Gå til hovedinnhold

Skeptisk til medier i SFJ

Dette innlegget er ein fortsettelse på debattråden som ligg her, men fordi eg rett og slett har blitt litt skeptisk til Firda etter saka i januar, vil eg ikkje skrive på Fjordaglimt i den tråden meir enn littegranne.

Å debattere her ( i SFJ/Firda) føles som å dunke skallen i stein. Dette seier eg ikkje for å slakte Firda, men fordi dette er den følelsen ein får etter feks den saka i januar der eg vart smelt utover framsida med krigstypar ute av alle kontekstar. Då er det er langt kjekkare å vere med på konferanser og den slags der ein saklig og skikkelig kan føre ordet og ta del i dialog, enn å bli spissa til døde på framsida.

MEN der er eit men: konferanser går for lukka dører med høge honorarer, og er slik sett udemokratiske og folk får ikkje delta der beslutninger fattes og strategier legger og nettverk bygges. Men slik blir det når mediene fucker debatter med stålrør i ræva, og lager saker som den saka vi såg med meg i januar. For sjølv om utspelet var monstertøft, saka kongelig i glas og rammer på veggen, så ødelegg slike oppslag for debatten. Og det var debatt vi hadde hatt behov for, heller enn ei klin tabloid sak som fører til at debatten går ut av det offentlige og ut i det private, sedimenterer prosesser bak lukka dører og gjer at debatt blir totalt umulig med mindre ein vil ha eit tabloid freakshow, noko eg har vekslande synspunkt på verdien av. Eg har veksla mellom fleire syn på saka i Firda i januar:

a) saka i januar burde eg venta meg, gitt sitatene, ergo må eg også tåle den. Det gjer eg også. Det betyr derimot ikkje at eg liker den. Der er mange måtar å sjå dette på: 1) som ei vill og kul tabloid sak: slik funkar den. 2) som debattoppspark: slik funkar den ikkje så godt pga den er så ekstrem.

b) ein treng ikkje tenke at saka var konstruktiv, sjølv om den var sensasjonell i framstilling. Eg kjem til å skryte av denne framsida og denne saka, men den er ikkje god for debatten. Den er derimot god som ei historie i ettertid, og det gjekk ein god faen i meg etter det oppslaget. Ein må visst forhalde seg til så masse piss der ute frå så mange tullete aktørar at då kan eg like godt banke på sjølv også, som før;)

c) ein kan leve med og forhalde seg til media, men ein kan også tenke det ein vil om medienes framferd. Ikkje alt liker eg å vere gjenstand for sjølv, sjølv om eg ser den tabloide verdien. Dette handler om å kunne sjå fleire sider av ei sak. Slik sett ser eg også Firda si side: den saka er sjølvsagt god sett frå Firdas side, i jakta på gode framsider og tabloid stoff. Frå mi side svekkar den tilliten til mediet, og gjer at eg blir skeptisk til å bli både omtalt og å skrive der. Eg ønsker debatt, ikkje skandaler. Dette kan høyrast paradoksalt ut, men det er ikkje så paradoksalt om ein tenker litt på det frå fleire sider.

d) det er liten tvil om at saka fra januar ikjke var så godt eigna til å skape debatt i sogn og fjordane, gitt at sogn og fjordane er sogn og fjordane.

Og så er vi tilbake på det evige poenget om at eg skulle formulert meg annleis, og det skulle eg aldeles ikkje. Eg kjem til å kline til igjen, så får vi sjå om avisene vel a) debattfremmersaken eller b) hard core tabloid.

Det er ofte fritt valg der, gitt. Og den risikoen må eg ta. Men eg kjem også til å ta meg frihet til å sei akkurat det eg meiner om saken i ettertid.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys