet. Årsak: eg ønsker ein ålreit dialog, og vil ikkje ha usannheter liggende ute om meg sjølv om Møller.

Dette skriver eg:

(...) Og så kan vi gjerne drikke kaffe, men eg er ikkje interesssert i å drikke kaffe dersom din metode skal vere løgn og sverting. Du utdefinerer deg sjølv som ein relevant debattant ganske så effektivt. Eg kjem ikkje til å gå av veien for å sei akkurat kva eg meiner om dette både offentlig og ellers. Det skaper eit råttent miljø. Kva er poenget? (...)


Til slutt skriver Bitsch til meg at ho ikkje vil møte meg så lenge eg kjem med motkrav. Motkravet mitt er at ho fjernar dei usanne påstandene om meg og Møller frå nettet. Dette motkravet er på ingen måte urimelig.


Redigering:

Eg kjem til å fortsette med å redigere mine bloggposter. Årsak: Det er av og til eg uttaler meg sleivete og ugjennomtenkt, og då meiner eg det er rett og rimelig å redigere bloggen til beste for både omtalte, og debatten. Og som før er alle velkommen til å kommentere.

Men eg forstår rett og slett ikkje kva som skal til for å føre ein dialog med Anne Bitsch.

Og eg forstår heller ikkje kva Bitsch ønsker å oppnå med å late dei usanne påstandane om meg og Møller ligge ute på nett.

Eg veit seriøst ikkje korleis eg skal forholde meg til debatt på dette nivået, prega av paranoia og løgn. Forslag mottas. Og igjen, eg beklager å måtte poste dette, men noko bør seiast. Eg gjer sjølvsagt feil, eg har beklaga PFU-henvisningen, no også her, men Bitsch er tydelig i sin tale: ho påstår det ho vil påstå, uavhengig av om det er sannhet eller løgn. Bitsch held med andre ord på sin rett til å spre paranoide løgner om meg og Møller fordi eg kjenner Møller. Eg ønsker ikkje å spekulere i hensikten.

Men ein stad går grensa. Eg håper denne bloggposten taler for seg.

Det er fullstendig umulig å ta Bitsch som debattant alvorlig dersom desse konspirasjonsteoriane er meint seriøst frå hennar side. På den eine sida publiserer ho overskrifta: «Et forsøk på dialog», og i teksten under overskrifta, sprer ho løgner om den ho visstnok prøver å gå i dialog med. Det heile framstår sjisofrent.

Det er problematisk all den tid det er umulig å ta dei konstruerte konspirasjonsteoriane om meg sjølv og Møller alvorlig. AB har utdefinert seg som ein debattant eg kan ta på alvor.

Påstander som dei som ligg på Bitsch si heimeside, og dei paranoide løgnene som der spres, bidrar til å sverte feminister, samt ødelegge for debatten.

Lat oss håpe, Anne Bitsch, at du fjerner løgnene frå nettsida di så snart som råd er, samt at du ikkje legg ut fleire.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...