Gå til hovedinnhold

Kva i h*** er poenget med å kaste ut folk frå Hausmannsgate 42?

What the f... is going on.. Oslo kommune møter opp klokka seks om morgonen, utan forvarsel, og kastar ut folk. Dei får knapt ta med seg ein einaste eigendel.

Oslo må ha plass til slike stader . Det er berre tragisk med denne utkastelsen. Support! Det var pinlig å vere der og sjå politiet som stod der og briska seg med dei patetiske skjolada sine medan betongbilen stod og murte igjen vindua i Hausmannsgate. Er det eit så stort problem for firkantkommunen Oslo å ha litt husokkupantar og byøkologi og den slags? Måååå dei renske byen for alle som ikkje er like kvitlakka som dei sjølv ønsker å vere? Hausmaniagardane har eit levande miljø og masse bra folk. Eg syns det var både pinlig og patetisk å vere vitne til politi, brannmenn og den der jævla sementbilen som stod og murte att vindu: alle opningar skal murast igjen med sement.

Jada. For det er sikkert demokratisk. Så får vi litt patetiske blankskurte studentboliger her. Sikkert gøy. Kva med alle dei studentane som bur her som no er kasta ut? Nei, vi skal ha strøkne, kvite, hundre prosent firkanta boliger, dønn kjedlig bakgård med dum gullfisk og litt sånn der breiband og kanskje lysegrønne dører. Det blir så tøft atte. Atter ein uoriginal bygård i Oslo firkantby.

Greit nok. Ein kan sei at å aksjonere slik som dette ikkje løyser problemet, men når ein alt er kasta ut, er det vel lite igjen å tape, og eit bål i eit veikryss er også ei form for ytring. Det var ikkje så ville tilstander der nede som det VG og Blabladet forsøker å få oss til å tru. Det var litt smell smell og nokre overoppkava poliser som gjekk rundt å ropte "Dette er ei melding frå politiet. For deres egen sikkerhet, trekk dere tilbake".

Og så brukte dei litt tåregass. Den fekk eg by the way langt nedi halsen, og eg var berre tilfeldigvis der for å møte ein kompis på Taxi Take Away. Dit kom vi aldri. Heile kvartalet var avstengt på grunn av desse "farlige" husokkupantane".

Jada. Oslo kommune: god betring. Dette er både skammelig, flaut og patetisk. SKJERPINGS!

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...