Gå til hovedinnhold

Min 17.mai-tale på Haukedalen 2010

Kjære Haukedølingar. Gratulerer med dagen.


Takk for invitasjonen. Det er ei ære å vere her i dag. Sist eg var her var i 1980. Det begynner å nærme seg 30 år sidan.


Les 17.mai-talen min frå Førde 2010 her.


Les 17.mai-talen min frå Viksdalen 2010 her.


I dag på 17.mai som på alle andre dagar er naturen og magien her i Sunnfjord sterk. Vestlandet er dramatisk i all si prakt, og dramatisk i alle sine historier om menneske og møtet med naturen. Naturen forandrar seg ikkje. Vi kan stå her og sjå føre oss budeiene i fjellheimen for hundre år sidan. Dei gjekk gjerne på dei same stiane som vi brukar idag. Sat på dei same stølsvollane.


Men på same tid som naturen i stor grad er den same, bortsett frå ein del ekstra skog vel å merke, fjella står der, så skjer forandringane i vår tid lynkjapt.

Eg skal ta ei historie.

For ei tid tilbake stod verdas veksande byar overfor eit problem som syntes heilt uløyselig. Altfor mange menneske skulle hit og dit, trafikken blei for stor for gatene og det blei trafikkork. Trafikken skapte store forureningsproblem og produksjonen av drivstoff gjekk utover produksjonen av mat. I tillegg kom alle trafikkulykkene som tok stadig fleire liv, og lemlesta enda fleire. Ein internasjonal byplanleggingskonferanse i New York blei avbroten etter tre dagar istadenfor dei planlagte ti fordi delegatane meinte det uanett var håplaust å kome fram til løysingar. Året var 1898 og transportmiddelet som skapte så store problemer, var hest.

Det var hestemøkk og hestekadavar over alt. Når hestane døde, blei dei ofte liggande i gata, fordi den døde hesten måtte bekreftast av ein offentlig person for å få forsikringa utbetalt. Ein venta gjerne til heile kadaveret var råte fordi då var det lettare å dele opp og fjerne. Problema såg ut til å vere uløyselige.


Så kom hjelpa, heilt uforutsett, i form av ein innretning som vi idag kallar for bil.

Moralen er at løysingar gjerne kjem frå uventa hald. At bilen skulle bli løysinga på hesteproblemet, var det ingen som tenkte på berre få år før.

Ei bjørnesoge frå Sunnfjord, nærmare bestemt soga om den siste slagbjørnen som eg las på Viksdalen bibliotek for eit par år sidan, fortel at det vart felt tre bjørnar på Høyangerbeita oppå fjellet, to ungar og ei binne. Dei tre skrottane vart sende til Bergen der alt kjøtet gjekk til gode prisar. Ikkje fordi bergensarane syns at kjøtet smakte så godt, men fordi dei kunne skryte av «at i dag har vi hatt bjørnekjøt til middag».

Kjøpmannen på Dreggen sende bod til Sunnfjord om at ein måtte sjå til å skyte meir bjørn. Bergensarane var interesserte i å kjøpe. Historia er ikkje datofesta, men er antakeleg frå 1880-åra.


Når landbruket i disse dagar, nærmare bestemt 130 år seinare, går harde tider i møte, skulle kanskje bøndene i Sunnfjord ta rådet frå kjøpmannen på Dreggen på alvor og satse på bjørneoppdrett. Kiloprisen er ganske astronomisk.

Dei 84 kiloa med kjøt frå bjørnen som vart skoten 15.juni 2008, på Veslebreen i Sogndal kommune, vart lagt ut på auksjon og selt for 45 000 kroner.

Det er i disse dagar mange som kjem med alle slags løysingar på korleis norsk landbruk skal klare seg. Rådet om bjørneoppdrett bør ein kanskje tenke særdeles nøye gjennom før ein eventuelt i det heile tatt tenker på å gjennomføre det. Mange gonger har eg spurt meg sjølv om dei som går i rette med norsk landbruk har andre interesser enn eigeninteresser. Kva med nasjonale interesser? Kva med bøndenes interesser? Kva med interesse for Norges rolle og ansvar i produksjonen av mat globalt?


Vi går inn i uvisse tider. Vi kjenner ikkje kva som vil bli konsekvensane av klimaendringane. Vi veit ikkje kor dramastisk matmangelen kan bli, men vi veit at det kan bli fatalt om dei verste scenaria frå Fns klimapanel slår til. Dei verste scenaria er like sannsynlige som dei mildaste. Vi veit ikkje korleis utviklinga vil kunne bli, og løysingane kan vere heilt andre enn dei vi klarer tenke oss fram til idag.


Likevel sit politikarar i mitt nabolag i Oslo og veit at ulven bør få fortrinnsrett framfor sau.

Det hadde ikkje forundra meg om dei hadde kome med forslag om salg av konsesjonsbelagt økologisk bjørnekjøt, men kun frå bjørn skoten med pil og boge i tidsrommet mellom to og tre på ettermiddagen.


Bjørnen er som kjent eit nattdyr.

Virkeligheten ser ofte ut til å vere langt borte. Det er ingen tvil om at bjørn ikkje har noko å gjere i områder med husdyr.

Av og til tenker eg at avstanden frå Oslo til bygda er lang. Eg jobbar på Grønland midt i det Oslo-baserte pressemiljøet og sluttar aldri å forundre meg over korleis folk i byen avskriv virkeligheten til folk på bygda. Det provoserar meg.


Mitt heimfylke Sogn og Fjordane ser også tidvis i avisa ut som ei slagmark for nasjonale interesser og såkalla naturvernarar som aldri har vore her. Likevel er eg svært skeptisk til Liv Signe Navarsetes motmaktmøter og motmaktstrategi.

Å vise verda, eller Norge, kvifor Sogn og Fjordane er ein bra stad, må fylkets også sjølv ta ansvar for. Dette ansvaret trur eg neppe det hjelp å legge over på sentralmakt gjennom overkøyringsretorikk.


Kvifor skal Oslo-makta igjen få makt til å definere oss? Kvifor skal vi gi dei enda meir makt ved å fortelle dei at vi er overkøyrdt?

Ein må finne sin eigen ståstad. Vi vil her ha det slik som vi vil ha det. Vi må heve fana og gå for det vi kan stå for. Eigenart og sjølvtillit er to stikkord her.


Korleis skal ein ivareta området, kulturarven og mulighetene her i Sogn og Fjordane? Korleis vil ein gjere det for at Sogn og Fjordane fortsatt skal vere ein stad vi kan bu om hundre år?


Distrikta må ikkje innta ein offerposisjon. Distrikta må innta ein offensiv strategi som signaliserer framtidstru og optimisme. Eg trur det er den einaste vegen å gå.


Norge har alltid vore eit land med grisgrendt befolkning og små og få byar. Vi nordmenn er få, og det som opp gjennom historia har vore det tradisjonelle Norge, distrikta, må finne si rolle i den nye samfunnsutviklinga.

Dette er ein krevande prosess. Det er sterke krefter som kjempar mot utvikling i distrikts-Norge.

I Firda 2. oktober las vi at Naturvernforbundets lokallag i fjordfylket er så blakke at dei vurderer å legge ned. På same tid er 44 vasskraftutbyggingar og 12 planlagde vindkraftverk under behandling.

Eg tok meg i å tenke at tidspunktet for nedlegging var perfekt, og på internett gjekk gladmeldinga. «La dei bli blåst vekk av rotorblad med 127 meters diameter!»


Ikkje meir bråk frå den kanten mot verdas største vindmøller på Lutelandet i Ytre Fjaler.

Ja til vindmøller på Lutelandet!

Og kvifor vart vi så glade over at desse naturens vener muligens forsvann?

Fordi dei framstår som bremser for naturbasert og rein vekst og utvikling lokalt.

Bønder i Sogn og Fjordane har unike muligheter i verdensamanheng til å produsere rein mat. Vi har vind. Vi kan produsere rein kraft. Framtida er ikkje oljebasert. Den er basert på andre energikilder, og vi vil trenge mat. Ein må kjempe for retten til å produsere reint og naturbasert sauekjøt frå Sogn og Fjordane. Alternativet er industrialisert lammekjøt frå New Zealand. Å seie ja til ulv i Sogn og Fjordane, eit fylke godt eigna for sauehald og produksjon av naturnær mat, er å seie ja til import av industrialisert sau frå eit alt anna enn naturnært og berekraftig landbruk. Mat og energi er internasjonale handelsvarer. Ein kan ikkje argumentere utanfor konteksten av eit internasjonalt marked. Kva er alternativet til rein energi og utmarksbasert sauekjøt frå Sogn og Fjordane? Dette er viktige problemstillingar å ta opp på ein dag som denne. Kvifor sende vi våre menn til Eidsvoll i 1814?

Kva i alle dagar hadde dei sagt om dei hadde høyrt at Sogn og Fjordane er 69 prosent eigna for ulv slik Kurt Oddekalv har hevda?

Sogn og Fjordane si rolle kan vere eit levande samfunn som eksisterer i nær kontakt med naturen.

EIN KAN SPØRJE SEG: Kvifor slost naturvernar som Kurt Oddekalv og Naturvernforbundet mot ei berekraftig utvikling? Trur dei verkeleg at Sogn og Fjordane kan eksistere som ein verna koloni for smale naturvernfilosofisk grunngjevne interesser?

Eg trur svaret er nei. Argumentet frå turistnæringa om at vindmøller skjemmer naturen, held heller ikkje. Det viser seg tvert i mot at turistar ikkje bryr seg om vindmøller.

Natur og mat er noko vi alle konsumerer. Alle har eigarskap til mat og natur og kan ergo meine det dei vil, men ikkje alle har vore inn i ein fjøs i USA. Der har eg vore. Der blir kyr som ikkje kan gå, lempa ut av fjøsen på gaffeltruck i levande live, dumpa inn i lastebilar og slept ut igjen. Dei blir haldne i live som levande skjellett med samanbundne føter liggande strekk ut på golvet slik at ein skal kunne få dei ti kronene ein får når tilbakehaldingstida på kjøtet etter veterinærbehandling har gått ut. Eg har sett levande kuskjellett med hud på. Det var ikkje eit pent syn. Slik går det når landbruk blir reinspikka industri.

Slik vil vi ikkje ha det i Norge.

Difor må norsk landbruk sjåast i ein større samanheng enn ein vandrande bjørns rett til livet. Er ein vandrande ulvar verdt meir enn tusenvis av sauer og kyr sin eigenverdi? Det er dette spørsmålet ein må stille seg. Er vi villige til å importere industrisau frå New Zealand for å kunne ha rovdyr i distrikts-Norge? Eg skal ikkje idag fortelle dåke korleis lam blir produsert på New Zealand. Men ein ting er sikkert, om eg fortalte det hadde de alle som ein blitt sauebønder her på haukedalen. Det er ikkje tull når vi seier norsk landbruk er reint.


Men dette veit ikkje alle.

"Røttene til den norske befolkningen er i stadig større grad i ferd med å urbaniseres. En stadig mindre del av befolkningen er født på landet, og stadig færre kan komme til å ha slekt og kontakt med folk utenfor byene." Dette sa Kjetil Sørlie, forsker ved Norsk institutt for by- og regionsforskning.


Alt no er det teikn til at ungdommen ikkje forstår bakgrunnen for landbruksoverføringane, sa Sørlie og vidare: «Den geografiske utjevningen av forskjeller vi i noen generasjoner har hatt, kan komme til å stoppe opp dersom det blir mindre flytting mellom regionane. Om så skjer, forsvinn legitimiteten for interessene til bygda.»


Bygda og distriks-Norge må stå opp for seg sjølv.


Eg trur også det er tid for at bønder samarbeider. Idag står økobønder mot konvensjonelle bønder. Øikos, fellesorganisasjonen for økologisk produksjon og forbruk, angrip konvensjonelle bønder, småbrukarlaget slost mot bondelaget. Skal ein overleve, må alle gode krefter forenast. Det er ingen kven som helst ein slost mot. Det er ikkje berre den norske stat, men også internasjonal storkapital og marknadskrefter.


Økofolket med Oikos i spissen, kjempar for å oppretthalde eit kunstig skille mellom økologisk og konvensjonelt, sjølv om skilnadane mellom enkeltprodusentar innanfor dei to segmenta er større enn mellom dei to i heilheit. Dette tapar landbruket på.

Oikos formidlar informasjon som framstiller alt ved økologisk produksjon i eit mest mulig gunstig lys, samtidig som at dei einsidig formidla informasjon av negativ karakter for annan type produksjon. Det er grunn til å spørre seg om Oikos er blitt en spydspiss mot norsk landbruk - på sikt også mot sine eigne produsentar.


"En strategi for næringsutvikling i landbruket må ta utgangspunkt i, og forsterke de unike kvalitetene norsk landbruk representerer. Dette er for eksempel et aktivt småskalalandbruk over hele landet, matproduksjon langt mot nord og høyt til fjells, lokale mattradisjoner og matkultur, et vakkert kulturlandskap og store utmarksarealer".


Det er signert Terje Riis Johansen, Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling 2007-2009.

Men fordi det er så mange konflikter innad i landbruket, får ein debattar om korvidt Biola kan heite Biola eller ikkje heller enn ei samla landbruksnærings som står ilag og kjempar for mat på naturens premiss, bønders arbeidsforhold, dyrevelferd og strukturelle problem.


Ein må heilt til fjøsdøra, gjerne innanfor, for å avsløre at forskjellen mellom småskala og storskala landbruk, konvensjonelt og økologisk, i Norge er konstruert. Norsk landbruk er småskala. Dei som påstår noko anna bør ta seg ein tur til utlandet.


Vi kan begynne med å dra til min praksisfarm i Wisconsin. Der stod 2 500 melkekyr. Dette er ein av verdas fremste forskningsfarmar på melkekyr. 80 prosent av kyrne hadde ketose. Kyrne blei inseminsert kanskje ti gonger før dei tok kalv, dei melka to år i strekk, og kvar tiande dag vart dei sprøyta med Posilac, som er eit melkehormon. Det var eg som måtte sette dei sprøytene. Når kyrne skulle til melkegrava vart dei pressa framover av eit strømførande gjerde. Det var meksikanarar som arbeidde i fjøsane. Dei budde i campingvogner utanfor fjøsdøra og jobba tolvtimarsskift. Dei fleste hadde ikkje legitimasjon og når passkontrollen kom på besøk, var dei vekk, alle som ein. Dei hadde gøymt seg.


Amerikanarar arbeider ikkje i fjøs i USA lenger.

Norsk landbruk er småskala og naturbasert. Lat oss få behalde norsk landbruk.

Vestlandsk landbruk er viktig i ein global sammenheng. Kvifor det er viktig at vi opprettheld matproduksjon nettopp på stadar som haukedalen.

Smått, bratt og tungdrive blir trekt fram som norsk landbruks eigenart. Ein seier ikkje noko om luselønna som blir utbetalt for den jobben det er å drive desse små gardane, korleis staten let folk «oppretthalde kulturlandskapet» i kompensasjon for låg lønn eller kor mange odelsetterkomarar av bønder som tviheld på slektsfarmar som fjellhytter, og på denne måten bidreg til avfolking av utkanstrøk.


Christian Rekkedal seier i Firda 29.april at dei fleste fornuftige huseigarar vil selge ein leilighet som står til nedfalls. Samanlikninga er ikkje så god når vi veit kor låge prisane har vore på landbrukseigedomar. Mange vil ikkje selge livsverket sitt til dumpingpris. Difor blir det for enkelt å snakke om "slekt" og "ein kvar fornuftig huseigar".


Mange kjøparar har fint råd til å betale langt meir enn det mange av eigedomane, som Rekkedal omtaler som nedfalne, går for idag, men dette blir ikkje nevnt. Tørr ikkje Rekkedal gå i rette med fordommane som finst mot landbruket?



Kanskje, om norsk landbruk blir ansett som ei næring med høgare verdi, ville ein også kunne kreve høgare salgsprisar. Då ville kanskje også fleire føle seg lokka til å selge, fleire kunne kanskje også tenke seg å jobbe i landbruket om dei fekk skikkelig løn. Prisen på eigedomar og løn for arbeid går hand i hand. Det kunne blitt lys i fleire hus. Men skal ein få dette til, må ein heve bøndenes status.



Ein bør diskutere dei strukturelle problema som ligg til grunn for at "bønder syt" og at "hus står tomme". Å satse på landbruk i dag, "krev mot".

Ein treng bønder med guts.


Oskeskya frå Eyjafjallajökull har vist at vi har lite å stille opp med når naturkreftene slår til. Har vi tenke over kva dette vil gjere med våre matlager? Sit vi fortsatt og tenker at vi kan berre kjøpe maten vår inn? Ser vi konsekvensane som kan kome om klimaendringane slår til? Har vi matlager? Kor lenge har vi mat her i landet om det skal skje dramatiske ting?


Oljen brenn i Mexico. Askeskya innstiller alle flyavgangar på null komma niks. Det handler om våre levevilkår og vår sikkerhet. Nokon må våge å dyrke vår mat her.


Dette er kanskje tungt stoff å ta stilling til på ein dag som 17.mai, men eg trur dette er spørsmål som stadar som haukedalen må ta stilling til. Kva skal de vere i framtida? De har alle kvalitetar. Spørsmålet er korleis ein skal forvalte dei i møte med framtida.


Lykke til og takk for at eg fekk komme.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb