18. mai 2010

17.mai-tale Viksdalen 2010

Kjære sambygdinger. Gratulerer med dagen.


Les min tale frå Førde 17.mai 2010 her.


Takk for invitasjonen. Det er ei ære å vere her i dag. Særlig synest eg det er kjekt fordi eg er halvt viksdøling. Dessuten anser eg Viksdalen som ein av dei flottaste plassane eg veit om.


I dag på 17.mai som på alle andre dagar er naturen og magien her på dalen sterk. Gaula som kastar seg rundt steile berg og hamrar, legg seg til ro i lune viker før den igjen stuper utfor strie fossefall der den brøytar seg fram gjennom Eldalsdalen i Viksdalen. Viksdalsvatnet som eg mang ein gong har speida utover frå altanen til tante Turid og onkel Arthur ligg blikk stille.


Eg veit bøndene her på Viksdalen driv godt. Her er ein flinke til å hogge tre langs vatnet, du føler deg så mykje friare, når du har ei vassflate å kvile augene på. Du ser alle endene som ligg og søm som små ubåtar. Her er rikt fugleliv. Her er tjelden og storspova og mange andre ubåtdyr.


Men her finst også andre dyr, eller udyr.


I 2008 var eg her for å lage ein reportasje for avisa Dag og Tid om bjørnen som hadde slått til i saueflokken på Hetle. Viksdalen i all sin dramatikk, stupbratte lier og ville fjell møtte meg, natta låg som eit dunkelt teppe over kyrne langs vegen der eg snirkla meg oppover vegen til Gaularfjellet midt på natta for å hente magien ut av lufta, ned på papiret. Her oppe i liene har folk i fleire hundre år jaga bamsen. Det har ikkje vore spøk.


Vestlandet er dramatisk i all si prakt, og dramatisk i alle sine historier om menneske og møtet med naturen.


Det var lett å forestille seg det siste bjørnejaget i Gaular som fann stad hausten 1884.

Bjørnen vart oppdaga i Haukedalen og jaga over til Eldalsdalen, men då jegeren Johan Mjellsholtane kom rett på bamsen, svikta motet. Trass i fleire skot, kulene trefte oppover bergufsene så snøspruten stod høgt til vers, kom bjørnen seg over til Sogn der den vart felt like før helgemesse same året.


Ei anna bjørnesoge, soga om den siste slagbjørnen, fortel at det vart felt tre bjørnar på Høyangerbeita oppå fjellet, to ungar og ei binne. Dei tre skrottane vart sende til Bergen der alt kjøtet gjekk til gode prisar. Ikkje fordi bergensarane syns at kjøtet smakte så godt, men fordi dei kunne skryte av «at i dag har vi hatt bjørnekjøt til middag».


Kjøpmannen på Dreggen sende bod til Sunnfjord om at vikdsdølingane måtte sjå til å skyte meir bjørn. Bergensarane var interesserte i å kjøpe. Historia er ikkje datofesta, men er antakeleg frå 1880-åra.


Når landbruket i disse dagar, nærmare bestemt 130 år seinare, går harde tider i møte, skulle kanskje bøndene på Viksdalen ta rådet frå kjøpmannen på Dreggen på alvor og satse på bjørneoppdrett. Kiloprisen er jo ganske astronomisk.


Dei 84 kiloa med kjøt frå bjørnen som vart skoten 15.juni 2008, på Veslebreen i Sogndal kommune, vart lagt ut på auksjon og selt for 45 000 kroner. Dei sa ingenting om det var med eller uten moms.


Det er mange som kjem med alle slags løysingar på korleis norsk landbruk skal klare seg. Rådet om bjørneoppdrett bør ein kanskje tenke særdeles nøye gjennom før ein eventuelt i det heile tatt tenker på å gjennomføre det. Løysingane som er verdt å velge, er det heller ikkje sikkert at vi i det heile tatt har tenkt på enda.


Mange gonger har eg spurt meg sjølv om dei som går i rette med norsk landbruk har andre interesser enn eigeninteresser. Kva med nasjonale interesser? Kva med bøndenes interesser? Kva med interesse for Norges rolle og ansvar i produksjonen av mat globalt? Vi går inn i uvisse tider. Vi kjenner ikkje kva som vil bli konsekvensane av klimaendringane. Vi veit ikkje kor dramastisk matmangelen kan bli, men vi veit at det kan bli fatalt om dei verste scenaria frå Fns klimapanel slår til. Det verste er at dei verste scenaria er like sannsynlige som dei mildaste.


Likevel sit politikarar i mitt nabolag i Oslo og veit best for dykk her på Viksdalen.


Det hadde ikkje forundra meg om dei hadde kome med forslag om salg av konsesjonsbelagt økologisk bjørnekjøt, men kun frå bjørn skoten med pil og boge i tidsrommet mellom to og tre på ettermiddagen.


Bjørnen er som kjent eit nattdyr.


Virkeligheten ser ofte ut til å vere langt borte, for sjølv om eg synest det var spennande å lage reportasje frå Viksdalen og bjørnen som slo til her, er det ingen tvil om at bjørn ikkje har noko å gjere i områder med husdyr. Det er uansvarlig forvaltning frå myndighetenes side.


Kurt Oddekalv høyrer heller ikkje heime i områder med husdyr, eller i områder med fisk for den del. Eg har mange gonger spurt meg sjølv kva rolle Kurt Oddekalv spelar i forvaltninga av norsk landbruk, sånn bortsett frå at han likar å gå amok i avisene. Han foreslo blant anna at Sogn og Fjordane var 69 prosenteigna for ulv. Forstå det den som vil. Min konklusjon er at Sogn og Fjordane er null prosent eigna for Kurt Oddekalv. Eg trengte ikkje ein gong kalkulator for å kome fram til dette resultatet.


Av og til tenker eg at avstanden for Oslo til bygda er lang. Eg jobbar på Grønland midt i det Oslo-baserte pressemiljøet til dagleg og sluttar aldri å forundre meg over korleis folk i byen avskriv virkeligheten til folk på bygda. Det provoserar meg.

Og i avisene ser tidvis mitt heimfylke Sogn og Fjordane ut som ei slagmark for nasjonale interesser og såkalla naturvernarar som aldri har vore her. Likevel er eg SKEPTISK TIL Liv Signe Navarsetes motmaktmøter og motmaktstrategi.


Å vise verda, eller Norge, kvifor Sogn og Fjordane er ein bra stad, er fylkets eige ansvar. Dette ansvaret må ein ikkje legge over på sentralmakt gjennom motmakt- og overkøyringsretorikk.

Kvifor skal Oslo-makta igjen få makt til å definere oss? Kvifor skal vi gi dei enda meir makt ved å fortelle dei at vi er overkøyrdt?


Ein må finne sin eigen ståstad. Vi vil her ha det slik som vi vil ha det. Vi må heve fana og gå for det vi kan stå for. Eigenart og sjølvtillit er to stikkord her.

Korleis skal ein ivareta området, kulturarven og mulighetene her i Sogn og Fjordane? Korleis vil ein gjere det for at Sogn og Fjordane fortsatt skal vere ein stad vi kan bu om hundre år?


Distrikta må ikkje innta ein offerposisjon. Distrikta må innta ein offensiv strategi som signaliserer framtidstru og optimisme. Eg trur det er den einaste vegen å gå.

Norge har alltid vore eit land med grisgrendt befolkning og små og få byar. Vi nordmenn er få, og det som opp gjennom historia har vore det tradisjonelle Norge, distrikta, må finne si rolle i den nye samfunnsutviklinga.


Dette er ein krevande prosess. Det er sterke krefter som kjempar mot utvikling i distrikts-Norge.

I Firda 2. oktober las vi at Naturvernforbundets lokallag i fjordfylket er så blakke at dei vurderer å legge ned. På same tid er 44 vasskraftutbyggingar og 12 planlagde vindkraftverk under behandling.


Eg tok meg i å tenke at tidspunktet for nedlegging var perfekt, og på internett gjekk gladmeldinga. «La dei bli blåst vekk av rotorblad med 127 meters diameter!» Ikkje meir bråk frå den kanten mot verdas største vindmøller på Lutelandet i Ytre Fjaler.

Ja til vindmøller på Lutelandet!

Og kvifor vart vi så glade over at desse naturens vener muligens forsvann?

Fordi dei framstår som bremser for naturbasert og rein vekst og utvikling lokalt.


Bønder i Sogn og Fjordane har unike muligheter i verdensamanheng til å produsere rein mat. Vi har vind. Vi kan produsere rein kraft. Framtida er ikkje oljebasert. Den er basert på andre energikilder, og vi vil trenge mat. Ein bør kjempe for retten til å produsere reint og naturbasert sauekjøt frå Sogn og Fjordane. Alternativet er industrialisert lammekjøt frå New Zealand. Å seie ja til ulv i Sogn og Fjordane, eit fylke godt eigna for sauehald og produksjon av naturnær mat, er å seie ja til import av industrialisert sau frå eit alt anna enn naturnært og berekraftig landbruk. Mat og energi er internasjonale handelsvarer. Ein kan ikkje argumentere utanfor konteksten av eit internasjonalt marked. Kva er alternativet til rein energi og utmarksbasert sauekjøt frå Sogn og Fjordane? Dette er viktige problemstillingar å ta opp på ein dag som denne. Kvifor sende vi våre menn til Eidsvoll i 1814?


Kva i alle dagar hadde dei sagt om dei hadde høyrt at Sogn og Fjordane er 69 prosent eigna for ulv?


Sogn og Fjordane si rolle kan vere eit levande samfunn som eksisterer i nær kontakt med naturen.


EIN KAN SPØRJE SEG: Kvifor slost naturvernar som Oddekalv og Naturvernforbundet mot ei berekraftig utvikling? Trur dei verkeleg at Sogn og Fjordane kan eksistere som ein verna koloni for smale naturvernfilosofisk grunngjevne interesser?


Eg trur svaret er nei. Argumentet frå turistnæringa om at vindmøller skjemmer naturen, held heller ikkje. Det viser seg tvert i mot at turistar ikkje bryr seg om vindmøller.

Natur og mat er noko vi alle konsumerer. Alle har eigarskap til mat og natur og kan ergo meine det dei vil, men ikkje alle har vore inn i ein fjøs i USA. Der har eg vore. Der blir kyr som ikkje kan gå, lempa ut av fjøsen på gaffeltruck i levande live, dumpa inn i lastebilar og slept ut igjen.


Dei blir haldne i live som levande skjellett med samanbundne føter liggande strekk ut på golvet slik at ein skal kunne få dei ti kronene ein får når tilbakehaldingstida på kjøtet etter veterinærbehandling har gått ut. Eg har sett levande kuskjellett med hud på. Det var ikkje eit pent syn. Slik går det når landbruk blir reinspikka industri.

Slik vil vi ikkje ha det i Norge.


Difor må norsk landbruk sjåast i ein større samanheng enn ein vandrande ulvs rett til livet. Er ein vandrande ulvar verdt meir enn tusenvis av sauer og kyr sin eigenverdi? Det er dette spørsmålet ein må stille seg. Er vi villige til å importere industrisau frå New Zealand for å kunne ha rovdyr i distrikts-Norge? Eg skal ikkje idag fortelle dåke korleis lam blir produsert på New Zealand. Men ein ting er sikkert, om eg fortalte det hadde de alle som ein blitt sauebønder her på Viksdalen. På same måte som kvigene som blei sett inn i fjøsen før kalving i USA fekk ein gummistrikk rundt halerota slik at halen skulle dette av (ei ku utan hale held seg nemlig reinare enn ei ku med hale), får veirlam på New Zealand eit gummistrikk rundt sine edlare delar. Det seier seg sjølv at dette ikkje er bra. Etter nokre veker dett halen av på kyrne. Det ligg inntørka halar over alt. Etter nokre veker dett også bjellene av på veirlamma.


Det er ikkje tull når vi seier at norsk landbruk er reint.

Men dette veit ikkje alle.


"Røttene til den norske befolkningen er i stadig større grad i ferd med å urbaniseres. Ein stadig mindre del av befolkningen er født på landet, og stadig færre kan komme til å ha slekt og kontakt med folk utenfor byene." Dette sa Kjetil Sørlie, forsker ved Norsk institutt for by- og regionsforskning.

Alt no er det teikn til at ungdommen ikkje forstår bakgrunnen for landbruksoverføringane, sa Sørlie og vidare: «Den geografiske utjevningen av forskjeller vi i noen generasjoner har hatt, kan komme til å stoppe opp dersom det blir mindre flytting mellom regionane. Om så skjer, forsvinn legitimiteten for interessene til bygda.»


Bygda og distriks-Norge må stå opp for seg sjølv.

Eg trur også det er tid for at bønder samarbeider. Idag står økobønder mot konvensjonelle bønder. Øikos, fellesorganisasjonen for økologisk produksjon og forbruk, angrip konvensjonelle bønder, småbrukarlaget slost mot bondelaget. Skal ein overleve, må alle gode krefter forenast. Det er ingen kven som helst ein slost mot. Det er ikkje berre den norske stat, men også internasjonal storkapital og marknadskrefter.


Økofolket med Oikos i spissen, kjempar for å oppretthalde eit kunstig skille mellom økologisk og konvensjonelt, sjølv om skilnadane mellom enkeltprodusentar innanfor dei to segmenta er større enn mellom dei to i heilheit. Dette tapar landbruket på.

Oikos formidlar informasjon som framstiller alt ved økologisk produksjon i eit mest mulig gunstig lys, samtidig som at dei einsidig formidla informasjon av negativ karakter for annan type produksjon. Det er grunn til å spørre seg om Oikos er blitt en spydspiss mot norsk landbruk - på sikt også mot sine eigne produsentar.


"En strategi for næringsutvikling i landbruket må ta utgangspunkt i, og forsterke de unike kvalitetene norsk landbruk representerer. Dette er for eksempel et aktivt småskalalandbruk over hele landet, matproduksjon langt mot nord og høyt til fjells, lokale mattradisjoner og matkultur, et vakkert kulturlandskap og store utmarksarealer".

Det er signert Terje Riis Johansen, Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling 2007-2009.

Men fordi det er så mange konflikter innad i landbruket, får ein debattar om korvidt Biola kan heite Biola eller ikkje heller enn ei samla landbruksnærings som står ilag og kjempar for mat på naturens premiss, bønders arbeidsforhold, dyrevelferd og strukturelle problem.


Ein må heilt til fjøsdøra, gjerne innanfor, for å avsløre at forskjellen mellom småskala og storskala landbruk, konvensjonelt og økologisk, i Norge er konstruert. Norsk landbruk er småskala. Dei som påstår noko anna bør ta seg ein tur til utlandet. Eg skal bli med som guide.


Vi kan begynne med å dra til min praksisfarm i Wisconsin. Der stod 2 500 melkekyr. Dette er ein av verdas fremste forskningsfarmar på melkekyr. 80 prosent av kyrne hadde ketose. Kyrne blei inseminsert kanskje ti gonger før dei tok kalv, dei melka to år i strekk, og kvar tiande dag vart dei sprøyta med Posilac, som er eit melkehormon. Det var eg som måtte sette dei sprøytene. Når kyrne skulle til melkegrava vart dei pressa framover av eit strømførande gjerde. Det var meksikanarar som arbeidde i fjøsane. Dei budde i campingvogner utanfor fjøsdøra og jobba tolvtimarsskift. Dei fleste hadde ikkje legitimasjon og når passkontrollen kom på besøk, var dei vekk, alle som ein. Dei hadde gøymt seg.


Amerikanarar arbeider ikkje i fjøs i USA lenger.

Norsk landbruk er småskala og naturbasert. Lat oss få behalde norsk landbruk.


Vestlandsk landbruk er viktig i ein global sammenheng. Kvifor det er viktig at vi opprettheld matproduksjon nettopp på stadar som Viksdalen. Ein må sjå utover Viksdalsvatnet og utvide horisonten.

Smått, bratt og tungdrive blir trekt fram som norsk landbruks eigenart. Ein seier ingenting om luselønna som blir utbetalt for den jobben det er å drive desse små gardane, korleis staten let folk «oppretthalde kulturlandskapet» i kompensasjon for slavelønn eller kor mange odelsetterkomarar av bønder som tviheld på slektsfarmar som fjellhytter, og på denne måten bidreg til avfolking av utkanstrøk.


Christian Rekkedal seier i Firda 29.april at dei fleste fornuftige huseigarar vil selge ein leilighet som står til nedfalls. Samanlikninga er ikkje så god når vi veit kor låge prisane har vore på landbrukseigedomar. Mange vil ikkje selge livsverket sitt til dumpingpris. Difor blir det for enkelt å snakke om "slekt" og "ein kvar fornuftig huseigar".

Mange kjøparar har fint råd til å betale langt meir enn det mange av eigedomane, som Rekkedal omtaler som nedfalne, går for idag, men dette blir ikkje nevnt. Tørr ikkje Rekkedal gå i rette med fordommane som finst mot landbruket?


Kanskje, om norsk landbruk blir ansett som ei næring med høgare verdi, ville ein også kunne kreve høgare salgsprisar. Då ville kanskje også fleire føle seg lokka til å selge, fleire kunne kanskje også tenke seg å jobbe i landbruket om dei fekk skikkelig løn. Prisen på eigedomar og løn for arbeid går hand i hand. Det kunne blitt lys i fleire hus. Men skal ein få dette til, må ein heve bøndenes status.


Ein bør diskutere dei strukturelle problema som ligg til grunn for at "bønder syt" og at "hus står tomme". Å satse på landbruk i dag, "krev mot".

Ein treng bønder med guts.

Oskeskya frå Eyjafjallajökull har vist at vi har lite å stille opp med når naturkreftene slår til. Har vi tenke over kva dette vil gjere med våre matlager? Sit vi fortsatt og tenker at vi kan berre kjøpe maten vår inn? Ser vi konsekvensane som kan kome om klimaendringane slår til? Har vi matlager? Kor lenge har vi mat her i landet om det skal skje dramatiske ting?


Oljen brenn i Mexico. Askeskya innstiller alle flyavgangar på null komma niks. Det handler om våre levevilkår og vår sikkerhet. Treng vi ikkje å dyrke vår eigen mat? Nokon må våge å dyrke vår mat her.


Dette er kanskje tungt stoff å ta stilling til på ein dag som 17.mai, men eg trur dette er spørsmål som stadar som Viksdalen må ta stilling til. Kva skal de vere i framtida? De har alle kvalitetar. Spørsmålet er korleis ein skal forvalte dei i møte med framtida.


Lykke til og takk for at eg fekk komme.