Gå til hovedinnhold

Hundre år av Herbjørg Wassmo

Medan alle snakka om "Min kamp 1" av Karl Ove Knausgård, sat eg og las "Hundre år" av Herbjørg Wassmo. Wassmo er ein av mine norske favorittar, saman med Vigdis Hjorth. Eg kjem i farta ikkje på andre norske favorittar, bør eg skamme meg som ikkje seier Dag Solstad??, men av andre kvinnelige forfattarar, gud forby å kalle ein forfattar kvinnelig, som skriv om kvinners liv, kan eg nevne i fleng Doris Lessing. Dyktig dame. Eller kanskje eg skal sei klok forfattar. Ok. Ho er ikkje norsk. Men i klartekst: eg digger å lese om kvinners liv og det er kvinners liv Hundre år handlar om. Kvinner og kvinner og deira menn, kjærlighet, skjebnen, ulykker, livet, regnet, døden, skispor, måneskinn, livet. Alt dette finn ein flust av i Hundre år.

Mi absolutte favorittbok frå Wassmo, er Dinas bok. Den er fabelaktig. Det er ei slik bok der du blir aldeles frå deg ved tanken på at den snart er lesen ut. I "Hundre år" møter vi att Dinas son som ho fekk med mannen ho blei gift bort til som tenåring. Denne mannen skubba ho sidan utfor stupet då sleden for av veien på glatta midtvinters, men før ho skubba han utfor stupet, hadde ho slite han ut i senga. Dette hugsar eg også frå filmen. Den feite mannen som låg utsliten i senga og vart ridd inn i solnedgangen av den unge, kåte Gina. Dette var vel å merke etter at ho kom ned frå treet der ho sat på bryllupsdagen sin. Gina var eit fenomen. Brutal livselsker. Original. Passa ikkje på bygda og ikkje som kjerring. Var ikkje spes glad for å bli gifta vekk, forståelig nok, men ålreit.

Sonen blei på slutten av Dinas bok vitne til at Dina skaut den russiske elskaren sin. Det blir aldri skrive i klartekst, men vi forstår at det er dette som skjer. I Hundre år kjem sonen tilbake, denne gongen som ein kjekk og nyutdanna lege frå universitetet i København. Han kjem til Sara Susanne som ligg i barselseng og føder eit dødt barn. Det er utan tvil erotiske dragningar mellom dei, men slikt går ikkje an. Ho er gift kvinne. I det heile er det få av Wassmos kvinner som får ein mann dei vil ha. Dei vel fornuften, dei blir hos familien. Ingen vel kjærleiken, om vi ser bort frå Sara Susannes dotter Elida. "Herbjørgs oldemor, mormor og mor. Hundre år er romanen om deres liv, om mennene de ville ha eller de mennene de fikk, og om barna de fødte".


Omslaget er henta frå Gyldendal.no

Kva ein vil og kva det til slutt blir til, er ofte to svært ulike ting. Det var vel iallefall slik før der plikt og "du skal og bør" nok dreiv mang ei sjel på havet. Eg tenker, som eg har tenkt før, at det er greit å tenke før ein blir altfor gammal. Det er ikkje få gonger ein har hørt eldre menneske fortelle at dei innsåg så altfor seint, at dei prioriterte og valgte feil. Dette ser ein igjen og igjen, ofte føler eg, i kvar einaste bok av/ om kvinneliv og -skjebner eg les, med unntak av Drømmefakultetet av Sara Stridsberg, at det å egentlig ikkje heilt kunne velge noko anna enn det utpeikte sporet, er det som skapar handlinga. Valerie Solanas tek sine eigne kreisi grep.

Handlar det egentlig kanskje berre om at utan å handle på tvers av sine følelsar, eller å føle på tvers av sine handlingar, blir det ingen gode bøker? Eg har ikkje noko svar, men eg trur det er ganske mykje slik. Å ville noko og gjere noko anna, å gjere noko utan å ha andre valg eller å gjere valg fordi ein ikkje har eit valg. Spennande nok er det mulig å leve rike liv utan at livet er glam og glitter. Rike liv gir god litteratur. Eg ser fram til fleire kloke bøker om kvinner og kvinners liv.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys