Gå til hovedinnhold

Er du uenig med det som enkelte innbiller seg at er status quo innanfor feminisme, er du kun ute etter å bygge deg eit merkenavn imedia. Eller?

Skriv du noko som etablerte feminister er uenig i, blir du raskt forklart som ein som ønsker å få merksemd i media, eller bli eit mediatryne. Det heile tyder på mangel på argumenter, samt ein arrogant haldning og ønske om å monopolilsere feltet. Lista over dei empiriske eksempla er komisk lang. Eg viser til nokre her.

«Hun er en sint, ung kvinne. Anne Vikens forrige 15 minutter handlet om hjemfylket Sogn og Fjordane, hvis markedsføring hun har slaktet flere ganger.» Martine Aurdal i kommentaren Jeg blir også lei av å skrive om likelønn i Dagbladet 7.august.


«Og avisene fikk atter fylt sine sommertynne utgaver.» Harriet Bjerrum Nielsen, Professor og senterleder v/Senter for tverrfaglig kjønnsforskning i innlegget Biologi eller biologisk reduksjonisme, Universitas 19.august.


«Nok en agurksesong er tilbakelagt, og nok en gang har norske aviser grepet til kjønn og feminisme for å fylle deattspaltene (...)» og sitatet: «Dette gir i sin tur vann på mølla til dem så nå bygger seg opp som nye stemmer i media.» Harriet Bjerrum Nielsen og Helene Aarseth, Aftenposten 26.august.


Dei som skriv desse påstandane om blant andre meg, som er ei slik «ny stemme», påstår at vi skriv kun for å skrive. Dei seier i same setning at det er kun dei du kan lytte til. Problemet er berre at dei ikkje maktar ta debatten. Dei tek kun dei nye stemmene, og gjer det heile til ein fight om kven som har rett på spalteplass eller ikkje. Dei har også mista perspektiv på seg sjølv, for keep it real. Om du vil bygge eit navn som skribent, gidd du ikkje bruke tid på feminisme. Debatten er for skitten og aktørane for useriøs, jamfør sitater om medieprofilering og nye stemmer.


Når feminist Martine Aurdal, og no også kjønnsforskere (HB Nielsen og Helene Aarseth i Aftenposten 26.april) skal argumentere med sine meiningsmotstandarar, kjem dei notorisk med påstander om at den som ytrer seg, er ute etter å bli eit medietryne. Dei korrigerer med arrogant holdning og herre gud for eit debattnivå- retorikk, og status quo forblir, trur dei.


Men dei tek feil. Status quo er ikkje som dei trur, dei har ikkje så mange enige som dei verker å vere sikre på (difor den skråsikre komiske medietryne og agurkretorikken). Status quo er i endring, og mine synstpunkt i lesarbrevet er nærmare norm enn avvik. Reaksjonane i etterkant (Martine Aurdal, Dagbladet og HB Nielsen) kan tyde på at desse navna i parantes ikkje er i kontakt med store deler av det yngre feministiske miljøet. Dei veit ikkje kva meiningar som eksisterer der eller i tradisjonelt feministiske miljø på venstresida av norsk politikk og media. Dei er beint fram ikkje orientert nok. Mitt utspel representerer ikkje noko ekstremt, snarare noko normalt og vanlig. Det er mine "motdebattantar" som er dei ekstreme ytterpunkta, men fordi dei ikkje liker å konfronteres med uenige, og heller ikkje aksepterer andre synspunkt, forblir dei i bobla. Det heile er eit interessant skue.


Bør dei, eller er desse meiningane, av oss nye og andre stemmene, irrelevante så lenge dei sjølv får lov til å forfekte sitt eige standpunkt? Feminismen er dynamisk. Debatten er det ikkje. Dei som påstår å sitte på sanninga og forfekte dei korrekte meiningane, står som før på sitt og avviser, heller enn å ta til etterretning andre meiningar under påskudd av «medieprofilering». Det heile blir lettare komisk. Kvifor gidd dei skrive mot nye mediestemmer, om dei meiner dei er på villspor? Og kvifor gjer dei dette heller enn å debattere?

Fordi dei må sei sitt. Dei må markere sitt revir. Fordi dei nok trur at "nye stemmer" er forbipasserande. Problemet er berre at dei ikkje kjenner terrenget. Nye stemmer kjem til å ta over.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...