Gå til hovedinnhold

Eg lurer på kor hjernevaska ein må vere for å tru på at ordet dyrevelferd i landbruk og matproduksjon har ei meining

Eg har mange gonger spurt meg kvifor ein brukar ordet "dyrevelferd". Det er ingen tvil om at ordet er utan betydning, totalt tappa for innhald, i landbruket. Den som pröver å overbevise meg om at ei ku, ökologisk eller ikkje, som står på bås i masse dritt, har eit flott liv, kan gi seg med ein gong. Det er eigentlig skremmande å sjå kva som blir godkjent innanfor det som er påstått å vere dyrevelferd, og det er skremmande å skulle vere ein som opererer innanfor dette feltet. Det er skremmande at mat produsert på denne måten blir markedsfört som rein og flott, den er alt anna enn rein og flott. Eg lurer på kor hjernevaska ein må vere for å tru på at ordet dyrevelferd i landbruk og matproduksjon har ei meining. Ein må iallefall vere totalt blotta for praktisk innsikt og erfaring og kunnskap om landbruk og dyr, dersom ein trur på det.

Men det er ganske rart det der: mange som har jobba lenge med dyr, ser ut til å tru at dyr trives i mökk og fluger, og at dette er ok liv for dyr. Og så har du dei utanfor, som aldri har sett inn i ein fjös, som eg trur vil ha store problemer med å forestille seg nöyaktig kor uetisk brutalt mat blir produsert her i våre vakre land i nord. Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei. Böndene har lite pengar, dei er pressa av forbrukarane som vil ha billig mat, medier som skriker opp om melka blir dyrare. Eg lurer veldig på om dei hadde klaga på matprisen om dei hadde sett kva denne klagesongen förer til av lidelser, brutalitet, effektivitetsslaveri. Kor mange gonger skal vi ha lov å skyte ein okse för den er död på eit slakteri? Norske slakteri får fritak frå påbod om at dyr skal stå bundne når dei blir skutt på slakteriet. Kvifor? Av ökonomiske årsaker. Mitt spörsmål er dette: kor mange gonger kan du skyte ein okse för du treffer, og fortsatt kalle det dyrevelferd? Det burde vere eit minstekrav at alle dyr er fiksert under avliving ved slakteri. Eg har med eigne auger så mange gonger sett bomskot på slakteri, at det er lett å fastslå at dette ikkje er noko som skjer "ein sjeldan gong". Dette er noko som skjer ofte, og som det er aksept for. Vi har lov å feile. Spörsmålet eg stiller meg er: kvar går egentlig grensa?

Ordet dyrevelferd bör slettast frå alt som omhandlar landbruksproduksjon. Det bör erstattast med ein brutalitetsskala. Kor brutalt og bestialsk og uetisk landbruk vil vi ha? Big bissniss, forbrukar- og mediekrav om låge prisar förer til ei brutalisering av dyrehaldet. Det er det ingen tvil om.

Det kan vere at norske landbruksmyndigheter bör gå ut og endre strategi. Heller enn å fortelle om kor fantastisk norsk landbruk er, kan dei vise fram korleis det står til når bonden må jobbe deltid og korleis effektivisering og kostnadsbesparingar pressar fram eit stadig meir brutalt landbruk der dyreetikk og hensyn til dyrs velferd er fråverande. Vi treng ein betre ökonomi i landbruket om det ikkje skal bli enda verre. Lögna om norske kyr på beite, bör ein kutte ut.

Som dyrlege får ein eit makabert innblikk i kva som skal forestille "dyrevelferden", og det kan vere til tider tragisk å gå dennes ärend. Lovverket tillet ei ganske så brutal handtering av dyr för det blir å ansjå som eit overtramp. Litt må ein trass alt tåle, men kor går grensa? Eg berre spör. Du kan foreta deg svärt mykje bestialitet og vanstell innanfor lovens rammer. Det er egentlig heilt vanvittig. Det er särdeles perverst at ein i det heile nyttar ordet "dyrevelferd".

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...