Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2010

Vårkåt kanin

Bestialsk slakteri

for deg som likte "Bestialsk landbruk", kan det vere du har lyst til å kikke bak dørene på norske slakteri og smådyrklinikkar her i denne kommentaren min frå Dag og Tid.

Bestialsk landbruk

Eg drog til USA. Der lærte eg å mishandle kyr. Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 23.mai 2010 . For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla "distriktspartiet" Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfel le godt kjeft om det dei har sett. Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Forestill dykk vassen kumøkk, diare som sprutar over alt, at alle kyrne har fått halen fjerna med gummistrikk-metoden (kutt blodtilførsel, halen fell av etter nokre veker der den har hengt og rotna) og at dei fleste har store problem med å bevege seg normalt. Dei krummar ryggen medan dei vaggar sakte bortover på ømme bein. Bak dei går ein mann med stokk og ropar. På alle kantar er det maskinlydar og trucks. Temperaturane er over førti ...

Smaken av navle - ein omtale av filmen Smaken av hund

Intro: Eg har nett skrive kommentaren Bestialsk landbruk som mange har reagert med sjokk og vantru på. Ein twitrar henviste til filmen Smaken av hund som er laga i Norge om norsk landbruk, og meiner den er gode opplysning. Det kan eg ikkje støtte. I 2007 skreiv eg denne omtalen, som du finn under denne introen. Den filmen er eit kroneksempel på kor elendig det blir når den som lagar filmen ikkje har det snev av snøring på kva han eller ho lagar film om. Smaken av hund var så flau og så dårlig og så full av faktafeil og kunnskapsmangel at ja, den er ikkje egentlig verdt omtalten. Skal ein få gjort noko med problema i matproduksjon, med etikk og forbruk og opplysning rundt mat og landbruk, hjelp det ikkje å pumpe makkverk ut på marknaden. Skal ein endre utviklinga, kreves kunnskap og innsikt, ikkje overflatiske banalitetar. Klassekampen - 13.03.2007 Forfatter: Av Anne Viken Smaken av navle ...

Bestialsk landbruk

Eg drog til USA. Der lærte eg å mishandle kyr. Denne artikkelen stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 23.mai 2010 . Det er fleire som har kontakta meg for å få lov til å republisere denne artikkelen. Send meg ein epost så blir vi enige. For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla "distriktspartiet" Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfel le godt kjeft om det dei har sett. Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Forestill dykk vassen kumøkk, diare som sprutar over alt, at alle kyrne har fått halen fjerna med gummistrikk-metoden (kutt blodtilførsel, halen fell av etter nokre veker der den har hengt og rotna) og at dei fleste har store problem med å bevege seg normalt. Dei krummar ryggen medan dei vaggar sakte bortover på ømme bein. Bak dei...

Bestialsk landbruk - min signert-artikkel i helgas Klassekampen

For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla "distriktspartiet" Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfelle godt kjeft om det dei har sett. .. Veit norske politikarar korleis verda er der ute, eller er dei like naive som Brekk? Brekk er totalt utan eit internasjonalt perspektiv, han framstår som kunnskapslaus. Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Slik går det når ein ikkje er villige til å betale for maten: når forbrukarane krev lågare prisar, staten ikkje vil subsidiere, og profitt er det einaste målet. Er det slik vi vil ha det i Norge? Produksjonen per ku er her omtrent det doble av i Norge. Antal celler i melka så høgt at den her i Norge ville ha blitt nedklassa eller ein hadde fått forbod mot å levere den til meieriet. Fleire av kyrne har kroniske infeksj...

Auksjon på Heimly i Bygstad 22.mai 2010

Dei starta halv ti om morgonen og vi var vel ferdige i sjutida på kvelden, ca. Det var moro!

Bestialsk landbruk

For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA. Denne reisa er det tydeleg at verken Lars Peder Brekk, det såkalla "distriktspartiet" Senterpartiet eller andre medlemmer av den rødgrøne regjeringa har teke. Dei held i tilfelle godt kjeft om det dei har sett. .. Difor skal eg her fortelle dykk nokre historier om korleis melk blir produsert i USA. Slik går det når ein ikkje er villige til å betale for maten: når forbrukarane krev lågare prisar, staten ikkje vil subsidiere, og profitt er det einaste målet. Er det slik vi vil ha det i Norge? Produksjonen per ku er her omtrent det doble av i Norge. Antal celler i melka så høgt at den her i Norge ville ha blitt nedklassa eller ein hadde fått forbod mot å levere den til meieriet. Fleire av kyrne har kroniske infeksjonssjudomar. Johne’s disease, eller paratuberkulose, sprer seg frå mor til kalv. Når kyrne er nokre få år gamle, slår den ut. Dyra visnar gradvis vekk og dør. Dei går som ...

Følg med, XXX oppfølger, denne gongen i hard back/ book size, er under produksjon

har skrive the new Sogn og Fjordane-beat/ Navarsete-blues/ Å Vestland! Vestland/ hey Lærdal/ ha det Sogndal/ hits the market autumn 2010/ . gjennomsnittlig antall sexpartnere for en nordmann er visstnok under ti latter haha ikke faen, var vi ikke villest i sengen, skrev de jeg tror de journalistene må være noen seriøst streit flinkiser, her stinker verken fitte eller levd liv de har vel aldri hatt pult utenfor Akersgata, eller pult utenfor rammemadrassen, iallefall ikke i rassen latter det rimet, skulle nesten tro jeg var poet du er dyrlege, det er nesten det samme om journalistene i trashpressa hadde stinket litt mer fitter og pils, hadde norsk journalistikk vært freshere, det tror jeg på de får låne litt klær av deg gi faen, nå snakker jeg om skills i å leve liv, ikke skills i å kle på seg mitt skittentøy du har råmye lekkert undertøy.. kanskje jeg skulle selge det uvasket på Finn mitt navn er anne viken/ jeg er en foss som stuper, som deler seg, som b...

Mine tre 17.mai-talen frå Førde, Viksdalen og Haukedalen i 2010

Sjå talen live. . Les også min 17.mai- tale 2010 frå Viksdalen Les min 17.mai -tale 2010 frå Haukedalen. Talen frå FØRDE:  Gratulerer med dagen Sunnfjordingar! Takk for invitasjonen. Det er ei ære å stå bli invitert hit i dag. Dette er første gongen eg feirer 17.mai her i Førde og det er sjeldan eg ser så mange sunnfjordingar som dette på såpass nært hald. - Det er flott å feire nasjonaldagen midt i mai månad. Månaden som er oppkalt etter den romerske fruktbarheitsgudinna Maia, beskyttar av veksten. Dei gamle nordiske namna på mai er Blomstermånaden Såmånaden Gaukemånaden. - I dag som på alle andre dagar er naturen og m agien her på Vestlandet sterk. Vi har elver som kastar seg utfor steile berg og hamrar, vi har speglblanke vatn der ein kan fiske etter auren, vi har elveosar og skodde som ligg tett over vatna oppi heiane der det er meir sannsynlig at du møter eit troll enn andre folk. Vestlandet er dramatisk i all si prakt, og dramatisk i alle sine histor...

17.mai-tale Viksdalen 2010

Kjære sambygdinger. Gratulerer med dagen. Les min tale frå Førde 17.mai 2010 her. Takk for invitasjonen. Det er ei ære å vere her i dag. Særlig synest eg det er kjekt fordi eg er halvt viksdøling. Dessuten anser eg Viksdalen som ein av dei flottaste plassane eg veit om. I dag på 17.mai som på alle andre dagar er naturen og magien her på dalen sterk. Gaula som kastar seg rundt steile berg og hamrar, legg seg til ro i lune viker før den igjen stuper utfor strie fossefall der den brøytar seg fram gjennom Eldalsdalen i Viksdalen. Viksdalsvatnet som eg mang ein gong har speida utover frå altanen til tante Turid og onkel Arthur ligg blikk stille. Eg veit bøndene her på Viksdalen driv godt. Her er ein flinke til å hogge tre langs vatnet, du føler deg så mykje friare, når du har ei vassflate å kvi le augene på. Du ser alle endene som ligg og søm som små ubåtar. Her er rikt fugleliv. Her er tjelden og storspova og mange andre ubåtdyr. Men her finst også andre dyr, eller udyr. ...