Gå til hovedinnhold

"The Female Brain" og "Why is sex fun?"

Radiorakel idag kl 16.00 fm 99,3: Anne og Sigrid i studio:

Jared Diamond: Why is sex fun? The evolution of human sexuality.

Sex = farlig: vi kan bli overfalt.

Kvifor kvinner har skjult eggløysing i motsetning til ei rekke andre arter

Kvifor kvinner har lyst på sex gjennom heile syklus: daddy stay home

(hold han tilfreds kvar gong han har lyst, og han vil bli hos deg)

Kvifor menn går på jakt:

kva slags mann er best for kvinna (stabil mattilførsel frå ein sanker vs ineffektiv og usikker mattilførsel frå ein jeger). Kvifor ein mann gjer det best som show off, mens kvinna gjer det best med ein provider.

Sikkerhet vs status. Kvifor damer dater bad guys.

---------------------------------

"The Female Brain" av Louanne Brizendine (2007) er ei bok som skal guide deg gjennom kvinners nevropsykologi og hormonsykluser, og korleis desse gir opphav til ulike epokar i ei kvinnes liv. Samt kvifor kvinner er ulike frå menn. Ein slags bruksanvisning på kvifor vi oppfører oss som vi gjer: kvifor vi shopper, gifter oss, er utro.


Den massive nevrologisk effekten ei kvinnes hormon har gjennom ulike stadier i livssyklusen former hennes ønsker, verdiar og heile hennar perspektiv på tilværelsen.


Hormoner har så stor innflytelse at de skaper hele kvinnens virkelighetsoppfatning.


Alle desse funksjonane vi kvinner er utstyrt med, er utvikla av våre evolusjonsmessig mest overlevelsesdyktige formødre for at vi skal oppnå genetisk suksess. Vi er kort sagt overstyrt av genene våre, og våre gener er tilpassa eit samfunn på steinaldernivå.


Våre reaksjonar og handlingsmønster er tilpassa forsvar mot fysiske farer og livstruende situasjoner.


Vi har fortsatt denne steinalderhjernen inni våre kranier.


Biologiske instinkter er nøkkelen til å forstå korleis vi reagerer og oppfører oss. Blant anna kvifor vi kvinner tenker på sex maks ein gong om dagen, mens menn tenker på det heile tida.


-kvifor kvinner har fleire venninner

    - kvifor kvinner vel omsorgsyrker,

-kvifor kvinner er betre til å lese ansikt

-kvinners hjerner vil sende dei rett i fanget på ein mann

-menn liker kvinner som er sunne og pene = fruktbare kvinner

-trofasthet eller monogami hos menn er arvelig: dei har lenger gener. Dette kan du sjekke ved gentest i framtida?? så finn du ut om dette er ein mann å satse på


Symmetriske menn har betre gener, er betre i senga, men er minst trofaste.


PROBLEM: vi veit ikkje noko om korleis sosialt samkvem i steinalderen foregjekk. Teoriane er ergo bygd på hypoteser, ikkje på eksakt kunnskap. Mykje av dette er ergo svært spekulative påstander.

At kvinner som deltok i større sosiale grupper i steinalderen hadde større sjanse til å ale opp levande barn enn kvinner utan denne gruppetilhørigheten, er eit eksempel på ei hypotese.

Teoriane forfattaren bygger på steinalder-organiserte samfunn, minner mest av alt om gruppedynamikk og flokkdynamikk henta frå dyreriket. Mange av eksempla og modellane er henta frå fugleriket og overført direkte til menneske.


Er evolusjonspsykologien bullshit? Den framstår i stor grad som teoretiske forklaringar på kvifor gamle kjønnsrollemønster er det naturlige for menneska og talar på mange måtar feminismen midt i mot. Den bortforklarer også strukturelle problemer: lønnsforskjeller, kvinner og menn i ulike yrker, slankepress som eit resultat av reklam etc. Som naturviter er den vanskelig å ta heilt på alvor. Det er for mange ting som ikkje stemmer, som framstår spekulativt og som openbart er umulig å etterprøve.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...