Gå til hovedinnhold

Naturvitarar, Vassnes og media

Media lir av omfattande mangel på kunnskapar i naturvitskap. Bjørn Vassnes gjer ikkje saka betre.


Vassnes er vitenskapsskribent, men når Vassnes tek på seg å vere våpendragar for dei stakkars naturvitarar, begynner det å skurre.


Desto meir skurrar det når Vassnes går i krigen tungt væpna med såre tær i tillegg til ei rekke rekke ubekrefta hypoteser. «Naturvitenskapen utdefineres av kultureliten», hevdar han i Klassekampen 18.november. Han meiner at naturvitenskapen blir utdefinert av kultureliten, kven det enn måtte vere.


Eg, som naturvitar, har mange gonger lurt på kven Vassnes snakkar på vegne av. Dreg han i kampen på vegne av meg mot den Vassnes-definerte kultureliten? Ein får følelsen av at han mest av alt snakkar på vegne av seg sjølv: om korleis han føler seg utanfor og korleis han ikkje får den statusen han gjerne vil ha. Årsakene kan blant anna vere at han ofte frontar ei høgst personlig oppfatning, men som vitenskapsjournalist bør Vassnes vite at ein ikkje kan konkludere frå eit tilfelle til alle, og at personlige erfaringar ikkje alltid er relevante for andre enn ein sjølv.


Eg kan ikkje hugse å ha møtt andre naturvitarar enn meg sjølv (eg er utdanna veterinær frå NVH) i verken pressa eller på forlaga. Frå starten som journalist i Universitas, var eg eit unikt eksemplar. Årsaka til eg som ein av mange titals søkarar fekk jobb i Universitas, og ergo eit godt spark i karrieren som journalist, var mellom anna bakgrunnen som naturvitar. Dei fleste redaktørar eg har møtt seinare, har vore begeistra for at ein er naturvitar og ønsker å bruke kompetansen fordi den er unik. Merk deg ordet unik.


Vidare i pressa har eg også opplevd at naturvitskap er eit felt journalistar ikkje føler dei treng kunne noko om. Fleire gonger har eg opplevd at journalistar utan naturvitskaplig kompetanse har late vere å lytte når dei har site med saker fulle av både faktafeil og fantasifulle hypotseser. Den eine saken gjekk i trykken med påfølgande leserbrevkorrigeringar frå fagfolk. Det same kan seiast om ei rekke saker om naturvitskap der lekfolk i media set seg overflatisk inn i fagfeltet, heklar saman ulike teoriar slik dei sjølv finn det for godt, og deretter trykker det i ei presse som heller ikkje er i stand til å avsløre sjølv basale faktafeil. Nivået blir deretter. Det ser ut til å mangle respekt for naturvitskapleg kompetanse i deler av media, men dette gjeld langt frå over alt. Difor må synspunktet nyanserast.


Som journalist i Dagbladet ba sjefen min meg skrive ei sak om ein ny medisin som var komen på marknaden basert på ei pressemelding frå produsenten. Eg spurte om dei skreiv ei sak kvar gong ein tilsynelatande banebrytande medisin (den hadde bytta namn og trengte litt omtale i media) kom ut. Når kunnskapen er så låg som dette, er det fort gjort at pressa blir eit ukritisk medie for blant anna medisinprodusentar, ute av stand til å sjå at denne medisinen alt er på marknaden. Pakningen har berre ein annan farge og salgstala har gått ned.


Der er altfor få naturvitarar i pressa. Det er nok å kaste eit blikk på mediedekningen av svineinfluensa for å sjå kor ille det står til. Naturvitskap i media forfell til underhaldning. Årsak: media manglar kompetansen som krevast for å løfte det til eit anna nivå.


Er problemet at naturvitarar ikkje får den statusen dei fortjener, eller er problemet at den generelle allmennkunnskapen i naturvitskap er for låg? Kompetansen manglar frå toppen og ned, men det virkar også som om mange ikkje anser dette som eit problem. Medan ein politisk journalist må kunne mykje om politikk og samfunn, kan ein skrive om naturvitskap utan naturvitskapleg kompetanse. Årsak: du kan ikkje forvente at journalistar og pressefolk skal kunne noko særlig om naturvitskap. Det er akseptert å mangle kunnskap på dette feltet.


Men kvifor er det slik? Noko av årsaka er at naturvitarar tradisjonelt ikkje søker seg til media. Ein er uvan med at journalistar sit på denne kompetansen. Ein ser ut til å ha akseptert situasjonen: naturvitande journalistar finst ikkje. Men det er ikkje berre media som har vant seg til å mangle naturvitarar. Naturvitarar ser nok sjeldan på media som ein aktuell arbeidsgivar. Eg har heller ikkje tal på alle dei gongene folk i media har konfrontert meg med at eg er naturvitar. Det er i det heile tatt få som forstår koplinga mellom naturvitskap og journalistikk i media. Blant fagfolk derimot er denne haldninga omvendt. Ei rekke naturvitarar ser derimot behovet for oss i media, samt nevnte redaktørar.


Medan ein del samfunnsvitarar kan få servert daglige analyser og fagrelevant stoff i mediene, får naturvitarar servert skandalesaker om klima eller reklamesaker om nyvinnande medisinar i pressa, eventuelt E.coli-kommentarer i VG som er såpass lite etterrettelige og så grunnleggande basert på kunnskapsmangel at du knapt orker forholde deg til det. Det er eit demokratisk kunnskapsproblem. Men slik er offentligheten når det kjem til denne vitskapsgreina.


Eg får stadig det idiotiske spørsmålet «Kva er ditt favorittdyr?», medan eg skreiv mi fordjupningsoppgåve i antropologisk medisin. Ein kan ikkje forvente at journalistar skal vite noko om naturvitenskap, har eg hørt sagt. Stakkars journalistar skal jo kunne litt om alt. Dette er forståelig. Men er det akseptabelt at pressa står totalt utan denne kompetansen? Mitt svar er nei.


Men skal haldningane til naturvitskap endrast treng vi andre våpendragarar enn Bjørn Vassnes og hans såre tær. Det er vanskelig å sjå at Vassnes bidreg til å betre eller belyse naturvitskapens rolle eller status. Debatten må konkretiserast og utvidast til å angå andre enn Bjørn Vassnes.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys