18. mai 2010

Mine tre 17.mai-talen frå Førde, Viksdalen og Haukedalen i 2010

Sjå talen live..




Les også min 17.mai- tale 2010 frå Viksdalen
Les min 17.mai -tale 2010 frå Haukedalen.

Talen frå FØRDE: 

Gratulerer med dagen Sunnfjordingar!

Takk for invitasjonen. Det er ei ære å stå bli invitert hit i dag. Dette er første gongen eg feirer 17.mai her i Førde og det er sjeldan eg ser så mange sunnfjordingar som dette på såpass nært hald.

-
Det er flott å feire nasjonaldagen midt i mai månad. Månaden som er oppkalt etter den romerske fruktbarheitsgudinna Maia, beskyttar av veksten. Dei gamle nordiske namna på mai er Blomstermånaden Såmånaden Gaukemånaden.
-
I dag som på alle andre dagar er naturen og magien her på Vestlandet sterk. Vi har elver som kastar seg utfor steile berg og hamrar, vi har speglblanke vatn der ein kan fiske etter auren, vi har elveosar og skodde som ligg tett over vatna oppi heiane der det er meir sannsynlig at du møter eit troll enn andre folk.

Vestlandet er dramatisk i all si prakt, og dramatisk i alle sine historier om menneske og deira møte med naturen.
-
Idag er det 17.mai. Vi lever i ei tid der globale trendar igjen set fokus på menneskets rolle i naturen. Det vere seg matproduksjon, busetning eller utvinning av rein energi frå vind. Globale trendar har i fleire tiår feia folk bort frå den magiske vestlandsnaturen, inn mot byane med same styrke som Eiajøkul bles ut lava. Globale trendar skubbar også på for vindkraft og omstilling i landbruket. Når naturkatastrofene rammar, blir vi små.

Eg veit ikkje heilt om Førde anser seg sjølv som reinspikka distrikt, handlesentera her er nesten større enn i Oslo, men de ligg iallefall uansett i Sogn og Fjordane.
Det kan på ein dag som denne aktuelt å spørre seg kvifor distrikts-Norge er viktig å bevare som ein del av vår nasjonale identitet.
-
I desse dagar har det også gått ut bod om motmakt til det ganske land. Liv-Signe Navarsete har mobilisert motmaktmøter i distrikts-Norge. Eg må sei eg er skeptisk til motmaktsretorikk. Det er eit faktum av sentrale medier overser distrikts-Norge. Det er eit faktum at mange i distrika føler seg overkjørt, men er motmakt rett medisin?

Fortsetter vi å se på hverandre som fremmede, og stritter imot endringer som kreves på begge sider, kommer vi ingen vei, sa forfattaren Mahmoona Khan sist veke. Ho snakka om innvandrarar og etniske nordmenn. Ho vil ha bort bruken og spelet på ”oss” og ”dei”. Det same kan vi sei i debatten om utkantar versus sentrum.

Vi har naturressursane, vi har beitemarkene, vi har innovasjon, teknologi og landbruk. Det er vi, her i Sogn og Fjordane, som kan vere eit av matkammera i verda dersom klimaendringane slår til sjølv om Victor Norman ikkje vil gi oss tunnellar.

Sogn og Fjordane er med andre ord eit ressurssterkt fylke med eit naturgrunnlag for framtida.
Vi må finne ut korleis vi kan overleve og eksistere oppi den utviklinga som no pågår. Vi må finne vår eigen vei og sjå oss sjølv i ein større kontekst.
Sunnfjord har sin eigenart og det står vi for. Vi har vår eigen ståstad som vi må bygge på og utvikle, og slik vil vi ha det.

Vi må spørre: kan vi tilby i år 2010? Kven vil vi vere?

Det vi treng er opne samfunn og dialog. Dette vil distrikts-norge tjene på. By og land hand i hand.
Spør ikkje kva landet kan gjere for deg, men kva du kan gjere for ditt land, sa Kennedy. Han var ein klok mann.
-
På Eidsvoll stod dei opp for det dei trudde på. Dei kom frå alle kantar av landet og arbeidde saman for å skape ein stat. Det må vi gjere også i 2010. Det er dei same tankane vi har og det same arbeidet vi gjer idag. For eit godt land å bu i.

Verda er under eit. Vi må ta med oss og forstå verda utanfor oss sjølv.

I fjor var eg i India. Også her flyttar folk frå landsbyane og inn til byane. Mange gjer det frivillig, andre gjer det fordi landbruket går dukken. Småbønder blir pressa vekk der India opprettar økonomiske soner for eksportretta industri.

Storkapitalen er like brutal som dei markedskreftene som i store delar av verda pressar bønder nedover i lønnsspiralen og som sender folk inn til storbyane. Der er også andre ting som sender folk til byen.
-
Vi er alle oppdagelsesreisande i livet, hvilken vei vi enn så følge, sa Fritjof Nansen. Vi må aldri slutte å leite etter gode svar på problema ein står overfor, og aldri velg dei enklaste svara sjølv om det kan vere freistande.

Løysingane på utfordringane dagens distrikts-Norge står overfor, kan kome frå ein stad vi aldri hadde tenkt oss. Det kan vere vi må legge hovuda i bløyt ein runde til.
Eg skal ta eit eksempel på uventa løysingar.

For ei tid tilbake stod verdas veksande byar overfor eit problem som syntes heilt uløyselig. Altfor mange menneske skulle hit og dit, trafikken blei for stor for gatene og det blei trafikkork. Trafikken skapte store forureningsproblem og produksjonen av drivstoff gjekk utover produksjonen av mat. I tillegg kom alle trafikkulykkene som tok stadig fleire liv, og lemlesta enda fleire. Ein internasjonal byplanleggingskonferanse i New York blei avbroten etter tre dagar istadenfor dei planlagte ti fordi delegatane meinte det uansett var håplaust å kome fram til løysingar. Året var 1898 og transportmiddelet som skapte så store problemer, var hest.

Det var hestemøkk og hestekadavar over alt. Når hestane døde, blei dei ofte liggande der, fordi den døde hesten måtte bekreftast av ein offentlig person for å få forsikringa utbetalt. Ein venta gjerne til heile kadaveret var råte fordi då var det lettare å dele opp og fjerne. Problema såg ut til å vere uløyselige.

Så kom hjelpa, heilt uforutsett, i form av ein innretning som vi idag kallar for bil. At bilen skulle bli løysinga på hesteutfordringa, var det ingen som tenkte på berre få år før.
Det kan også vere lurt å lytte til gode råd når ein skal finne ut av framtida, altså kan det ofte lønne seg å tenke utradisjonelt.

Men ikkje alle løysingar er gode, og ikkje alle råd er bra.
For eksempel meiner National Geographic at det er eit godt poeng at vi har minst mulig folk her på Vestlandet, all den tid området då blir best mulig konservert for framtidige generasjonar.
--
I dag er vi globale. Verda er under eit. Vi må ta med oss verda og forsøke å forstå vår eiga rolle oppi alt.

Ein må ikkje velge ein offerrolla: stakkars oss, oversett av makta i Oslo med vegar fulle av hol, sjølv om ein har vegar fulle av hol, dei er ikkje i Bygstad. Eg trur heller ikkje vi skal velge National Geographic-rolla.

Kva slags andre måtar finst det å ivareta området, kulturarven og mulighetene her i Sogn og Fjordane på?

Distrikts-Norge må vise fram kva ein er og har, ikkje kva ein manglar og korleis ein følerseg forbigått.
Ein må heller ikkje redusere seg sjølv til turistområder og nasjonalromantiske utstillingslokale.
Eg trur ikkje framtida ligg i produksjon av landskap for turistbrosjyrer. Eg trur ikkje ein vil vinne på å halde horisonten fri for vindmøller. Eg trur framtida avheng av at ein satsar på ganske andre sektorar enn turisme.
-
Distrikts-Norge er i ferd med å bli ein minoritet. Det som har vore det tradisjonelle Norge, bygda og distrikta, dei grisgrendte strøka som sende sine menn til Eidsvoll i 1814, og som har vore vårt lands varemerke i hundrevis av år, er i ferd med å bli i mindretal.

Det tradisjonelle Norge kan ende opp med å kjempe minoritetars kamp side om side med innvandrargrupperingar. Då må ein vere offansive.

Distrikts-Norge er viktig. Ikkje berre for seg sjølv men i ein internasjonal samanheng. Vi kan ikkje temme naturen, det har Eyjafjallajökull vist oss, men vi kan utnytte den på ein konstruktiv og berekraftig måte. Vi kan ikkje temme internasjonale utviklingstrekk, men vi kan finne vår rolle i samtida.

Då må ein våge å ikkje alltid satse på det som er historisk legitimt og sikkert. Ein må sjå rundt seg og framover og tenke spreke tankar. Det er rundt oss og framover framtida ligg. Vi kuttar ikkje av røtene våre av den grunn.

Samfunn som veks og utviklar seg er dei som satsar på yngre krefter og nye idear. Det er dei unge som skal føre verda og arven vidare. Samfunnet og verda er under utvikling. Ein må ikkje la dei unge bli gamle før dei slepper til.

Ein må dyrke si samtid. Ein dyrke ungdommen, ikkje berre gubbane.
Ein må bruke dei positive markørane ein har før dei har blitt historiske.

Ein må bruke det ein har av positive ting om seg sjølv slik at ein blir ein stad med historie og identitet. Det er viktig å bruke sin ståstad. Ein må stå for det ein er, ikkje berre for det ein ein gong var.

Vi er oss, vi brukar det vi har og vi har mykje positivt. Vi skal ikkje følge etter Oslo, Bergen eller London. Vi har også vårt Paris her i Førde, eller kanskje vi har vårt paradis. Slik må vi sjå på oss sjølv utan å verte overflatiske eller hovmodige.

Vi må bli flinkare til å ta imot folk med meir vågale tankar og idear, ikkje vere redde for nytt blod. Vi treng folk som tenker sjølv og som tåler sterk motvind.
Kvar generasjon trur at verda går framover fordi den er i bevegelse, men ein pendel bevegar seg også sa ein klok mann.

Ikkje lat utviklinga bli som ein pendel.
Ein må sette foten ned og ikkje godta at tiltak som skal styrke distrikts-Norge vert kalt for krisepakkar og tiltakssoner. Ein må finne andre, meir positive benevningar. Kva med å kalle det for satsingsområder?

Det eg er opptatt av er korleis ein kan bevare distrikts-Norge som noko som eksisterer på sine eigne premiss.

Mitt spørsmål er: annerkjenner distrikta i stor nok grad seg sjølv?
Eg trur dette er eit viktig spørsmål å stille på ein dag som denne.

Og då tenker eg ikkje på at folk skal vere stolte av staden dei kjem frå. Det trur eg vi alle er. Det handlar om at folk skal ha tru på at staden dei kjem frå har livets rett også i framtida. At dette er ein stad ein vil leve på.

Eg kjem ikkje frå ei kampsone. Eg kjem ikkje frå ei tiltakssone. Eg er sunnfjording, og eg er stolt av det.
Ha ein god 17.mai.