Gå til hovedinnhold

Alle journalistar har politikarvener og sjølvsagt støttar Høgre at Stang er opent engasjert i Ap.

NRK Sogn og Fjordane lagar no i fullt alvor saker på korvidt ein journalist kan ha politikarvenner. Eg lurer litt på korleis det står til der heime når dei kan lage saker utav slike ting som dette:

"Partisekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Eirik Aarek, meiner journalistar bør få lov til å vere vener med politikarar (...)."

Det ser ut til å vere låg kunnskap om korleis journalistar og politikarar samarbeider og jobbar ilag i kulissene.

Vidare: "Aarek trur dei fleste journalistar ikkje har noko imot å vere ven med politikarar i nettsamfunnet, men at ein av omsyn til arbeidsgjevar vegrar seg for at "ingen skal bli tekne på det"."

Meiner han dette seriøst? Å ha politikarvenner på nettsamfunn, er det eit problem? Sjølvsagt har vi det. Kva slags verd er det Aarek lever i? Eg har mange politikarvener på Facebook. Det er ein effektiv plattform for kommunikasjon og utveksling av linkar, info og debatt mellom journalistar og politikarar. Lik det eller ei. Dette er virkeligheten.

Det kan sjå ut til at sakene hos NRK er tufta på ein slags utopisk ide om objektivitet i journalistikken. Den tanken er død for lenge sidan. Objektiv journalistikk finst ikkje, og har aldri eksistert. NRK hadde laga langt meir spenstige saker om dei heva ambisjonane sine til anna enn å debattere og få uttalelser om selvfølgeligheter. Enkelt stoff som alltid engasjerer.

Men, når det er sagt, meiner eg Firda-redaktør Jan Atle Stang ikkje bør engasjere seg politisk. Det er stor kilnad på å ha politikarvener og å engasjere seg i politikken. Det siste skal ein journalist ikkje gjere, av hensyn til integritet og roller. At ein journalist har eit politisk standpunkt han ikkje flaggar offentlig, er ein menneskerett.

Ingen treng tilkjennegi sin politiske ståstad, heller ikkje journalistar sjølv om dette er ein typisk kritikk frå høgresida. Og kvifor kjem dei med denne kritikken om at journalistar er venstrevridde kvar gong det er debatt om journalistars politiske ståstad? Fordi høgresida hevdar alle journalistar er venstrevridde, og at medieframstillinga blir deretter. Difor kjem også ros av Stang for å stå fram som Ap-medlem sjølsvagt frå høgre. Alt er som det pleier. NRK bringer ingenting nytt inn.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...