Gå til hovedinnhold

Slaget om Klassekampen

Avisa Klassekampen er myteomspunnen. Der eg kjem ifrå er du ganske spesiell om du har ei avis som Klassekampen i hus, og før eg kom til Oslo hadde eg vel, sant å sei, knapt hørt om Klassekampen, eller kk blant venner (og fiender). Men eg kom totalt utanfrå både akademia og media og har ingen professorar og andre elitemennesker i familien. Sant å sei er eg første generasjons høgare utdanna i min familie, ein etterkvart sjeldnare og sjeldnare sort, og har ikkje fulgt verken Rødt eller Klassekampen lenger enn sidan årtusenskiftet. Men nok om meg.

Om avisa Klassekampen står det til tider slag (sjekk Journalisten), og desse slaga går gjerne av stabelen (ser det ut for) når ein eller anna eitrande galen ML-er har sett seg lei på at tidene går framover og at ting ikkje er slik dei sjølv aller helst ville ha hatt det. Eg er av og til svært glad for at desse folka ikkje styrer blekka, all den tid vi då ville hatt ei irrelevant og rabulistisk kritisistisk og konspirasjonsorientert avis som ingen hadde orka lese. Istaden har vi altså dagens Klassekampen, ei av landets udiskutabelt beste aviser, vel å merke om ein gir ein god dag i Britney Spears siste puppefall eller andre halsbrekkande kjendisstunt.

Blant anna er det, ifølge ein sinna ML-er, fryktelig gale at bloggarar slepp inn på Aschehougs hagefest. Sitat rasande ML-er på min Facebook-wall tidligare i høst før vedkommande sletta meg som venn etter å ha utbasunert at eg var den mest oppmerksomhetssugne fjortisen i dette kongedømet. Han om det. Og om vi skal gå denne påstanden i sømme: er det gale å ville ha merksemd om det ein skriv? Mitt svar er eit rungande nei. Utan lesarar, inga påvirkningskraft, inga makt, ingen gjennomslag. Altså: hadde kk vore den avisa enkelte ønsker seg, kan vi ganske sikkert slå fast at den hadde lagt som eit brakklagt slakt på historias møkkahaug, eventuelt vore eit uleselig aviskrapryl for familie og venner av desse rasande menneska som helst av alt vil møljebanke oss såkalla feige, eller politisk korrekte, eller kva dei måtte meine, eg tolker i vei, med steikepanne heile veien til månen og tilbake. Istaden har vi dagens Klassekampen. Need I say more.

Kjør debatt. Heia Klassekampen. I mellomtida går eg for høg sigarføring her i Berlin.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...