Gå til hovedinnhold

Hjort på billegsalg

I eit land der jakt og fiske helst skal vere gratis, er det ikkje lett å bli rik sjølv om ein vassar i hjort.


Reportasjen er frå Sunnfjord, og trykt i Dag og Tid, hausten 2008.


Køyrer ein langs vegen på kveldstid, bykser hjorten framfor, flokkar på fleire titals dyr beitar i vegkanten medan kalvane trykker i skogen, og går du ut av bilen, forsvinn dei i store sprang over gjerdet. Dei står under altanen din og brøler, og snik seg rundt hushjørna nattestid. Åtti til nitti prosent av hjortebestanden fell for kuler og krutt. Rulleringstida for bestanden er gjennomsnittleg sju år, då er heile bestanden skifta ut, men medan den lever, er hjorten over alt. Tal frå Statistisk Sentralbyrå fortel at det i 2007 vart felt 32 000 hjort i Noreg, derav 85 prosent på Vestlandet. Til samanlikning vart det felt 56 000 elg og 4 670 villrein.


-- Kvifor er det så mykje hjort?


-- Vi har ikkje klart å skyte meir enn det som har blitt fødd. Det er det enkle svaret.


Finn Olav Myhren i Skogeigarlaget sit på kontoret omgitt av permar om hjortejakt og andre former for jakt. I juni leia han ei vellukka jakt etter ein bjørn, no arbeider han med forvaltning av dei gigantiske hjortebestandane i området. Ute regnar det varme trollkjerringar.


Medan Hedmark er det viktigaste elgfylket og Oppland det viktigaste reinfylket, er Sogn og Fjordane det desidert viktigaste hjortefylket med 10 539 felte hjort i 2007. På andre og tredjeplass kjem Møre og Romsdal med 9 204 og Hordaland med 6 313, opp 1 033 og 585 dyr frå 2006.


<2>Trofejakt

<4>Høgare temperaturar og milde vintrar gir stadig betre forhold for plantevekst, men det er ikkje berre klimaet som ligg til rette. Også skog og store, til dels utilgjengelege villmarksområder har gjort Vestlandet til eit hjorteparadis.


-- Alt i 1920 konkluderte ein med at Vestlandet var den beste plassen for hjort i Noreg. Fram til 15-1600- talet var her store bestandar av hjort, men skytevåpen, ulv og bjørn reduserte antalet. Sidan den tid har det vore eit mål å auke bestandane att.


Frå 1951 og fram til nyleg var regelen at ein skulle overbeskatte hanndyra. Logikken gjekk ut på at det er kollene som får kalv, ergo må dei få leve, samt at det er kjekkare å jakte bukk enn kolle på grunn av horna. I tillegg tenkte ein at dei små attlevande bukkane kunne bedekke mange koller. Etter kvart viste det seg at denne måten å forvalte bestanden på, var langt frå ideell. Naturen fekk ikkje drive naturleg seleksjon, og ein fekk nedgang i slaktevekta. I enkelte områder har hjortekjøtproduksjonen sunke med opp mot tretti prosent sjølv om ein feller like mange dyr som før. Dyra er kort sagt mindre og lettare enn før.


<2>Tidsforvirra hjort

<4>-- Det er for mykje hjort innanfor eit begrensa område, ein får konkurranse innan arten. Ei anna årsak er at vi har likt å skyte eldre bukker. Før var det enkelte som sa at dei hadde skutt tohundre hjort, og at det var berre bukkar. Sånt skjer ikkje i dag. Ved å skyte ned store bukkar, har vi gitt dei svakaste rett. Store hanndyr er nødvendig for å få ein naturleg seleksjon, seier Myhren og set i gang med eit foredrag i viltøkologi.


Naturen fungerer slik at det er dei store bukkane som startar brunsten tidleg. Blir kolla bedekt av ein liten bukk, kan kalven bli fødd opp til to månader seinare. Dette er ein bakdel for kalven, som då får med seg mykje mindre av sommarbeitet før vinteren kjem. Eit symptom på dette fenomenet, er blant anna jegerar som feller drektige koller tidleg i jakta. For å få bukt med små dyr og tidsforvirring av hjortens leveår, er det eit mål å auke antalet eldre bukk. Då kan ein auke størrelsen på dyra ved naturleg utvalg, og kalvane vil vert fødde tidlegare på sommaren.

Økologiens logikk.


For å få bukt med dei store bestandane, ønskjer Myren å forlenge jakttida frå slutten av august til 23.desember. Eksempelvis kan ein gjere det slik at ein skyt hanndyra først så ein unngår å skyte kolle frå kalv. Lenger jakttid er også ein fordel om ein skal selge fellingsløyve til jegerar langvegs frå. Desse er ofte mindre kjende i terrenget, og jaktar dermed mindre effektivt enn lokalkjende jegerar.


-- Kalv som får mora fråskoten, spesielt tidleg i jakta, lærer seg ikkje hjortetrekket. Den lærer ikkje kvar den kan finne den beste maten, blir gåande å virre rundt og kan få det vanskeleg. Vi må vere presise i uttaket, skyte på tilveks og ikkje kapital. Då treng ein lenger jakttid så ein rekk å velge ut dei rette individa.


<2>Skrapdyrjakt


<4>Vegen snirklar seg åletrang inne i grøn tunnell. Ein må snike seg rundt svingen, stoppe for kvar bil og balansere midt i vegen gjennom tunnellar utan lys før ein brått må kaste seg rundt ein uventa sving for ikkje å stupe utfor fjellveggane rett ned i fjorden. Her i Vevring i Naustdal lever ein av landets tettaste hjortebestandar.


Ytre Naustdal storvald forvaltar eit hjorteløyve per 250 dekar, mot vanlege eit per 500. Her inngår femti grunneigarar, der rundt halvparten jaktar sjølv, og til saman legg dei ned rundt hundre dyr i året. Styret i storvaldet har nett avslutta styremøtet. Alexis Thingnes, Gunnar Vassbotn, Agnar Horstad og leiar Anders Apalseth sit rundt stovebordet til Apalseth og drikk kaffe.


Dei har skote både skrapdyr og uvanleg små kalvar på størrelse med ein hund siste året. Det tyder på sein kalving. I tillegg har dei slutta å skyte store bukkar. Store bukkar var noko ein skaut før, for mange år sidan.


-- Om året forskyv seg slik at dyra er drektige når jakta startar, kan det bli ei utfordring, seier Apalseth.


-- Det er milde vintrar. Om alt som ikkje blir skote, overlever vinteren, kan det bli ei utfordring. Før knakk dei små dyra under vinterstid, seier Vassbotn som har talt opp mot førti femti dyr på innmark. Får ein ikkje slått graset tidleg nok, kan ein like godt late vere. Dyra et opp, trakkar ned og skit til.


<2>Ødelegg skog


<4>Dette kan forskar Pål Thorvaldsen ved Bioforsk bekrefte. På vindfull telefon frå sommarens feltarbeid på Lygra, fortel han at det per i dag ikkje finst takseringsmetodar ein kan nytte for å berekne tapt inntekt som følgje av hjorteskader på innmark. Det er slike metodar Thorvaldsen skal utarbeide.


-- Dei som har blitt påført store beiteskadar, vil få sjans til å dokumentere og talfeste skadene. I dag er det ikkje mogeleg for grunneigarar å dokumentere beiteskader innanfor eit vald. Blant anna et hjorten Timotei, noko som fører til eit kvalitetstap og dårlegare smak på fôret. Det gir igjen dårlegare fôropptak hos kyrne med påfølgande lågare melkeytelse. Dessutan fører hjortebeiting til at det blir meir ugras.


I Naustdal fortel styret i storvaldet at hjorten gjer skade på ungskog, granskog og plantefelt. Apalseth fortel at han planta femti furuplantar utan at ein einaste voks opp. Dyra et av toppane og gnir horna sine. I tillegg fører hjortebestandane med seg store mengder flått. Apalseth seier det har blitt så gale at det ikkje er triveleg å gå i skogen lenger, og Vassbotn føyer til at ein må ta ein skikkelig dusj når ein kjem heim frå tur, med mindre ein har lyst til å plukke av seg flåtten med fingrane sjølv. Flåtten ber med seg Borrelia-smitte, og mange har blitt sjuke i området.


<2>Husmannsånd

<4>Men sjølv om ein bokstavleg talt vassar i hjort, vassar ikkje dei som forvaltar hjorten i inntekter frå bestandane. Hjortebestandane fører med seg store økonomiske tap for mange grunneigarar, og mange ønskje difor å sette i gang tiltak for å gjere hjorten til ei lønsam inntekt, noko som ikkje er berre enkelt.


-- Mange her driv med utleige av løyver, og vi tenkte at om vi fekk til ei felles utleigeordning for heile valdet, kunne vi fått prisane opp, men dette var det ikkje fleirtal for. Prisen ligg rundt 3-5 000 kroner for eit dyr, og dette er ein skrøpeleg pris. I mitt vald får vi 3 500 kroner per løyve vi leiger ut, seier Horstad.


I 2006 var det 33 610 personar som jakta hjort, ein oppgang på 6 000 jegerar dei siste seks åra. Her skulle ein tru at det låg pengar i salg av jaktløyve. Til samanlikning jakta 57 400 jegarar elg hausten 2006.


-- Folk har mykje hjort, og ønskjer ikkje alt kjøtet sjølve. Difor vert det mykje utleige til ein altfor dårleg pris, seier Horstad som er bonde i tillegg til jobb i kommunen.


-- Bønder er ikkje vane med å ta seg betalt for det dei held på med, og er ikkje vane med å ha pengar. Det er så billeg å jakte her at folk trur det er simpelt at dei ikkje gidd kome hit. Det skulle ha vore meir eksklusivt, seier Vassbotn, og det er einigheit rundt bordet om at det er ei stor utfordring å tjene pengar på den ressursen ein har.


-- Eit anna alternativ, er å auke grunnprisen på fellingsløyva, men set du opp prisen, vil dei skyte større dyr fordi dei vil ha meir kjøt for pengane. Det dei seier er at dei vil ikkje betale meir for å få felle dyra. Vi har også hatt eit system der vi tok hundre kroner per døgn per våpen for å jakte, men når folk ikkje fekk noko, ville dei ikkje betale. Kva slags smålåtne karar er det vi er som ikkje kan ta oss betalt, seier Horstad.


-- Husmannsånd. Ein har ikkje vit til å ta seg betalt, seier Vassbotn oppgitt.


<2>Tenke marknad

<4>Finn Olav Myhren seier det er kjent at inntekter frå hjortebestandane er ei utfordring. Frå vindauget på kontoret skuer han ut i pøsande regn, typisk vêr for områda der hjorten trivast.


-- Jaktsalget har breidd om seg, og då er det viktig at grunneigarane får tatt ut verdien av hjorten, både kjøt- og opplevingsverdi. Mange av grunneigarane som sel jaktløyver, opplever at den som jaktar sel kjøtet med forteneste. Det kan vere at ein som bonde og gardbrukar ikkje er van med å tanke marknad, og dermed ikkje er bevisst på kva dette går i. Eg jobbar med å gjere grunneigarane meir bevisst på samanhengen mellom produksjon og marknad, seier Myhren.


Eit anna problem er at dei som jaktar, ikkje er villege til å betale skikkeleg for fellingsløyva. Dette er ei utfordring i Noreg. Vi har i alle år hatt billeg jakt. Begynner ein å prise, begynner folk med ein gong å lure på om jakta skal bli så eksklusiv at dei ikkje skal sleppe til lenger. Mange vil ikkje betale for å jakte og fiske. Når mange grunneigarar opplever store tap på grunn av hjort, er dette noko ein må ta inn igjen gjennom vanleg marknadstankegang.


Myhren trur uansett aldri hjortejakta vil bli så eksklusivt. Marknaden er ikkje så stor, og det er stor eigeninteresse for å jakte blant grunneigarane som forvaltar fellingsløyva. Ei anna utfordring, er folks manglande kunnskapar om jakt.


-- Ei av dei store utfordringane, er samfunnets syn på jakt. Når folk ikkje har noko forhald til jakt, blir debatten lagt på heilt feil grunnlag.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys