Gå til hovedinnhold

Bloggplakat på trappene: mot eller med si hensikt? Ser ut til å vere mynta på rosabloggarar

Ein bloggplakat er på trappene. Svært uferdig, om ein skal sjå på det utkastet som no ligg ute, og ein kan jo håpe dei flikker den opp til eit passelig presist eller inkluderande språk før dei måker den ut på markedet og påstår at "bloggere skal følge den".

Les her:

"når du omtaler merker eller mennesker og oppgi kilder"

Så du er påbudt å linke til Coca Cola eller Dell når du skriv om desse på din blogg? Det blir jo påtvungen reklame! Det må vere valgfritt å linke. Ein kvar kan lese den bloggen dei vil, ein kvar blogger må kunne følge sitt bloggevett. Ein treng jo ikkje lese bloggar som ikkje linkar, og ein treng ikkje linke om ein ikkje syns det er nødvendig eller ønskelig. Eit eksempel er om du linkar til ei sak på vg.no. Da blir bloggen din automatisk linka opp under den saka på vg.no og dette er for min del uønska. Eg vil ikkje vere linka opp under saker på db.no eller vg.no.

Det kan potensielt vere fint med ein bloggplakat, men den bør vere meir presis og mindre rigid på punkt som ikkje er nødvendige å vere rigide på: for eksempel dette med linking. Min blogg er ein blogg.. Dette er ikkje wikipedia eller eit anna oppslagsverk. Du som lesar kan sjølv velge om du vil forhalde deg til ein blogg som linkar eller ikkje. Nettet er fritt, og det bør vere fritt for einkvar bloggar å linke eller ikkje linke. Den som vil finne kilder, har google tilgjengelig. Om nokon blir irritert over at link ikkje foreligg, er det deira sak, ikkje mi.


"Du som blogger bør ha fokus på god folkeskikk."

Dette er eit punkt som er svært lett å bruke MOT bloggarar. Om du føler deg såra, uenig eller syns den går over streken: feks ta ei viss karrikatursak i Dagbladet, kan du som blogger lett bli utsett for kritikk frå folk som definerer "folkeskikk" rett og slett på ein måte som innskrenkar ytringsfridomen. Eit slikt punkt kan dermed hindre fri ytring av frykt for å falle utenfor "folkeskikk", sjølv om ein er langt innanfor ytringsfrihet.

"Du som blogger må opplyse når du har blitt betalt eller mottatt produkter for å skrive innlegg,"

Skal eg oppgi at eg har fått betaling for ein kommentar som eg i andre omgang har publisert her på bloggen, i tillegg til at oppgir at eg har skrive den for Klassekampen og dato for publisering? Kor rigid er dette?

Når blei bloggere underlagt ein slik "presseplakat"?

Korleis har ein tenkt å handheve dette regelverket? Kva med anonyme bloggarar?

2. Du som bloggleser (sitat bloggplakaten)

  1. skal vite at bloggere i utgangspunktet skal være ærlige og transparente, men innholdet kan være påvirket

  2. må være klar over at bloggere skriver ofte om produkter de kan ha mottatt gratis og/eller blitt betalt for å skrive om

  3. bør stille deg kritisk til bloggers meninger om bloggeren har mottatt produktet eller blitt betalt for å omtale det

Er ikkje dette svært sjølvsagte punkt? Sjølvsagt er alle påvirka. Ein treng ikkje legge ut ei form for advarsel mot selvfølgeligheter. Det fører jo kun til mistenkeliggjering, gitt punkt to. Dei langt fleste bloggarar mottar ikkje haugevis av produkter som dei omtalar. Eit slikt punkt bidreg kun til å mistenkeliggjere, feks bloggarar som sjølv kjøper bøker for å lese dei på senga, og i andre omgang omtaler dei på bloggen. Hensikten er altså ikkje å omtale, men å kose seg med ei bok.

Skal ein legge restriksjonar og retningslinjer på den frie sfæren som blogg er og bør vere, må ein gjere det på ein skikkelig måte. Denne plakaten gjennomarbeidast skikkelig før den eventuelt blir sett ut i live. Da kan den potensielt ha ein funksjon som er positiv. Det blir spennande å følge utviklinga, men eg må innrømme eg er svært kritisk til utkastet som no foreligg på gitte link.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...